Studieprogram: BAMN-GEOV Bachelorprogram i geovitenskap - Høst 2021




Namn på grad

Bahelor i naturvitskap

Omfang og studiepoeng

Bachelorprogrammet i geovitskap har eit omfang på 180 studiepoeng og er normert til 3 år. Eitt studieår er estimert til omtrent 1600 arbeidstimar. Ei studieveke er omtrent 40 arbeidstimar.

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

 Norsk

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Bachelorprogrammet i Geovitskap tek føre seg jorda si samansetning og utvikling, og vert undervist ved Institutt for Geovitskap. Bachelorprogrammet gjev ei brei innføring i å forstå korleis jorda har endra seg gjennom tid og rom på global, regional og lokal skala. Konsekvensar ulike geologiske prosessane har for miljø og klima, samt danning og utvinning av energiressursar og mineralar er og viktige tema i bachelorprogrammet.

Programmet har to studieretningar; https://www.uib.no/studier/BAMN-GEOV/BAMN-GVGEOL/plangeologi og https://www.uib.no/studier/BAMN-GEOV/BAMN-GVGEOF/plangeofysikk. Desse er nær slekta, og geologar og geofysikarar arbeider med dei same temaa. Bachelorprogrammet kombinerer ei brei teoretisk plattform med praktisk arbeid. gjennom felt og ekskursjonar, modellering samt eksperimentelle og metodiske øvingar/studiar?.

Innan det som i skulen vert definert som geofag tilbyr UiB og eit bachelorprogram i https://www.uib.no/studier/BAMN-GEOFKlima, atmosfære- og havfysikk.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta grad - studieretning geologi, ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskapar

Kandidaten

 

Ferdigheiter

Kandidaten kan

 

 

Generell kompetanse

Kandidaten kan

 

Kandidaten skal ved avslutta grad - studieretning geofysikk ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Kandidaten

Ferdigheiter

Kandidaten kan

Generell kompetanse

Kandidaten

Opptakskrav

https://www.samordnaopptak.no/info/opptak/https://www.samordnaopptak.no/info/opptak/

https://www.samordnaopptak.no/info/opptak/Generell studiekompetanse og REALFA:

 

Matematikk R1 (eller S1 og S2) og i tillegg anten:

 

Matematikk R2 eller

Fysikk 1 og 2 eller

Kjemi 1 og 2 eller

Biologi 1 og 2 eller

Informasjonsteknologi 1 og 2 eller

Geofag 1 og 2 eller

Teknologi og forskningslære 1 og 2

 

Søknadsfrist er 15. april.

Tilrådde forkunnskapar

Gode forkunnskapar i matematikk er eit føremon. Vi tilrår matematikk R2 samt Fysikk (1 og 2) for dei som vel geofysikk. For studiar innan geologiretninga tilrår vi Kjemi (1 og 2).  

Innføringsemne

Innføringsemna som er obligatorisk for studieprogrammet er Examen philosophicum (EXPHIL-MNEKS / EXPHIL-MNSEM) og Matematikk MAT111/MAT101/MAT105. Matematikkemna varierer ut ifrå kva for ei studieretning du vel, samt kva for forkunnskap du har i matematikk frå vidaregåande. Har du R2 frå vidaregåande, kan du gjerne velje MAT105 i geologiretninga. Geofysikarane skal følgje MAT111, difor er R2 eit stort føremon.

Obligatoriske emne

Følgjande emne er obligatoriske for studieretninga i geologi: MAT101/MAT105, EXPHIL-MNEKS / EXPHIL-MNSEM, INF100, GEOV101, GEOV102, GEOV103, GEOV104, GEOV107, GEOV109, GEOV110, GEOV111 og GEOV114.

Følgjande emne er obligatoriske for studieretninga i geofysikk: MAT111, INF100, EXPHIL-MNEKS / EXPHIL-MNSEM, GEOV101, GEOV111, MAT121, PHYS111, GEOV112, GEOV113, GEOV265, samt to av emna: MAT112, MAT131, GEOV102, GEOV104 i 4. semester, og to av emna: GEOV107, GEOV254, GEOV272, GEOV276, GEOV277, MAT212, PHYS112, PHYS113 i 5. semester.

Spesialisering

Spesialiseringa i bachelorprogrammet i geovitskap er på til saman 100 studiepoeng for geologiretninga og 120 studiepoeng for geofysikkretninga.

 

For geologi:

 

1. semester: GEOV101

2. semester: GEOV102, GEOV111, INF100

3. semester: GEOV103, GEOV107

4. semester: GEOV104, GEOV109

5. semester: GEOV110, GEOV114

 

For geofysikk:

 

1. semester: GEOV101, INF100

2. semester: GEOV111, MAT121, PHYS111

3. semester: GEOV112, GEOV113

4. semester: GEOV265 og to av: MAT112, MAT131, GEOV102, GEOV104

5. semester: to av emna: GEOV107, GEOV254, GEOV272, GEOV276, GEOV277, MAT212, PHYS112, PHYS113

 

For geofysikkstudentane er det satt saman ei emnepakke med ulike anbefalte val. Dette gjer at du som student kan velje å spesialisere deg innan eit geologi-, matematikk- eller fysikktema.

Tilrådde valemne

For studentar i geologi er det lagt opp til 50 frie studiepoeng. For studentar i geofysikk er det lagt opp til 40 frie studiepoeng. 30 av desse studiepoenga kan du ta på utveksling i 6 semester (sjå delstudium i utlandet), eller som valemne i Bergen.

For studentar som tek den geologiske retninga vert det anbefalt å ta ein del basisemne, til dømes kjemi (KJEM109, KJEM110, KJEM120, KJEM130 og KJEM131), matematikk (MAT102, MAT121), statistikk (STAT101, STAT110), fysikk (PHYS101, PHYS111).

For studentar som tek den geofysiske retninga, vert det anbefalt å ta ein del basisemne, til dømes kjemi (KJEM109, KJEM110, KJEM130, KJEM131), matematikk (MAT112, MAT160, MAT230, MAT236), fysikk (PHYS102, PHYS113), statistikk (STAT101, STAT110, STAT111) og geologi (GEOV103, GEOV114, GEOV110).

Elles bør valemna veljast i høve til planlagt fordjuping og masterstudium eller ut i frå eigne interesser. Inntil 10 studiepoeng på 300-nivå kan inngå i den valfrie delen av bachelorgraden.

Rekkefølgje for emne i studiet

Tillrådd rekkjefølgje for emna er oppgitt under spesialisering (sjå over). EXPHIL-MNEKS / EXPHIL-MNSEM er satt opp i 4. semester for geologistudentar, og i 5. semester for geofysikkstudentar.

Ofte byggjer emna vidare på kunnskap frå andre emne og det er da oppgitt Krav til forkunnskap eller Tilrådde forkunnskapar på emna. Bachelorprogrammet i geovitenskap er bygga opp slik at dei grunnleggjande innføringsemna vert gjeve tidleg i studieløpet, og at emna blir gradvis meir avansert og tar inn nye aspekt i geovitskap utover i studieløpet.

Delstudium i utlandet

Det er i dag moglegheiter for delstudiar i ulike deler av verden; Norden (f.eks. Danmark & Island), Europa (f.eks. Frankrike, Irland, Nederland, Spania, Storbritannia, Sveits, Tsjekkia & Tyskland), i tillegg til at ein har moglegheit til å søke på universitetet sine generelle avtalar utanfor Europa (f.eks. USA & Australia). Studentar vert anbefalt å reise ut i 6.semester. Studium i utlandet krev ein del planlegging, ta derfor kontakt med studierettleiaren på programmet ditt så tidleg som mogleg. I tillegg til utvekslingslanda nemnd over bør og Universitetssenteret på Svalbard (UNIS) nemnast. UNIS gir moglegheit for studiar i unike geologiske omgjevnadar. For innpass av eit eller to semester ved UNIS, ta kontakt med studierettleiar.

Finn inspirasjon og nyttig informasjon om delstudiar i utlandet her:https://www.uib.no/student/48724/slik-reiser-du-p%C3%A5-utveksling

https://www.uib.no/student/48724/slik-reiser-du-p%C3%A5-utvekslingSlik reiser du på utveksling | Studentsider | UiB

Studentar ved GEO vil bli prioritert på de anbefalte utvekslingsavtalane for Geovitskap:https://www.uib.no/studier/BAMN-GEOV/utveksling

https://www.uib.no/studier/BAMN-GEOV/utvekslingAnbefalte utvekslingsavtalar for Geovitskap, bachelor, 3 år | Universitetet i Bergen (uib.no)

Studentar ved GEO kan søke på alle utvekslingsavtalane til Universitetet i Bergen, men emnetilboda vil variere og nokon avtalar vil prioritere studentar innanfor andre fagfelt:https://www.uib.no/utvekslingsavtaler

https://www.uib.no/utvekslingsavtalerFinn utvekslingsavtaler | Studentsider | UiB

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisningsform for enkeltemne som inngår i bachelorprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga for dei ulike emna. Undervisinga vert gjeven i form av førelesingar, praktiske øvingar, dataøvingar, gruppearbeid, feltundervising og ekskursjonar, laboratoriearbeid, og seminar. Ei studieveke med organisert undervising og eigenarbeid er estimert til ca. 40 timars arbeidsveke for studentar i geovitskap.

Undervisningsmetodar

Undervisningsform for enkeltemne som inngår i bachelorprogrammet, er omtalt i emnebeskrivinga.

Vurderingsformer

Vurderingsformer som brukast i programmet varierer frå skriftleg digital skuleeksamen til mappevurdering, rapportskriving og presentasjonar. Vurderingsform for enkeltemne som inngår i bachelorprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.

Karakterskala

Emne i bachelorprogrammet nyttar anten karakterskalaen A-F, der A er best medan F er stryk, eller karakterskalaen bestått ¿ ikkje bestått. Karakterskala for enkeltemne som inngår i bachelorprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål på norsk med vitnemålstillegg (Diploma supplement) på engelsk blir utstedt når krava til graden er fullført.

Grunnlag for vidare studium

Bachelorstudiet gir grunnlag for masterstudiar innan geovitskap og einskilde andre relevante fagområde. For å bli tatt opp til eit masterprogram skal gjennomsnittskarakter på spesialiseringa i bachelorgraden være C eller betre.

Relevans for arbeidsliv

Geovitskaplege kandidatar er etterspurde innan forsking (private og offentlege institusjonar), petroleumsindustrien, ressursforvaltning, miljøovervaking, konsulentverksemder, offentleg forvalting (kommune, fylke, stat) og i skuleverket.

Evaluering

Bachelorprogrammet vert kontinuerleg evaluert av eksterne fagfelle og gjennom interne prosessar ved instituttet, i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning. Evaluering for enkeltemne som inngår i bachelorprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet. Kontakt instituttet.

Administrativt ansvarleg

Institutt for geovitskap har ansvar for studieprogrammet. Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: Studierettleiar@geo.uib.no

 

Kontaktinformasjon

Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: Studierettleiar@geo.uib.no