Mål:
Emnet har som mål å gi studentane eit felles utgangspunkt for studiet av norsk som eit resultat av historisk utvikling og geografisk og sosial variasjon i moderne norsk. Norsk skal òg studerast i samanlikning med dei andre nordiske språka (dansk, færøysk, islandsk, norsk og svensk). Emnet skal bidra med kunnskap som er naudsynt for norsklærarar, språkkonsulentar og andre som utøver yrke der gode norskspråklege kvalifikasjonar er eit krav. Emnet skal fremje studentane sine skriveferdigheiter i nynorsk.
Innhald:
Emnet har fire hovudtema:
(1) norsk språkhistorie frå norrønt språk til moderne talemål
(2) norsk fonologi (lydsystem) med viktige regionale varietetar
(3) geografisk og sosial talemålsvariasjon med talemålsgrammatikk og -fonologi
(4) andre nordiske språk, særleg dansk og svensk
Studiet av språkhistoria skal gi innsikt i språkutvikling generelt og framveksten av moderne norsk spesielt. Det omfattar eit mindre studium av norrønt språk som bakgrunn for å forstå dei seinare utviklingane.
Studiet av fonologi og talemål skal gi oversyn over lydleg og grammatisk variasjon i talt norsk og bidra til ei forståing av dialektar og sosiolektar som språkleg likeverdige med dei offisielle målformene bokmål og nynorsk.
Studiet av dei andre nordiske språka skal gi oversyn over grunnleggande språkhistorie og noverande språktilhøve og over forskjellar og likskapar mellom språka, særleg dansk og svensk i forhold til norsk.
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
har kunnskap om norrøn grammatikk og tilhøvet mellom skrift og uttale i norrønt
har brei kunnskap om utviklinga av norske talemål frå norrøn tid til i dag
har god kunnskap om norsk fonologi i dei viktigaste regionale varietetane
har brei kunnskap om variasjonen i moderne norske talemål
har grunnleggande kunnskap om dei andre nordiske språka, særleg dansk og svensk
Ferdigheiter
Studenten
kan bruke dei nemnde kunnskapane i praktiske oppgåver med språkleg materiale
kan omsetje ukjend tekst frå dansk og svensk til norsk og kommentere grammatiske og leksikalske utfordringar i omsetjinga
skriv korrekt og god nynorsk
Generell kompetanse
Studenten
kan gjennomføre avgrensa faglege oppgåver og formidle resultata skriftleg
kan finne, vurdere og referere til relevant faglitteratur
har innsikt i etiske problemstillingar knytte til handsaminga av språkleg materiale
kan delta i kunnskapsbaserte diskusjonar om norsk i historisk lys og om norsk talemål og uttale
Éi eller to helgesamlingar med førelesingar og oppgåvearbeid.
Nettbasert undervisning.
Pensumet er på ca. 1000 sider av normal vanskegrad og vert fastsett av den emneansvarlege i samråd med andre vitskapleg tilsette i nordisk språk.
Litteraturlista vil vere klar innan 1. juni.
Studierettleiar kan kontaktast her: evu@lle.uib.no
Eksamensadministrasjon: evu@lle.uib.no