Ein kandidat med fullført kvalifikasjon skal ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Kandidaten
- har god kjennskap til og erfaring med dei vanlegaste tryggleiksutfordringane og sårbarheitane i data- og kommunikasjonssystem
- beherskar metodar for å sikre system mot overnemnte utfordringar
Ferdigheiter
Kandidaten
- har erfaring og kunnskap tilstrekkeleg til å delta i arbeid med å analysere tryggleik og sårbarheit i data- og kommunikasjonssystem
- kan gjere greie for og anvende programvare og teknologi for utvikling av robuste og sikre system
Generell kompetanse
Kandidaten
- har kunnskap til å evaluere juridiske og etiske sider ved utviklingsprosjekt for programvare
- har eit kritisk og analytisk blikk på eige og andre sitt arbeid
- kan på eigenhand utvide sitt kunnskapsfelt
- kan arbeide både sjølvstendig og i grupper
Generell studiekompetanse og krav om REALR2.
Følgjande emne er obligatoriske i studieprogrammet: Ex.phil., INF100, MAT101/MAT111, INF140, INF101, MNF130, STAT110, INF113, INF102, INF142, MAT121, INF143A, INF226, INF214.
Spesialiseringa i bachelorprogrammet i informatikk:datasikkerheit er på til saman 130 studiepoeng som består av følgjande emne:
1.semester: INF100, MAT111/MAT101, INF140
2.semester: INF142, INF101, MNF130
3.semester: STAT110, INF102, INF113
4.semester: INF143A, MAT121
5.semester: INF214, INF226, ex.phil
INF112, INF170, INF234, INF237, INF240A, INF241, INF242, INF243, INF244, INF245, INF247, INF250, INF270, STAT110, MAT220, MAT221.
Masterstudentar som planlegg ein mastergrad i Sikker og Påliteleg Kommunikasjon vert tilrådd å ta INF240A i 4. eller 6. semester
Ved UiB er det to typar karakterskalaer: bestått/ikkje bestått og bokstavkarakterar på skalaen A-F.
Karakterskala for kvart emne som inngår i bachelorprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.
Bachelorstudiet gjev grunnlag for masterstudiar innan relevant fagområde.
For opptak til masterprogram i informatikk er fagleg minstekrav karakteren C eller betre i opptaksgrunnlaget. Sjå eigne retningsliner for opptak til masterprogram.
Studiet gjev grunnlag for ein karriere innanfor design, implementasjon og analyse av sikkerheit og sårbarheit i data- og kommunikasjonssystem. Kandidatane har erfaring med programvare og teknologi for utvikling av robuste og sikre system. Dei har kunnskap til å evaluere juridiske og etiske sider ved utviklingsprosjekt for programvare.
Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved Institutt for informatikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.
Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: Studierettleiar@ii.uib.no
Tlf: 55 58 42 86