Bachelor
Norsk (Noen emner kan bli undervist på engelsk)
Haust
Bergen
Emnet skal gje studentane kunnskap om grunnleggande metodar og prosedyrar innanfor åtferdspsykologi, eksperimentelle studiar frå grunnforsking, kunnskap om opphavet til kjende teoriar om læring, grunnleggande omgrep og bruk av disse, moderne teoretiske og empiriske bidrag og nytta metodar og kunnskapar innan anvendt psykologi.
Studenten skal ved avslutta emne ha følgande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten har
kunnskap om og kan drøfta teoriar og empiriske funn, sentrale læringsprosedyrer knytt til:
Studenten kan bruka læringspsykologiske bidrag til forståinga av menneskelege fenomen innan:
Studenten kan bruka læringspsykologi i område som høyrer til kvardagslivets psykologi, for eksempel:
Ferdigheiter
Studenten
Generell kompetanse
Studenten kan
Det er tilrådd at studentane har kunnskap i psykologi tilsvarande førsteårsstudiet i psykologi. Kjennskap til læringspsykologi og biologisk psykologi er ein føremon ved deltaking på emne.
Emnet krev studierett på eit av følgjande studieprogram:
Det er 2 obligatoriske fleirvalsprøvar om klassisk og instrumentell betinging fordelt over semesteret.Kvar prøve har eit omfang på 60 minutt og inneheld 60 spørsmål. Studenten må svara rett på minst 36 av spørsmåla (60 %) for at prøven skal vera godkjent. 2 skriftlege rapportar basert på programmet "Sniffy the virtual rat" skal leverast og godkjennast. Omfang for kvar rapport er 6-9 sider. Obligatoriske krav må vere godkjent før ein kan ta eksamen i emnet.
Dei fire obligatoriske aktivitetane er gyldige i 3 semester (det semesteret ein gjennomfører aktivitetane og dei to følgande semestra).
4 timars skuleeksamen der kandidatane svarer på to av tre oppgåver. Oppgåvene er knytte til læringsutbytet og skal spegla kunnskapane til studenten.
Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F.
Anbefalt litteratur er satt saman av omlag 1000 sider fordelt på bøker og artikkelsamling.
Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.
For meir informasjon, ta kontakt med Informasjonssenteret ved Det psykologiske fakultet på tlf.: 55 58 27 10 eller e-post: studierettleiar.psyfa@uib.no