Emner: MOL210 Lipidbiokjemi: Fra kjemi til sykdom - Vår 2020




Undervisningsspråk

Engelsk

Undervisningssemester

Haust. Emnet har eit avgrensa tall på plassar og inngår i undervisningsopptaket.

Meir informasjon: http://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptakethttp://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket

 

Frist for å melda seg til undervising i emnet er torsdag veke 33 for haustsemesteret. Du får svar på Studentweb seinast tysdag veka etter om du har fått plass på emnet.

Første forelesning/orienteringsmøtet er obligatorisk,du mistar undervisingsplassen i emnet om du ikkje stiller denne dagen.

Tidspunkt for første forelesning/orienteringsmøtet finn du på timeplanen på nettsida til emnet eller på Mitt UiB.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å byggja vidare på forståinga tileigna innan grunnleggjande lipidbiokjemi. Denne forståinga vert så vidareført og fordjupa med fokus på lipid sine kjemiske, molekylære og biologiske roller og korleis desse har konsekvensar for cellulær funksjon og sjukdom.

 

Innhald:

Emnet tek opp følgjande hovudområde: membran- og intracellulære lipiders eigenskapar og funksjonar, den biokjemiske og biologiske tydinga av protein-lipid interaksjonar, vidarekommen lipid metodologi og lipid-relaterte sjukdomar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

 

Ferdigheter

Studenten

 

Generell kompetanse

Krav til forkunnskapar

MOL100, MOL200, KJEM110 og KJEM130 (eller tilsvarande). Emnet høver best i mastergraden, tidlegast 5. eller 6. semester av bachelorgraden.

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Skriftleg semesteroppgåve er obligatorisk. Obligatorisk aktivitet er gyldig i seks semester (undervisningssemesteret og dei fem påfølgande semestra). All obligatorisk aktivitet må vere godkjend før ein kan ta eksamen.

Vurderingsformer

Skriftleg eksamen, 4 timar.

 

Tillatne hjelpemiddel: Ingen

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar ved Institutt for Biovitenskap, studie@bio.uib.no