Studieprogram: BAHF-ALLV Bachelorprogram i litteraturvitenskap - Høst 2021




Namn på grad

Bachelor i litteraturvitskap

Omfang og studiepoeng

Studieprogrammet har eit omfang på 180 studiepoeng og er normert til 3 år.

Fulltid/deltid

Programmet er organisert som eit fulltidsstudium, men kan etter søknad også takast som eit 50% deltidsstudium.

Undervisningsspråk

Normalt norsk, med mindre anna er opplyst i emneplanen for det einskilde emnet.

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Bachelorprogrammet i allmenn litteraturvitskap har ein teoretisk profil og ei internasjonal, komparativ orientering.

I sentrum for studiet står ei brei og djuptgåande innføring i dei mest vidgjetne verk i verdslitteraturen frå antikken til vår eiga tid. Faget tilbyr òg kunnskap om litterære sjangrar og teksttypar, samt litteraturteoretiske grunnlagsproblem og deira historiske variasjonar. Av desse kan nemnast sambandet mellom litteraturen, forfattaren og lesaren, og relasjonane mellom litteraturen og ulike kontekstar (historie, kultur, samfunn). Det vert òg lagt vekt på korleis litteraturen til alle tider har relatert seg til ulike sosiale, estetiske og språklege praksisar. I tillegg vil studentane få innføring i korleis litterære kanondanningar har oppstått, og kva rolle den litterære institusjonen har hatt i historia.

Studiet tilbyr opplæring i det sentrale litteraturvitskaplege omgrepsapparatet og lærer studentane å bruke dette analytisk i arbeidet med litterære tekstar og litteraturvitskaplege problemstillingar.

Studiet tilbyr ei djupare forståing av både den litteraturteoretiske tradisjonen og moderne, aktuell litteraturvitskapleg forsking. Tilhøvet mellom litteratur, retorikk, kjønn og sosiale klassar er vesentleg i denne samanhengen.

Målet med studieprogrammet er å gi eit godt grunnlag for arbeid med litteratur i ulike yrke der litteratur blir produsert og formidla.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i form av kunnskapar, dugleikar og generell kompetanse:

 

Kunnskapar

Kandidaten

 

Dugleikar 

Kandidaten

 

Generell kompetanse

Kandidaten

 

 

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Tilrådde forkunnskapar

 Ingen.

Innføringsemne

Ein bachelorgrad frå UiB skal innehalde examen philosophicum (10 studiepoeng) og examen facultatum/innføringsemne (minst 10, men ikkje meir enn 20 studiepoeng) jf. § 2.4 i Forskrift om opptak mv. ved UiB.

Det er sterkt tilrådd å ta desse emna i første semester:

- EXPHIL Examen philosophicum (10 stp.)

- ALLV100 Innføringsemne i litteraturvitskap (10 stp.)

Ein kan òg velje mellom:

- EXFAC00SK Språkkunnskap (10 stp.)

- EXFAC00AS Akademisk skriving (10 stp.)

For nokre studentar, til dømes studentar som allereie har tatt eitt eller fleire av desse emna, kan det vere ønskjeleg å byte det ut med eit anna emne. I slike høve er det viktig å ta kontakt med studierettleiar.

Obligatoriske emne

EXPHIL Examen philosophicum (10 stp.) EXFAC Examen facultatum (10 stp.)

ALLV111 Allmenn litteraturvitskap: Litteratur frå antikken til mellomalder/renessanse (15 stp.)

ALLV112 Allmenn litteraturvitskap: Eldre litteratur og poetikk frå mellomalder/renessanse til opplysningstida/romantikken (15 stp.)

ALLV113 Allmenn litteraturvitskap: Moderne litteratur og poetikk frå opplysningstida/romantikken til i dag (15 stp.)

ALLV114 Allmenn litteraturvitskap: Moderne litteraturteori (15 stp.)

 

Eitt av emna:

ALLV201 Litteraturvitskapleg fordjupningsemne I (15 stp.)

ALLV202 Litteraturvitskapleg fordjupningsemne II (15 stp.)

RET206 Litteraturvitskapleg retorikk (15 stp.)

KVIK203 Litteratur, kjønn og kultur (15 stp.)

 

Eitt av emna: 

ALLV250 Litteraturvitskapleg bacheloroppgåve (15 stp.)

ALLV254 Litteraturvitskapleg fordjupningsstudium med bacheloroppgåve (15 stp.)

Spesialisering

Bachelorprogrammet skal innehalde ei fagleg spesialisering i allmenn litteraturvitskap på 90 studiepoeng.

Spesialiseringa er sett saman av dei fire emna ALLV111, ALLV112, ALLV113, ALLV114 og to emne på 200-nivå.

 

Alle emna på 100-nivået er obligatoriske:

 

På 200-nivå skal studenten velje eitt av emna:

 

Og eitt av emna:

 

Også relevante eksamenar frå andre universitet og høgskular kan, etter særskild søknad, innpassast i dei 90 studiepoenga som utgjer spesialiseringa.

Tilrådde valemne

Studenten kan, i tillegg til spesialiseringa, velje emne innanfor skulefag, språkfag, historie- og kulturfag, estetiske fag eller andre fag som er relevante for studenten si vidare utdanning eller yrkesplanar.

Rekkefølgje for emne i studiet

Tilrådd progresjon

1. semester (haust):

Examen philosophicum, examen facultatum og ALLV100

 

2. semester (vår):

ALLV111 / Allmenn litteraturvitskap: Litteratur frå antikken til mellomalder/renessanse (15 stp.)

 

ALLV112 / Allmenn litteraturvitskap: Eldre litteratur og poetikk frå mellomalder/renessanse til opplysningstida/romantikken (15 stp.)

 

3. semester (haust):

ALLV113 / Allmenn litteraturvitskap: Moderne litteratur og poetikk frå opplysningstida/romantikken til i dag (15 stp.)

 

ALLV114 / Allmenn litteraturvitskap: Moderne litteraturteori (15 stp.)

 

4.- 6. semester:

Spesialiseringsemna på 200-nivå (30 stp.)

 

60 frie studiepoeng.

Krav til progresjon i studiet

For ein fulltidsstudent er normal studieprogresjon 30 studiepoeng kvart semester.

Studiestader

Bergen.

Delstudium i utlandet

Studentane kan ta delar av bachelorprogrammet som utvekslingsstudent i eit anna land. Dei kan velje blant Universitetet i Bergen sine avtaler i heile verda, anten for å ta delar av spesialiseringa i allmenn litteraturvitskap eller for å ta valemne i graden. Emna må godkjennast av Det humanistiske fakultet i forkant av utanlandsopphaldet.

Nokre tilrådde utvekslingsstader for litteraturvitskap er Ludwig-Maximilians Universität München, Freie Universität Berlin, Universitá degli Studi di Milano, Westphälische Wilhems-Universität Münster, Stockholms Universitet og København Universitet.

Arbeids- og undervisningsformer

Bachelorprogrammet omfattar ulike undervisningsformer; til dømes forelesing, seminar, gruppeundervisning og individuell rettleiing.

For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Undervisningsmetodar

Bachelorprogrammet omfattar ulike undervisningsformer; til dømes forelesing, seminar, gruppeundervisning og individuell rettleiing.

For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Vurderingsformer

Gjennom programmet vert studentane prøvde på ulike måtar, eksempelvis ved mappevurdering, skuleeksamen, rettleidd oppgåve og munnleg eksamen.

For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Karakterskala

Ved sensur kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:

1) Karakterskala A-F

2) Bestått/ikkje bestått

For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Grunnlag for vidare studium

Bachelorprogrammet i litteraturvitskap kvalifiserer for opptak til masterprogrammet i allmenn litteraturvitskap.

Relevans for arbeidsliv

Bachelorprogrammet i litteraturvitskap kan gi grunnlag for arbeid med litteratur i forsking, undervisning, bibliotek og innanfor andre felt der litteratur blir produsert og formidla: forlag, mediebransje, næringsliv, forfattarverksemd og offentleg forvalting.

Ved påbygging til mastergrad kan studentane kvalifisere seg for vidare studium og til forsking, formidling og undervisning på høgare nivå.

Evaluering

Bachelorprogrammet blir kontinuerleg evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet v/ Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: studierettleiar@lle.uib.no.