Emner: MABARN314 Omsorgsutøvelse, barns utvikling og beslutninger i barnevernet - Vår 2020




Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng.

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningsspråk

Norsk, somme førelesingar kan vere på engelsk.

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Emnet skal gje studentane utdjupande kunnskap om forsking og teori knytt til omsorgsutøving og barn si utvikling.. Vidare har emnet eit særleg fokus på undersøkingar og avgjerder i barnevernet. Emnet skal også gje studentane gode ferdigheiter i oppgåveskriving.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskapar:

Studenten¿

 

Ferdigheiter:

Studenten¿

 

Generell kompetanse:

Studenten¿

kan reflektere kritisk over dei dilemma som kan oppstå som følgje av barnevernet sitt samansette mandat og verdigrunnlag og kva dette kan ha å seie for utforming av ein profesjonell rolle, for avgjerdsevne og handlingskompetanse

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett på masterprogrammet i barnevern.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga er samlingsbasert og vert gjeve på til saman tre to dagars samlingar.Det blir til saman gjeve 18 førelesingstimar og 12 timar seminar/gruppeorganisert undervisning.

Det er venta at studenten set seg inn i relevant litteratur og arbeider aktivt med skriftlege oppgåver. Det blir lagt vekt på prosessorientert skriving med kommentering av medstudent/lærar og IKT-basert læringsstøtte.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er 80 % frammøteplikt på seminara.

To øvingsoppgåver knytte til læringsmålet for emnet. Talet på ord: 1750 (litteraturliste ikkje inkl.) 600 ord på annoteringsoppgåva.

Vurderingsformer

Heimeeksamen, 5 dagar.
Talet på ord: 3000 (+/- 10%, litteraturliste ikkje inkl.).

Karakterskala

Ved sensur av emnet brukast karakterskalaen A til F.

Vurderingssemester

Haust

Litteraturliste

Kjernelitteraturen på kurset utgjer ca. 1000 sider. Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret.

Norsk og engelskspråkleg litteratur.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og Det psykologiske fakultetet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

HEMIL-senteret

Emneansvarleg

HEMIL-senteret

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet v/ HEMIL-senteret har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

Studieveileder@psyfa.uib.no

Tlf. 55 58 27 10