Emner: NOSP316 Nordisk: Språklig masteremne D - Vår 2020




Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Master

Fulltid/deltid

Undervisningsspråk

Norsk og ev. dansk og svensk

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen 

Mål og innhald

Mål:

Emnet skal gi ei grundig innføring i eit avgrensa temaområde innanfor nordisk språkforsking. Det skal gi kunnskapar og ferdigheiter som går ut over det studentane har tileigna seg på bachelornivå.

Innhald:

Kva fagområde emnet dekkjer, ligg ikkje fast, men varierer frå gong til gong emnet blir tilbode. Emnet kan gi tilbod om fordjuping i til dømes morfologi, syntaks, fonologi, semantikk, språkhistorie, språkleg variasjon, språkleg tekstanalyse, namnegransking, leksikologi, leksikografi, austnordisk, vestnordisk osv.

Tema haust 2019:

Namnegransking med vekt på stadnamn

 

Stadnamn er ein viktig del av kvardagen vår, der me bruker dei som språklege uttrykk for materielle og praktiske orienteringspunkt i landskapet me oppheld oss i. Utan stadnamna ville kvardagen vår vore kaotisk og vanskeleg å navigera i både praktisk og mentalt. Stadnamna er òg ein sentral del av identiteten, kulturen og historia vår. Alle har eit mentalt onomastikon som består av stadnamn me kjenner og kan orientera oss ut ifrå. Namna kan vera gamle, men dei kan òg vera heilt nye. På denne måten er me med på å vidareføra den kulturen som dei gamle stadnamna blei til under, samstundes som me tar del i namnelaginsprosessane som skjer her og nå. Dei gamle namna fortel oss om aspekt av kvardagen som er annleis frå i dag innanfor domene som religion, samfunnsorganisering, resursbruk, teknologi, busetjing, kulturkontakt og korleis folk oppfatta verda omkring seg.

 

I dette kurset skal me læra meir om dei norske og nordiske stadnamnetypane, som til dømes bustadnamn og fjellnamn. Me skal utforska korleis stadnamn kan fortelja oss om historie og forhistorie, kva som skjer med stadnamn i språkkontaktsituasjonar og korleis stadnamna våre er oppbygde av ordstoff og grammatikk. I kurset vil me sjå korleis namnegransking i stor grad er eit interdisiplinært forskingsfelt mellom anna med gjesteundervisning frå arkeologi, og me skal læra om meir moderne administrative tilhøve som normering av stadnamn, adressegjeving, og katalogisering og digitalisering av innsamla stadnamn.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

* har avansert kunnskap på det feltet av nordisk språkforsking som emnet omfattar

* har god kunnskap om teoriar og metodar på feltet

Ferdigheiter

Studenten

* kan bruke kunnskapen frå feltet i sjølvstendige språklege undersøkingar av avgrensa omfang

* kan bruke fagrelevante metodar og vanleg brukte digitale verktøy

* kan finne fram til og vurdere kvaliteten på faglitteratur

* skriv norsk korrekt og godt

Generell kompetanse

Studenten

* kan resonnere om fagrelevante etiske problemstillingar

* kan presentere og diskutere språkvitskapleg stoff klart og forståeleg

* kan tileigne seg ny kunnskap på avansert fagleg nivå

 

Krav til forkunnskapar

Ingen 

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett på (1) masterprogram i nordisk språk og litteratur eller (b) lektorutdanning med master i nordisk

Arbeids- og undervisningsformer

Om lag 27 timar undervisning, i hovudsak førelesingar, men òg seminar. Denne undervisninga blir lagd utanom dei vekene då studentar på lektorutdanninga er i langpraksis.

I vekene med langpraksis vert det gitt øvingsoppgåver.

Undervisningsopplegget har som føresetnad at studentane er til stades og deltek aktivt.

Det blir ikkje gitt særskild undervisning i individuelt opplagt pensum (jf. Litteraturliste).

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen.

 

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk å undervise medstudentane i ein utvald del av pensumet (ca. 30 sider). Framlegginga bør gjere bruk av presentasjonsprogramvare og skal ta 15-20 minutt.

Godkjend aktivitet er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.

Vurderingsformer

På emnet nyttar ein heimeeksamen på 7 dagar med omfang på om lag 5000 ord.

Målforma på heimeeksamen vert fastsett ved loddtrekking seinast 14 dagar før eksamenen startar.

I samsvar med nasjonale retningslinjer vert det lagt vekt på korrekt og god språkbruk.

Hjelpemiddel til eksamen

Under arbeidet med heimeeksamen har studenten uavkorta tilgang til faglege ressursar, innanfor og utanfor pensumet, og er oppmoda om å bruke desse til fulle.

Karakterskala

Karakterskala A - F.

Vurderingssemester

Haust. Der er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldige obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Pensumet er på om lag 1000 sider av normal vanskegrad.

Litteraturlista vil vere klar innan 1. juni.

Den emneansvarlege fastset pensumet. Dersom dette overlappar i vesentleg grad med pensum som studenten har hatt før, må det leggast opp eit individuelt pensum som den emneansvarlege godkjenner

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

 

Programansvarleg

Programstyret for nordisk

Emneansvarleg

Programstyret for nordisk

Administrativt ansvarleg

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Kontaktinformasjon

studierettleiar@lle.uib.no

Institutt

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium