Emner: SANT104 Culture, Meaning and Communication - Høst 2020
Studiepoeng
15.0Undervisningsspråk
Engelsk
Undervisningssemester
Haust
Mål og innhald
I sosialantropologien er det sentralt å forstå sosiale handlingar og hendingar i lys av dei ulike meiningar folk tilskriv dei. Kultur er eit sentralt omgrep i faget, og emnet gjer greie for ulike sosialantropologiske perspektiv på kulturell meining både på personnivå og som ein kollektiv, sosial storleik. Emnet tek for seg nokre temaområde der meiningsdimensjonen vert særs synleg, slik som ordninga av røynda (klassifikasjon), grunnleggjande verdsåskoding (kosmologi), teikn og kommunikasjon, forvalting av kunnskap, religiøse førestellingar og konstruksjonar av tid og historie (sosialt minne). Det vert lagt særskilt vekt på å forstå meining som sosial praksis, det vil seie korleis røyndomsorienteringar skapast, vert halde ved like og utfordra gjennom sosialt liv, og korleis produksjon av meining er vevd inn i sosiale relasjonar, økonomiske transaksjonar og utøving av makt. Praksisar metta med meining, slik som ritual, seremoniar, karneval, hekseri, magi, åndeinntrenging og tusenårsrørsler, står difor sentralt i emnet.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
- kunne gje oversyn over sentrale faghistoriske debattar i antropologiske studiar av kultur, meining og kommunikasjon
- kunne gje oversyn over sentrale teoretikarar og etnografiske bidrag i det antropologiske studiet av symbol, ritual, religion og meiningas rolle i utforming av kultur og sosiale relasjonar
Ferdigheiter
- kunne nytte sentrale omgrep og perspektiv i det antropologiske studiet av kultur, meining og kommunikasjon
- kunne gjere greie for korleis meining kan inngå i sosiale relasjonar og komme til uttrykk gjennom ulike kulturelle medie
Generell kompetanse
- kunne gjere greie for korleis meining skapar sosialt liv og livsverdenar
- ha evne til analytisk tenking og kan gjere bruk av sosialantropologiske omgrep og perspektiv for å forstå lokale og globale samfunnsprosessar
- kjenne til hovudtrekka i kvalitativ metode og kan reflektere over desse
- kunne lese og skrive akademiske tekstar innanfor fagspesifikke sjangrar
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
SANT100, SANT150
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar ved UiB
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Førelesingar, litteraturseminar, etnografisk film og kommentarar til arbeid med skriftlege oppgåver.
3-4 timer undervising pr veke
7-8 veker, ca. 26 timer førelesning
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Oppgåveinnlevering undervegs på 1500 ord (+/- 10 prosent). Oppgåva må vere godkjend for å kunne gå opp til eksamen. Godkjend oppgåve er gyldig inneverande og påfølgjande semester.
Vurderingsformer
Skuleeksamen 8 timar
Oppdatering: Vurderingsform endra frå skuleeksamen til 5 dagar heimeeksamen hausten 2020 som del av tiltak for å hindre spreiing av koronaviruset.
Karakterskala
Emnet vert karaktersett med bokstavkarakterar A-F.
Vurderingssemester
Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret og påfølgande semester (ordinær eksamen for studentar med gyldig godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet).
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Kontaktinformasjon
studieveileder@sosantr.uib.no
55 58 92 50 / 55 58 94 51
Institutt
Institutt for sosialantropologi