Emner: MOL210 Lipidbiokjemi: Fra kjemi til sykdom - Høst 2020
Studiepoeng
10.0Undervisningsspråk
Engelsk
Undervisningssemester
Haust. Emnet har eit avgrensa tall på plassar og inngår i undervisningsopptaket.
Meir informasjon: http://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptakethttp://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket
Frist for å melda seg til undervising i emnet er torsdag veke 33 for haustsemesteret. Du får svar på Studentweb seinast tysdag veka etter om du har fått plass på emnet.
Første forelesning/orienteringsmøtet er obligatorisk,du mistar undervisingsplassen i emnet om du ikkje stiller denne dagen.
Tidspunkt for første forelesning/orienteringsmøtet finn du på timeplanen på nettsida til emnet eller på Mitt UiB.
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Mål:
Emnet har som mål å byggja vidare på forståinga tileigna innan grunnleggjande lipidbiokjemi. Denne forståinga vert så vidareført og fordjupa med fokus på lipid sine kjemiske, molekylære og biologiske roller og korleis desse har konsekvensar for cellulær funksjon og sjukdom.
Innhald:
Emnet tek opp følgjande hovudområde: membran- og intracellulære lipiders eigenskapar og funksjonar, den biokjemiske og biologiske tydinga av protein-lipid interaksjonar, vidarekommen lipid metodologi og lipid-relaterte sjukdomar.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- kan greie ut om fosfolipiders biosyntetiske og katabolske nettverk
- kan forklara metodar for kvantitativ og kvalitative analyse av lipid
- kan skildra og forstå korleis lipid byggjer opp membranar spontant og held på plass trans-membrane protein
- kan gjøre reie for lipid-protein interaksjonar på membraner og funksjonene deira
- kan skildra lipid-modifiseringer av protein kjemisk og funksjonelt
- kan greie ut om lipid-mediert signalisering og rolla dens i cellulære prosessar
- kan skildra forskjellige lipid-medierte sjukdomar på molekylært nivå
Ferdigheter
Studenten
- er i stand til å ta i bruk ny kunnskap og prinsipp i forståelsen av molekylære mekanismar i normale cellulære prosesser og i lipid-relaterte sjukdomar
- kan delta og rapportere i et lite team gitt spørsmålsbaserte oppgåver
Generell kompetanse
- Studenten kan dokumentere avansert kunnskap i lipid biokjemi og er i stand til å bruke den i en breiare biokjemisk og biologisk samanheng
Krav til forkunnskapar
MOL100, MOL200, KJEM110 og KJEM130 (eller tilsvarande). Emnet høver best i mastergraden, tidlegast 5. eller 6. semester av bachelorgraden.
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Skriftleg semesteroppgåve er obligatorisk. Obligatorisk aktivitet er gyldig i seks semester (undervisningssemesteret og dei fem påfølgande semestra). All obligatorisk aktivitet må vere godkjend før ein kan ta eksamen.
Vurderingsformer
Skriftleg eksamen, 4 timar.
Tillatne hjelpemiddel: Ingen
Grunna tiltaka mot spreiing av Covid-19 er UiB stengd for gjennomføring av campus-eksamen. Hausten 2020 er det følgande endringar i vurdering i emnet:
- Skriftleg eksamen heime i staden for skriftleg skuleeksamen
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Fagleg overlapp
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Kontaktinformasjon
Studierettleiar ved Institutt for Biovitenskap, studie@bio.uib.no