Emner: MVK104 Griegstudier - Høst 2020




Studiepoeng

15.0

Studiepoeng, omfang

15 stp

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Norsk og engelsk

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Mål og innhald

Dette kurset undersøker Griegs musikk og hans historiske og kulturelle betyding gjennom det 19. og 20. hundreåret og opp til vår tid. Med utgangspunkt i populære førestillingar om Grieg som nasjonalromantisk komponist og ikon for nordisk musikk, er målet for kurset å gjenoppdaga Griegs produksjon og resepsjon i ein vidare norsk og europeisk kulturhistorisk kontekst. Vi vil læra meir om kjeldene til Griegs musikalske tenking i lyset av musikalske modellar frå Schumann til Gade og Lizt, og hans møte med intellektuelle som Bjørnson og Ibsen. Vi vil også lytta kritisk til ulike utøvarar sine fortolkingar og undersøka responsen frå kritikarar og publikum.

Vidare vil vi fylgje Griegs reiser gjennom europeiske storbyar som ein utøvande komponist, læra meir om histora til nokre av han mest kjende og mindre kjende verk innan ulike sjangrar.

Eit viktig tema vil vera resepsjonhistoria til Grieg, og korleis den har vorte forma og omforma etter hans død av nye generasjonar komponistar, kritikarar, forskarar og musikarar.

Ved å fylgja den dramatiske historiske utviklinga gjennom det 20. hundreåret, vil vi læra meir om Griegs betyding i norsk musikkliv, kulturpolitikk, kulturdiplomati og merkevarebygging. Grieg ¿ som ein del av lokalt, nasjonalt og globalt musikk-kultur ¿ vert framheva av offentlege hendingar som kunstnerjubileer, og dessutan gjennom bruk av musikken hans innan jazz, pop og film.

Til slutt vil vi lære meir om den profesjonelle formidlinga av Griegs musikalske arv gjennom Grieg-museet Troldhaugen og Griegsenteret.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte:

 

Kunnskap

Studenten..

 

 

Ferdigheiter

Studenten..

 

Generell kompetanse

Studenten..

Krav til forkunnskapar

Greidd førstesemesterstudier.

Tilrådde forkunnskapar

Studiepoengsreduksjon

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesingar; obligatorisk rettleiing i samband med oppgåveskriving; oppgåveseminar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Grunna koronasituasjonen har Instituttrådet IRGA, med heimel i https://regler.app.uib.no/regler/Del-2-Forskning-utdanning-og-formidling/2.2-Utdanning/2.2.2.-Forskrift-om-opptak-studier-vurdering-og-grader-ved-Universitetet-i-Bergen/Midlertidig-forskrift-om-tillegg-til-forskrift-16.-februar-2012-nr.-872-om-opptak-studier-vurdering-og-grader-ved-Universitetet-i-Bergen-grads-og-studieforskriftenMidlertidig forskrift fastsatt av universitetsstyret 28.05.2020, vedteke endringar i dei obligatoriske arbeidskrava (oktober 2020):

 

Krav om frammøte ved undervisning fell vekk for haustsemesteret 2020, grunna

koronasituasjonen.

Emneansvarleg kan tildele studentar andre arbeidskrav, til dømes

skriftlege oppgåver m.m. som ei erstatning. Omfanget og kva til arbeidskrav studenten vert

tildelt, vert vurdert i samsvar med kor mange undervisningstimar studenten har mista, og i

omsyn til læringsmålutbyttet for emnet.

 

--

Under normale høve gjeld desse krava:

 

 

All undervisning er obligatorisk. Fråvær på meir enn 20 % fører normalt til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomførte og godkjende før eksamen

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

 

 

Intern sensur med minst to sensorar.

Hjelpemiddel til eksamen

Karakterskala

Bokstavkarakterar med skalaen A, B, C, D, E, F.

Vurderingssemester

Litteraturliste

Det vert lagt opp eit lesepensum på ca. 1000 sider.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Administrativt ansvarleg

Fakultet for kunst, musikk, design v/ Griegakademiet - Institutt for musikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

studieveileder@kmd.uib.no