Studieprogram: BAHF-FRAN Bachelorprogram i fransk - Høst 2021




Namn på grad

Bachelor i fransk

Omfang og studiepoeng

Studiet har eit omfang på 180 studiepoeng og er normert til 3 år.

Fulltid/deltid

Fulltid. Om du vil ta heile eller delar av studiet som eit 50% deltidsstudium, kan du vende deg til studierettleiar.

Undervisningsspråk

Fransk og norsk

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Bachelorstudium i fransk har som mål å gje generelle og spesialiserte kunnskapar i fransk språk og franskspråkleg litteratur og kultur. Gjennom studiet av pensum og bruk av ulike læringsformer, skal ein skaffa seg god praktisk dugleik i munnleg og skriftleg fransk, samstundes som ein utviklar ei sjølvstendig haldning til stoffet.

 

Språk- og litteraturstudiet høyrer nøye saman. Gode språkkunnskapar trengst for å skjøna dei litterære verka, og inngåande kjennskap til eit representativt utval tekstar er ein føresetnad for ei nyansert forståing av det franske språket. Difor er vekselspelet mellom desse to disiplinane grunnleggjande i studiet.

 

På 100-nivå høyrer det òg med ei innføring i kultur og samfunnstilhøve i Frankrike og andre fransktalande land. Kulturkunnskapsdisiplinen dannar ein naudsynleg bakgrunn for språk- og litteraturstudiet.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbytte:

 

Kunnskap

Studenten

 

 

Ferdigheiter

Studenten

 

 

Generell kompetanse

Studenten

 

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Tilrådde forkunnskapar

For å gjennomføra studiet med godt resultat, trengst det førekunnskapar i fransk som svarar til minst nivå 2 frå vidaregåande skole.

Innføringsemne

Det er sterkt tilrådd å ta desse emna første semester: 

 

 

For nokre studentar, til dømes studentar som allereie har tatt eitt eller fleire av desse emna, kan det være ønskjeleg å bytte det ut med eit anna emne. I slike høve er det viktig å ta kontakt med studierettleiar.

Obligatoriske emne

EX.PHIL. Examen philosophicum, H (10 stp.) 

 

EX.FAC. Examen Facultatum, H, (10 stp.)

 

FRAN120 Fransk grammatikk 1, V (10 stp.)

 

FRAN121 Fransk grammatikk 2, V (10 stp.)

 

FRAN122 Innføring i fransk litteratur, V (10 stp.)

 

FRAN123 Fransk litterær analyse, H (10 stp.)

 

FRAN124 Fransk kulturkunnskap og frankofoni, H (10 stp.)

 

SEK100 Samanliknande europeiske kulturstudium, H (10 stp.) 

 

FRAN204 Fordjupning i fransk litteratur, V (10 stp.)

 

FRAN254 Fordjupning i fransk litteratur med bacheloroppgåve, V (10 stp.)

 

FRAN205 Fordjuping i fransk grammatikk og tekstlingvistikk, V (15 stp.)

 

FRAN255 Fordjuping i fransk grammatikk og tekstlingvistikk med bacheloroppgåve, V (15 stp.)

 

Studentane vel anten FRAN204 eller FRAN254, anten FRAN205 eller FRAN255. Av disse fire emna må ein velje minst eitt emne med bacheloroppgåve (FRAN254 og/eller FRAN255).

 

LITTIF200 Litteraturteori, V (5 stp.)

Spesialisering

FRAN120 Fransk grammatikk 1, V (10 stp.)

 

FRAN121 Fransk grammatikk 2, V (10 stp.)

 

FRAN122 Innføring i fransk litteratur, V (10 stp.)

 

FRAN123 Fransk litterær analyse, H (10 stp.)

 

FRAN124 Fransk kulturkunnskap og frankofoni, H (10 stp.)

 

SEK100 Samanliknande europeiske kulturstudium, H (10 stp.) 

 

FRAN204 Fordjupning i fransk litteratur, V (10 stp.)

 

FRAN254 Fordjupning i fransk litteratur med bacheloroppgåve, V (10 stp.)

 

FRAN205 Fordjuping i fransk grammatikk og tekstlingvistikk, V (15 stp.)

 

FRAN255 Fordjuping i fransk grammatikk og tekstlingvistikk med bacheloroppgåve, V (15 stp.)

 

Studentane vel anten FRAN204 eller FRAN254, anten FRAN205 eller FRAN255. Av disse fire emna må ein velje minst eitt emne med bacheloroppgåve (FRAN254 og/eller FRAN255).

 

LITTIF200 Litteraturteori, V (5 stp.)

 

Tilrådde valemne

I tillegg til ex.phil., ex.fac. og spesialiseringa inneheld programmet 70 frie studiepoeng. Merk at introduksjonsemnet reknast med i dei frie studiepoenga. 

 

I dei frie studiepoenga kan studenten velje emne som er relevante for studenten si vidare utdanning eller yrkesplanar.  Ta gjerne kontakt med studierettleiar om tilrådde valemne.

Rekkefølgje for emne i studiet

Tilrådd rekkjefølgje for emne i studiet:

 

1. semester (haust)

 

 

2. semester (vår)

 

 

3. semester (haust)

 

 

4. semester (vår)

 

For å oppretthalde kontinuitet i franskopplæringa tilrår vi å ta 200-nivå i det 4. semesteret. Studentar som tek frie studiepoeng i eit fag med oppstart på våren, tek 200-nivå i det 6. semesteret.

 

 

Studentane vel anten FRAN204 eller FRAN254, anten FRAN205 eller FRAN255. Av disse fire emna må ein velje minst eitt emne med bacheloroppgåve (FRAN254 og/eller FRAN255).

 

LITTIF200 Litteraturteori, V (5 stp.)

 

5. semester (haust)

 

 

6. semester (vår)

 

Krav til progresjon i studiet

For ein fulltidsstudent er normal studieprogresjon 30 studiepoeng kvart semester.

Studiestader

Bergen

Delstudium i utlandet

Eit utvekslingsopphald ved eit franskspråkleg universitet er ein forventa og fagleg tilrådd del av studiet. Utvekslinga går normalt føre seg i det femte eller sjette semesteret. Ein kan òg velje å vere på utveksling eit heilt år.

Tilrådde utvekslingsstader finn ein på nettsida til studieprogrammet: http://www.uib.no/studieprogram/BAHF-FRAN Det blir gitt informasjon om utvekslingsopphaldet gjennom informasjonsmøte og rettleiing i løpet av studietida.

Ein kan òg velje frå Universitetet i Bergen sine avtaler med studiestader i heile verda. All informasjon om utveksling finn ein på www.uib.no/utveksling.

Arbeids- og undervisningsformer

Gjennom ulike undervisingsformer får studentane moglegheit til å studere og nærme seg faget på ulike måtar. Undervisninga er forskingsbasert og føreset aktiv deltaking frå studentane. 

Arbeidsmetodar og undervisingsformer kan vere førelesingar, seminar, gruppearbeid, skriftlege og munnlege presentasjonar, omgreps- og problemfokuserte oppgåver, problembasert læring, rettleiing og praktisk bruk av digitale verktøy.

 

For nærare informasjon, sjå dei einskilde emneplanane.

Undervisningsmetodar

Programmet omfattar ulike undervisningsformer, til dømes førelesingar, seminar, gruppeundervisning og individuell rettleiing.

Sjå emneplanen for det einskilte emnet.

Vurderingsformer

Gjennom studiet møter studentane ulike vurderingsformer. Til dømes skriftleg skuleeksamen, rettleidd oppgåve,  heimeeksamen, munnleg presentasjon, munnleg prøve og mappevurdering.

 

Vurderingsformene er tilpassa læringsutbyttet i dei ulike emna.

 

For nærare informasjon om vurderingsformer, sjå dei einskilde emneplanane. 

Karakterskala

Ved sensur av emna i programmet kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:

1) A-F, der F er stryk

2) Greidd/ikkje greidd

Sjå emneplanen for det einskilte emnet.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål og vitnemålstillegg blir skrive ut etter at graden er fullført.

Grunnlag for vidare studium

Med eit karaktersnitt på C i spesialiseringa kvalifiserer programmet for opptak til masterprogram i fransk ved UiB.


Studentar som planlegg å ta PPU, må sørge for å få dekka opptakskrava i løpet av studiet sitt. Informasjon finn ein på http://www.uib.no/studieprogram/PRAPEDwww.uib.no/studieprogram/PRAPED

Relevans for arbeidsliv

Ein bachelorgrad i fransk er relevant for arbeid innan skule og utdanning, kultur, media og kommunikasjon. Utdanninga gir eit godt grunnlag for å arbeide med ulike typar kunnskaps- og kulturformidling og er etterspurd i offentleg og privat sektor, til dømes i turist- og eksportnæringen, i utenrikstenesten og i internasjonale organisasjonar.

Evaluering

Bachelorprogrammet blir kontinuerleg evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Skikkavurdering og autorisasjon

Programmet har ikkje krav om skikkavurdering eller autorisasjon.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet

Administrativt ansvarleg

Institutt for framandspråk ved Det humanistiske fakultet har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

mailto:Studierettleiar@if.uib.nomailto:Studierettleiar@if.uib.no

mailto:Studierettleiar@if.uib.noStudierettleiar@if.uib.no


Tlf 55 58 93 70