Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar:
Studenten ..
*viser kunnskap om skulen som organisasjon og samspelet mellom dei ulike aktørane i og omkring organisasjonen
*viser kunnskap om skulen som samfunnsinstitusjon
*viser kunnskap om ulike yrkesetiske perspektiv i lærarprofesjonen og korleis desse vert uttrykt i styringsdokument for skulen
*viser kunnskap om ulike måtar å undersøke opplæring, utvikling og deltaking i klasserommet
Ferdigheiter:
Studenten ..
*kan drøfte problemstillingar knytt til utdanning og medborgarskap i lys av praksis, faglitteratur og lovverk
*kan analysere og diskutere ulike profesjonsetiske standpunkt med tanke på eiga yrkesutøving
*nytter informasjon frå ulike typar undersøkingar til å drøfte undervisning og læring
Generell kompetanse:
Studenten ..
* deltar i ein fagleg diskusjon knytt til skulen si rolle i samfunnet
*har ei kritisk og undersøkande haldning til utøving av profesjonelt arbeid som
Undervisninga vert organisert i opne førelesingar og gruppevise seminar. Seminarundervisninga legg vekt på diskusjon. Det vert forventa at studentane førebur seg ved å lese avtalte tekstar i forkant av seminara. Studentane skal i løpet av semesteret utarbeide ein skriftleg presentasjon av ein case knytt til eksamensteksten. Kvar student har tilbod om ein time individuell rettleiing frå seminarleiar.
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:
Skriftleg casebasert semesteroppgåve.
Semesteroppgåva skal svare på ein sjølvvald problemstilling knytt til ein case utarbeidd i praksisperioden. Oppgåva er ein tekst som har blitt bearbeidd gjennom rettleiing og fagfelletilbakemelding gjennom store deler av semesteret. Omfang 3000 ord +/- 10%.