Emner: NOSP316 Nordisk: Språklig masteremne D - Høst 2020




Studiepoeng

15.0

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

 Master

Fulltid/deltid

-

Undervisningsspråk

Norsk og ev. dansk og svensk

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen 

Mål og innhald

Mål:

Emnet skal gi ei grundig innføring i eit avgrensa temaområde innanfor nordisk språkforsking. Det skal gi kunnskapar og ferdigheiter som går ut over det studentane har tileigna seg på bachelornivå.

Innhald:

Kva fagområde emnet dekkjer, ligg ikkje fast, men varierer frå gong til gong emnet blir tilbode. Emnet kan gi tilbod om fordjuping i til dømes morfologi, syntaks, fonologi, semantikk, språkhistorie, språkleg variasjon, språkleg tekstanalyse, namnegransking, leksikologi, leksikografi, austnordisk, vestnordisk osv.

Tema hausten 2020: Språkbruksanalyse

Éi av grunnbøkene i emnet har tittelen Språk er makt, og denne utsegna er ein sentral del av basisen til emnet. Som forfattaren av denne boka skriv: «Språket er ikkje eit nøytralt middel til samhandling, kommunikasjon og informasjonsformidling. Språket er eit sosialt maktmiddel» (Blakar 2006, omslag).

Språkbruksanalyse dreiar seg om å undersøkja autentisk språkbruk for å sjå kva ulike avsendarar brukar språket til, og kva språklege verkemiddel dei nyttar for sine formål. Emnet har innslag av tilbakeblikk til tidlegare periodar, til dømes korleis barn og unge skreiv i minnebøker gjennom 1800- og 1900-talet, og korleis vaksne markerte nærleik eller avstand ved bruk av du eller De. Vi trur dette kan bidra til å gje perspektiv til vår tids språkbruk, som gjerne kan oppfattast som «sjølvsagt» og «nøytral».

Emnet har to grunnbøker. Den første, Språk er makt, av Rolv Mikkel Blakar, er ei revidert og utvida utgåve av ei bok som kom i 1973. Forfattaren tek mellom anna for seg undertrykking av språk, avisspråk, og sosial ulikskap og språk. Den andre, How to do critical discourse analysis ¿ a multimodal introduction, av David Machin og Andrea Mayr, er ei innføring i såkalla kritisk diskursanalyse, der ein undersøkjer korleis språket vert nytta til å overtala eller manipulera mottakaren. Som undertittelen indikerer, tek boka òg for seg analyse av såkalla visuell kommunikasjon, t.d. i form av bilete (jamfør uttrykket «Eit bilete seier meir enn tusen ord»). Språk er også avmakt, noko vi vil sjå døme på ved fattigfolks brev om økonomisk støtte. Språkleg analyse av dødsannonsar viser korleis form og innhald speler på lag i ein liten, men viktig sjanger.

På pensum har vi òg tekstar som tek for seg såkalla biletleg språk, dvs. metafor og metonymi, og kva effekt desse språklege verkemidla har i konkrete tekstar. Bruken av emojiar er eit døme på bilete som har språkleg funksjon, og bruken av engelskspråkleg biletbruk i dataspel er døme på korleis subkulturar utviklar eigne bilete. Vi har òg ein pensumtekst som tek for seg ulike måtar ein kan diskriminera grupper språkleg på.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

* har avansert kunnskap på det feltet av nordisk språkforsking som emnet omfattar

* har god kunnskap om teoriar og metodar på feltet

Ferdigheiter

Studenten

* kan bruke kunnskapen frå feltet i sjølvstendige språklege undersøkingar av avgrensa omfang

* kan bruke fagrelevante metodar og vanleg brukte digitale verktøy

* kan finne fram til og vurdere kvaliteten på faglitteratur

* skriv norsk korrekt og godt

Generell kompetanse

Studenten

* kan resonnere om fagrelevante etiske problemstillingar

* kan presentere og diskutere språkvitskapleg stoff klart og forståeleg

* kan tileigne seg ny kunnskap på avansert fagleg nivå

Krav til forkunnskapar

Ingen 

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett på (1) masterprogram i nordisk språk og litteratur eller (b) lektorutdanning med master i nordisk

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga kombinerer førelesingar med seminar.

Både undervisninga og vurderinga føreset at studentane følgjer emneprogresjonen og arbeider aktivt med lærestoffet.

Det blir ikkje gitt særskild undervisning i individuelt opplagt pensum (jf. Litteraturliste).

Undervisninga blir lagd utanom dei vekene då studentar på lektorutdanninga er i langpraksis. I vekene med langpraksis vert det gitt øvingsoppgåver.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk å undervise medstudentane i ein utvald del av pensumet (ca. 30 sider). Framlegginga bør gjere bruk av presentasjonsprogramvare og skal ta 15-20 minutt.

Godkjend aktivitet er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.

Vurderingsformer

På emnet nyttar ein heimeeksamen på 7 dagar med omfang på om lag 5000 ord.

Målforma på heimeeksamen vert fastsett ved loddtrekking seinast 14 dagar før eksamenen startar.

I samsvar med nasjonale retningslinjer vert det lagt vekt på korrekt og god språkbruk.

Hjelpemiddel til eksamen

Under arbeidet med heimeeksamen har studenten uavkorta tilgang til faglege ressursar, innanfor og utanfor pensumet, og er oppmoda om å bruke desse til fulle.

Karakterskala

Karakterskala A - F.

Vurderingssemester

Haust. Der er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldige obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Pensumet er på om lag 1000 sider av normal vanskegrad.

Litteraturlista vil vere klar innan 1. juni.

Den emneansvarlege fastset pensumet. Dersom dette overlappar i vesentleg grad med pensum som studenten har hatt før, må det leggast opp eit individuelt pensum som den emneansvarlege godkjenner

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret for nordisk

Emneansvarleg

Programstyret for nordisk

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Kontaktinformasjon

studierettleiar@lle.uib.no

Institutt

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium