Studieprogram: BAHF-NOLIS Bachelorprogram i nordisk språk og litteratur - Høst 2021




Namn på grad

Bachelor i nordisk språk og litteratur

Omfang og studiepoeng

Studieprogrammet har eit omfang på 180 studiepoeng og er normert til 3 år.

Fulltid/deltid

Fulltid, deltid etter søknad

Undervisningsspråk

Norsk (ev. dansk og svensk). På frie emne kan undervisningsspråket vere engelsk, eller framandspråk på dei ulike framandspråksstudia.

Studiestart - semester

Haust.

Mål og innhald

Målet for studiet er å gje studentane kunnskapar i nordisk språk og litteratur i eldre og nyare tid, forståing av språket og litteraturen som ein sentral del av den nasjonale kulturen og av samspelet mellom språk, litteratur og samfunn. Hovudvekta ligg på norsk. Utanom norsk (bokmål og nynorsk) femner dei nordiske språka om dansk, svensk, islandsk og færøysk.

 

Reint praktisk skal studiet gje grunnlag for betre skrivedugleik i både bokmål og nynorsk og kompetanse for undervisning i ulike skuleslag (i kombinasjon med praktisk-pedagogisk utdanning) og for arbeid med språklege og litterære emne i andre yrkestilhøve.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleikar og generell kompetanse:

 Kunnskapar

Kandidaten

Dugleikar

Kandidaten

Generell kompetanse

Kandidaten

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Tilrådde forkunnskapar

Gode kunnskapar og skriftlege ferdigheiter i bokmål og nynorsk, helst karakteren 4 eller betre frå vidaregåande skule.

Gode leseferdigheiter i engelsk.

Innføringsemne

Examen philosophicum (10 stp) (obligatorisk)

Examen facultatum: Språkkunnskap (10 stp) (sterkt tilrådd)

NORD100 Innføring i nordistikk (10 stp) (obligatorisk)

Obligatoriske emne

* NORD100 Innføring i nordistikk (10 studiepoeng)

* NOLI102 Nordisk: Litteratur etter 1900 (15 studiepoeng)

* NOLI103 Nordisk: Den eldre litteraturen (15 studiepoeng)

* NOSPAN101 Moderne norsk (15 studiepoeng)

* NOSP105 Nordisk: Språkhistorie og talemål (10 studiepoeng)

* NOSP106 Nordisk: Den nordiske språkgreina (5 studiepoeng)

 

* Eitt av desse emna:

o NOLI250 Nordisk: Litterær analyse og teori med BA-oppgåve (15 studiepoeng)

o NOSP256 Nordisk: Språkleg fordjupingsemne A med BA-oppgåve (15 studiepoeng)

o NOSP257: Nordisk: Språkleg fordjupingsemne B med BA-oppgåve (15 studiepoeng)

 

* Eitt av desse:

o ISL103 Islandsk grammatikk og fonetikk (15 studiepoeng)

o ISL104 Islandsk språk og samfunn (15 studiepoeng)

o LEX200 Ordkunnskap og norsk ordboksarbeid (15 studiepoeng)

o NOFI101 Norrønt språk (15 studiepoeng)

o NORAN104 Andrespråkslæring og -undervisning (15 studiepoeng)

o RET205 Nordisk retorikk (15 studiepoeng)

o kombinasjonen av NOFI106 Norrøn mytologi (5 studiepoeng) og NOFI112 Norrøn litteratur i

omsetjing (10 studiepoeng)

Spesialisering

* NOLI102

* NOLI103

* NOSPAN101

* NOSP105

* NOSP106

* NOLI250 eller NOSP256 eller NOSP257

* ISL103 eller ISL104 eller LEX200 eller NOFI101 eller NORAN104 eller RET205 eller kombinasjonen av NOFI106 og NOFI112

Tilrådde valemne

Studenten kan velje emne innanfor skulefag, språkfag, historie- og kulturfag, estetiske fag eller andre fag som er relevante for studenten si vidare utdanning eller yrkesplanar. Det er tilrådd at valemna utgjer ein naturleg heilskap.

 

Dersom ein planlegg ei karriere som lærar, må ein bruke dei valfrie studiepoenga til å ta 60 studiepoeng i eit skulefag i tillegg til nordisk. I kombinasjon med praktisk-pedagogisk utdanning vil utdanninga då kunne gi undervisningskompetanse på ungdomstrinnet i grunnskulen, i vidaregåande skule og i vaksenopplæring.

Rekkefølgje for emne i studiet

* 1. semester (haust): ex.phil., ex.fac. Språkkunnskap og NORD100

* 2. semester (vår): NOLI102 og NOSPAN101

* 3. semester (haust): NOLI103, NOSP105 og NOSP106

* 4. og 5. semester (vår og haust): frie studiepoeng

* 6. semester (vår): (a) NOLI250 eller NOSP256 og (b) ISL104 eller NOFI101 eller RET205 eller kombinasjonen av NOFI106 og NOFI112

Krav til progresjon i studiet

Full studieprogresjon er 30 studiepoeng kvart semester.

Studiestader

Bergen.

Delstudium i utlandet

Det er mogleg å ta delar av studiet i utlandet, og universitetet har utvekslingsavtalar med mange institusjonar over det meste av verda. Det er viktig at ein finn ein institusjon med eit fagtilbod som passar for den einskilde studenten, og valet av utanlandsopphald blir gjort i samråd med studierettleiaren.

Det er tilrådd at eit utanlandsstudium blir lagt i 6. semester, slik at det inngår i spesialiseringa. Studierettleiar kan gi råd om andre ordningar.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga omfattar førelesingar og ulike former som legg til rette for studentaktivitet: seminar, oppgåveseminar, kollokvium.

På ein del emne skriv studentane oppgåver som dei får tilbakemelding på frå faglæraren, og på somme emne bidreg studentane til undervisninga ved å få ansvar for avgrensa delar av pensumet.

Undervisningsmetodar

Undervisninga omfattar førelesingar og ulike former som legg til rette for studentaktivitet: seminar, oppgåveseminar, kollokvium.

På ein del emne skriv studentane oppgåver som dei får tilbakemelding på frå faglæraren, og på somme emne bidreg studentane til undervisninga ved å få ansvar for avgrensa delar av pensumet.

Vurderingsformer

Det vert nytta

* heimeeksamenar av ulike lengder

* rettleidde oppgåver

* skriftlege skuleeksamenar

* munnlege eksamenar

Karakterskala

Bokstavkarakterar på alle emne som inngår i spesialiseringa.

På andre emne kan «bestått» / «ikkje bestått» bli brukt

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål blir skrive ut etter at graden er fullført.

Grunnlag for vidare studium

Bachelorprogrammet i nordisk språk og litteratur kvalifiserer for opptak til masterprogrammet i nordisk språk og litteratur.

Relevans for arbeidsliv

Kompetanse i språk og litteratur er etterspurd i mange ulike yrke og bransjar, både private og offentlege.

 

Generelt gir studiet ein praktisk og teoretisk tekst- og språkkompetanse som, kombinert med annan relevant kompetanse, kan kvalifisere for arbeid overalt der det krevst evne til språkleg formidling og til vurdering og utvikling av tekst, t.d. i undervisnings- og informasjonsarbeid, i forlag og kulturinstitusjonar, i offentlege etatar, private føretak og organisasjonar.

 

Minst 60 studiepoeng i nordisk språk og litteratur saman med minst 60 studiepoeng i eit anna skulefag kan inngå i opptaksgrunnlaget til praktisk-pedagogisk utdanning og gi undervisningskompetanse i skuleverket.

Evaluering

Bachelorprogrammet blir kontinuerleg evaluert i tråd med retningslinjene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

studierettleiar@lle.uib.no.