Emner: SANT301 Antropologisk kunnskapsproduksjon og etnografisk praksis - Vår 2020
Studienivå (studiesyklus)
Master
Undervisningsspråk
Norsk/engelsk
Undervisningssemester
Haust
Mål og innhald
Emnet tek opp metodiske og kunnskapsteoretiske områder i faget. Det går inn på aktuelle og sentrale problemstillingar, og tek opp teoridanning og debattar med ei primær målsetjing om å utvikle studentane sine eigne forskingsferdigheiter. Emnet gjev eit kritisk inntak til antropologisk forskingspraksis og kunnskapsproduksjon: deltakande observasjon og feltarbeid, produksjon og handsaming av data, framstelling og analyse av empirisk materiale, og argumentutforming. Det viser analytiske framgangsmåtar ved bruk av aktuelle teoretiske perspektiv til konkrete forskingsformål, der faget sitt sentrale heilskapsperspektiv på samfunn og kultur vert teke vare på.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
- definere det spesifikke ved antropologisk kunnskap og forklare korleis den vert tileigna
- ta sjølvstendige faglege posisjonar og reflektere over dei mest sentrale omgrepa faget nyttar
- ha oversikt over antropologisk feltmetode og oppdagingsprosedyrar
Ferdigheiter
- kunne gjere greie for den antropologiske feltmetode og oppdagingsprosedyre
- kunne reflektere over grunnleggjande etiske problemstillingar som antropologiske studiar aktualiserer i felt og i skrift
- drøfte eigen og andre studentars tekstar i fagleg forum
Generell kompetanse
- gjere greie for det særeigne tilhøvet mellom observasjon, data og analyse i sosialantropologi
- kunne nytte ulike teoretiske perspektiv på eit variert empirisk materiale
- handtere uventa situasjonar og dilemma under forskingsprosessen
- ta sjølvstendige faglege posisjonar og forhalde seg reflektert til dei mest sentrale antropologiske omgrepa faget nyttar
Krav til forkunnskapar
Bachelor i sosialantropologi eller andre godkjende bachelorgrader med fordjuping i sosialantropologi
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar på masterprogrammet i sosialantropologi.
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar og seminar
2-8 timer per veke
12 veker
40-60 timer totalt
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Innlevering av essay på 1500 ord (+/- 10 prosent), som vert lagt fram til munnleg drøfting i plenum.
Essayet må vera godkjend for å kunne gå opp til eksamen. Godkjend obligatorisk aktivitet er gyldig inneverande og dei 3 påfølgjande semestera.
Vurderingsformer
8 timar skuleeksamen
Karakterskala
Karakterskala A-F
Fagleg overlapp
Nei
Vurderingssemester
Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret og påfølgande semester (ordinær eksamen for studentar med gyldig godkjent obligatorisk undervisningsaktivitet).
Emneevaluering
Emnene blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Kontaktinformasjon
Institutt for sosialantropologi
Fosswinckelsgate 6
5007 Bergen
E-post: Studieveileder@sosantr.uib.no
Telefonnr: 55 58 92 50 / 55 58 92 63
Heimeside: http://www.uib.no/antro/