Bachelor
Haust
Mål og innhald
Mål:
Emnet har som mål å gi studentane kunnskap om likskapar og skilnadar mellom dei nordiske språka (dansk, færøysk, islandsk og svensk, i tillegg til norsk) i fortid og notid. Eitt av språka blir studert grundigare enn dei andre.
Innhald:
Emnet har to hovudtema:
(1) nokre hovuddrag av grammatikk, uttale, ordtilfang, språkhistorie og språkpolitikk for dansk, færøysk, islandsk og svensk, med norsk som samanlikningsgrunnlag.
(2) fordjuping i enten dansk, færøysk, islandsk eller svensk, med lesing og omsetting av prosatekstar og bruk av nettbasert ordbok. Lengda på prosatekstane vert tilpassa den språklege avstanden mellom norsk og fordjupingsspråket, med kortare tekstar på islandsk og færøysk enn på svensk og dansk.
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- har grunnleggande kunnskap om grammatikk, uttale, ordtilfang, språkhistorie og språkpolitikk for dansk, færøysk, islandsk og svensk, og noko meir inngåande kunnskap om eitt av språka
Ferdigheiter
Studenten
- kan omsette ukjend prosatekst av moderat vanskegrad frå det språket som ein fordjupar seg i, til norsk med hjelp av ordbok og kommentere grammatikk og ordtilfang
Generell kompetanse
Studenten
- kan utveksle synspunkt om og vurderingar av språk og språktilhøve i Norden
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen
Undervisningsformene er førelesingar og oppgåveseminar.
Førelesingar: ca. 16 timar.
Oppgåveseminar: ca. 16 timar. Her arbeider studentane med oppgåver i tilknyting til undervisningsstoffet.
Førelesingar og oppgåveseminar kan vere fletta saman, slik at dei ikkje nødvendigvis er skilde i timeplanen.
På emnet nyttar ein heimeeksamen på 2 dagar.
Eksamenen har minst to deloppgåver.
Eksamenen skal skrivast på nynorsk og skal vere på ca. 2000 ord.
I samsvar med nasjonale retningslinjer vert det lagt vekt på korrekt og god språkbruk.
Karakterskala A - F.
Pensumet er på ca. 350 sider av normal vanskegrad og vert fastsett av den emneansvarlege i samråd med andre vitskapleg tilsette i nordisk språk.
Litteraturlista vil vere klar innan 1. juni.
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium