Emner: SDG110 Perspektiver på bærekraftig utvikling - Høst 2020




Studiepoeng

10.0

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Haust.

 

Emnet har eit avgrensa tall på plassar og inngår i undervisningsopptaket. Søknadsfristen er torsdag i veke 33 for haustsemesteret. Meir informasjon: http://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket

 

Tidspunkt for første forelesing/orienteringsmøtet finn du i timeplanen på nettsida til emnet eller på https://mitt.uib.no/login/ldapMitt UiB.

Det er obligatorisk oppmøte på første førelesning.

Mål og innhald

Emnet er eit innføringsemne i berekraftig utvikling og gjev eit fleirfagleg perspektiv på konsekvensane av globale miljøendringar og endringar i sosioøkonomiske høve. Pensum er tverrfagleg og kombinerer prinsipp og kunnskap frå naturvitskapane og samfunnsvitskapane. Sentrale tema er energi, klima, biologisk mangfald, økosystem tenester, ferskvatn-ressursar, marine system, matproduksjon, helseutfordringar, urbanisering, globale miljøendringar, samt historikk og etiske aspekt ved berekraftsagendaen. Dei store globale berekrafts-utfordringane og deira påverknad, samt risiko, vil bli presentert i lys av internasjonale rammeverk og ny forsking. Emnet vil gi studentane eit utgangspunkt for å betre forstå betydinga av FNs berekraftmål og setja desse i samanheng med dei pågåande globale endringsprosessane vi ser i dag.

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studenten ha tileigna seg følgande kunnskap, evner og kompetanse.

 

Kunnskap

Studenten skal kunne:

 

Ferdigheiter

Studenten skal kunne:

 

Generell kompetanse

Studenten skal kunne:

Krav til studierett

Emnet er opent for studentar frå alle fakultet. Studentar som har emnet som obligatorisk eller tilrådd i sin studieplan vil bli gitt prioritet ved kapasitetsproblem.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk semesteroppgåve.

Studentane blir delt inn i små grupper etter tema innanfor berekraftig utvikling. Kvar gruppe skal skrive eit essay på inntil 6000 teikn som tel 20% på endeleg karakter.

Læringsprosess:

  1. Skriftleg førsteutkast blir sendt til medstudentar for fagfellevurdering
  2. Med bakgrunn i tilbakemeldingar i fagfellevurderingane skal essayet forbetrast
  3. Munnleg presentasjon av teamet for essayet. Munnleg tilbakemelding på presentasjonen frå undervisningsassistentar og medstudentar
  4. Essayet justerast basert på tilbakemeldingane frå munnleg presentasjon før endeleg innlevering av essayet
  5. Kvar enkelt skal i etterkant evaluere gruppearbeidet, studentar som i mindre grad har bidratt i gruppearbeidet vil få lågare poengsum

Vurdering av semesteroppgåva er basert på følgande:

Studentane må bidra på semesteroppgåvearbeidet for å bestå obligatorisk undervisningsaktivitet og kunne gå opp til avsluttande eksamen i emnet.

Den obligatoriske aktiviteten er berre gyldig i semesteret aktiviteten blir fullført i.

Vurderingsformer

Grunna tiltaka mot spreiing av Covid-19 er UiB stengd for gjennomføring av campus-eksamen. Hausten 2020 er det følgande endringar i vurdering i emnet:

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er http://www.uib.no/student/86719/digital-eksamendigital eksamen kun i undervisingssemesteret.

På grunn av koronasituasjonen blir eksamen hausten 2020 skriftleg skuleeksamen heime i staden for skriftleg skuleeksamen på campus.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem. Evalueringar av emnet finn du i https://kvalitetsbasen.app.uib.no/?year 17&faknr&instnr`Studiekvalitetsdatabasen.

Kontaktinformasjon

Kontakt Studieseksjonen ved Institutt for biovitenskap: studie@bio.uib.no