Emner: NORAN104 Andrespråkslæring og -undervisning - Vår 2020




Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

 

 

Undervisningsspråk

Norsk. Dansk og svensk kan òg verte brukte.

 

 

 

 

Undervisningssemester

Haust

NB! Emnet har ikkje undervisning hausten 2018

Undervisningsstad

Bergen.

Mål og innhald

Emnet har som mål å gje kunnskap om korleis ein lærer eit andrespråk, og om på kva måte læringsprosessen kan påverkast positivt gjennom undervisning. Såleis fell emnet naturleg i to delar, andrespråkslæringsteori og andrespråksdidaktikk, men dei to delane skal sjåast i samanheng.

Den språklæringsteoretiske delen av emnet omfattar mange ulike aspekt, både lingvistiske, kognitive og sosiale sider ved språklæring. Sentralt står spørsmålet om språklæring skil seg frå anna læring, og om læringsprosessen følgjer generelle og faste mønster eller varierer frå individ til individ.

Den didaktiske delen av emnet handlar om grunnleggjande rammevilkår for andrespråksundervisning, der elevens tospråklege situasjon er eit viktig utgangspunkt. Det vert teke opp korleis andrespråksundervisninga vert blir implementert for ulike målgrupper, ulike føremål og ulike skuleslag, med vekt på opplæringssituasjonen i Noreg. Hovudfokuset er på ulike typar målsetjingar for språkundervisninga, ulike modellar for undervisningsorganisering og grunnleggjande undervisningsmetodiske prinsipp, medan praktisk metodikk fell utanfor.

I emnet inngår òg grunnleggjande opplæring i analyse av innlærarspråk. Analysen integrerer språklege og læringsteoretiske problemstillingar.

Læringsutbyte

Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbyte:

Kunnskap:

Studenten

 

Dugleik:

Studenten

 

Generell kompetanse:

Studenten

 

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

NORAN101, NORAN101-F, NOSPAN101 eller tilsvarande, NORAN105 og NORAN106.

Studiepoengsreduksjon

NORAN104, NORAN104-F, NORAN603 og NORAN604 og det tidlegare emnet NORAN251-L har full overlapping med kvarandre, slik at ein berre kan få utteljing for eitt av emna.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Arbeids- og undervisningsformer

Om lag 52 timar undervisning anten i form av førelesingar eller seminar. Det kan verte aktuelt å samle undervisinga i bolkar.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk å levere to skriftlege arbeid (ei oppgåve på nynorsk og ei oppgåve på bokmål) innleverte innan fastsett frist. Det eine skriftlege arbeidet skal vere på omlag 1000 ord og det andre skal vera på om lag 1500 ord.

Godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.

Vurderingsformer

Skriftleg skuleeksamen på seks timar. Kandidaten vel sjølv målform.

Ved fastsetjinga av karakter vert det lagt vekt på både fagleg kunnskap, sjølvstendig og kritisk vurdering, evne til problemløysing og språkføring

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Karakterskala A - F.

 

 

 

Vurderingssemester

Haust. Der er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Teoripensumet er på ca. 1000 sider av normal vanskegrad og vert fastsett av instituttet.

Studenten skal leggje opp tre innlærartekstar som kan danne grunnlag for obligatorisk aktivitet og/eller eksamen.

I tillegg til teoripensumet skal studenten gjere seg kjend med to læreverk i norsk som andrespråk, eitt for grunnskulen eller den vidaregåande skulen og eitt for vaksenopplæringa.

Han skal også ha kjennskap til gjeldande læreplanar og aktuelle retningslinjer knytte til desse.

 

 

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret for nordisk

Emneansvarleg

Fagmiljøet i norsk som andrespråk

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no