Innhaldet i kurset vil variere noko over tid, men vil handle om teoriar og metodar for utvikling av språklege modellar og bruksområder. Aktuelle emne er t.d. kunnskapsrepresentasjon, semantiske nettverk, mønstergjenkjenning, søkjestrategiar, regelbaserte system, maskinell læring, nevrale nettverk, kvantitative modellar, og evolusjon. Eksempel på språkteknologiske bruksområde er grensesnitt mellom menneske og maskin, maskinomsetjing, korrekturlesing, informasjonssøking i tekst og informasjonsteknologiske hjelpemiddel for funksjonshemma.
Dette emnet eignar seg også for studentar på informatikk, informasjonsvitskap og humanistisk informatikk.
Målet med kurset er å gjere studenten kjend med modelleringsmetodar, t.d. frå kunstig intelligens og maskinlæring, og applikasjoner.
Kunnskapar
Kandidaten kan ...
Ferdigheiter
Kandidaten kan...
Generell kompetanse
Kandidaten kan...
Førelesingar, øvingar på datamaskin og rettleiing.
Om lag 3 timar pr. veke.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.
Karakterskala A-F.