Studieprogram: BAMN-GEOV Bachelorprogram i geovitenskap - Vår 2021




Undervisningsspråk

 Norsk

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Innan det som i skulen vert definert som geofag er det to ulike bachelorprogram ved Universitetet i Bergen: Bachelorprogrammet i Meteorologi og oseanografi vert undervist ved Geofysisk institutt (Allégt. 70) og studerer havet og atmosfæren. Bachelorprogrammet i Geovitskap, som omtales her, tar for seg den faste jord si samansetning og utvikling, og vert undervist på Institutt for Geovitskap (Realfagbygget, Allegt. 41).

 

Programmet gir ei brei innføring i faget sine sentrale disipliner for å oppnå ei forståing av korleis jorda har endra seg i tid og rom på global, regional, og lokal skala. Konsekvensar dei geologiske prosessane har for miljø og klima, samt danning og utvinning av ressursar som olje og gass, er også viktige tema. Programmet i geovitskap gir, i likskap med programmet i petroleumsteknologi, utdanning som blant anna vil vere relevant for petroleumsindustrien.

Programmet har to studieretningar; geologi og geofysikk. Desse er nær beslekta, og geologar og geofysikarar arbeider mot dei same måla. Forskjellen er hovudsakleg knytta til at geofysikk i større grad nyttar fjernmåling av fysiske eigenskapar, som til dømes bølgjeutbreiing (seismikk) og magnetiske, gravimetriske og elektriske felt for å studere jorda og hennar ressursar, mens geologi i større grad baserer seg på direkte observasjonar av bergartar og lausmasser i naturen.

Felles for begge studieretningar er at innsamling og analyse av feltdata er eit sentralt element ved sidan av modellering og eksperimentelle og metodiske studium. Bachelorprogrammet kombinerer ein bred teoretisk plattform med praktisk arbeid gjennom ei rekke felt- og metodekurs der ekskursjonar i inn- og utland inngår som ein viktig del av undervisninga.

 

Begge studieretningane er basert på eit felles grunnlag i geofysiske og geologiske disiplinar, samt emne i basisfag som matematikk, kjemi og fysikk, og i noen tilfelle også biologi, statistikk og informatikk. I frå 3. semester vel studentane i geofysikk mellom to ulike retningar som gir ulike emneval; anten mot geofagleg orientert problemløysing eller alternativt ei meir matematisk-fysisk retning mot teori og metodikk.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta grad - studieretning geologi, ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskapar

Kandidaten

 

Ferdigheiter

Kandidaten

 

Generell kompetanse

Kandidaten

 

 

Kandidaten skal ved avslutta grad - studieretning geofysikk ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskapar

Kandidaten

 

Ferdigheiter

Kandidaten

 

Generell kompetanse

Kandidaten

Opptakskrav

Generell studiekompetanse og REALFA:

 

Matematikk R1 (eller S1+S2) og i tillegg anten:

 

Matematikk R2 eller

Fysikk 1 + 2 eller

Kjemi 1 + 2 eller

Biologi 1 + 2 eller

Informasjonsteknologi 1 + 2 eller

Geofag 1 + 2 eller

Teknologi og forskningslære 1 + 2

Tilrådde forkunnskapar

Gode forkunnskapar i matematikk er eit føremonn. Vi tilrår matematikk på 3. klasse nivå. For studiar innan geofysikk retninga tilrår vi Fysikk (1+2). For studiar innan geologi retninga tilrår vi Kjemi (1+2).

Innføringsemne

Innføringsemna som er obligatorisk for studieprogrammet er Examen philosophicum (EXPHIL-MNEKS / EXPHIL-MNSEM) og Matematikk MAT111/MAT101/MAT105.

Obligatoriske emne

Krav til bachelorgraden i geovitenskap er ei spesialisering på til saman 100 studiepoeng for geologiretninga og 110 studiepoeng for geofysikkretninga.

For dei som vel geologiretninga inneheld spesialiseringa emna: MAT102, GEOV101, GEOV102, GEOV103, GEOV104, GEOV107, GEOV109, GEOV110, GEOV111 og GEOV114.

For dei som vel geofysikk retninga er de første to semestra like, men frå 3. semester kan studentane velje mellom to fordjupingar:

For fordjuping i geologisk retning inneheld spesialiseringa emna: PHYS101, MAT121, MAT131, GEOV101, GEOV102, GEOV104, GEOV107, GEOV111, GEOV112, GEOV113, GEOV272 og 1 av de 2 emnene GEOV103 eller GEOV254.

For fordjuping i matematisk retning inneheld spesialiseringa emna: PHYS101, MAT121, MAT112, MAT131, MAT212, GEOV101, GEOV111, GEOV112, GEOV113, GEOV254 og GEOV276.

 

Tilrådde valemne

For studentar som tek den geologiske retninga vert det anbefalt å ta en del basisfag som:

kjemi (KJEM100, KJEM110, KJEM120, KJEM122, KJEM130 og KJEM131), matematikk (MAT112, MAT121, MAT212), statistikk (STAT101, STAT110), fysikk (PHYS101, PHYS111), petroleumsteknologi (PTEK100), informatikk (INF100).

For studentar som tek den geofysiske retninga, fordjupning geologi, vert det sterkt anbefalt å ta emna: KJEM110, MAT160, PHYS102. For studentar som tek den geofysiske retninga, fordjupning matematikk, vert det sterkt anbefalt å ta emna: PHYS102, MAT230, MAT236. Utover dette vert det anbefalt å ta ein del basisfag som: fysikk (PHYS111, PHYS113), statistikk (STAT101, STAT110, STAT111), geologi (GEOV103, GEOV105, GEOV108), informatikk (INF100), matematikk (MAT112), petroleumsteknologi (PTEK100) og for nokre studentar kjemi (KJEM130, KJEM131).

Elles bør valemna velgast i forhold til planlagt fordjuping og eventuell masterstudium. Inntil 10 studiepoeng på 300-nivå kan inngå i den valfrie delen av bachleorgraden.

Rekkefølgje for emne i studiet

Tilrådd rekkefølje ser du i utdanningsplanen (og i punktet Studieløp). Ofte bygger emna vidare på kunnskap frå andre emne og det er da oppgitt Krav til forkunnskap eller Tilrådde forkunnskapar på emna.

Delstudium i utlandet

Det er i dag moglegheiter for delstudiar i ulike deler av verden; Norden (København, Island), Europa (Nederland, Frankrike, Tyskland, Storbritannia), USA (Hawaii, Montana) og Australia. Studentar vert anbefalt å reise ut i 6.semester (retning geologi) eller 5.semester (retning geofysikk). Studium i utlandet krev ein del planlegging, ta derfor kontakt med studierettleiaren på programmet ditt så tidleg som mogleg. Verdt å nemne er Universitetssenteret på Svalbard (UNIS), som gir moglegheit for studiar i unike geologiske omgivingar. For innpassing av eit eller to semester ved UNIS, ta kontakt med studierettleiar.

Finn inspirasjon og nyttig informasjon om delstudiar i utlandet her:
http://www.uib.no/utdanning/om-aa-studere/studier-i-utlandet

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisningsform for enkeltemne som inngår i bachelorprogrammet, er omtalt i emnebeskrivinga.

Undervisningsmetodar

Undervisningsform for enkeltemne som inngår i bachelorprogrammet, er omtalt i emnebeskrivinga.

Vurderingsformer

Vurderingsform for enkeltemne som inngår i bachelorprogrammet, er omtalt i emnebeskrivinga.

Karakterskala

Karakterskala for enkeltemne som inngår i bachelorprogrammet, er omtalt i emnebeskrivinga.

Grunnlag for vidare studium

Bachelorstudiet gir grunnlag for masterstudiar innan geovitskap avhengig av fordjuping. For å bli tatt opp til eit masterprogram skal gjennomsnittskarakter på spesialiseringa i bachelorgraden være C eller betre.

Relevans for arbeidsliv

Studiet gir kunnskap og kompetanse som kvalifiserer for ulike yrke. Sentrale arbeidsområde er ressursforvaltning, leiting og utvinning av olje og gass, samt klima og miljø. I skuleverket er Geofag eit linjefag i den vidaregåande skulen. Geovitskaplege kandidatar er etterspurde innan forsking (private og offentlege institusjonar), petroleumsindustrien, private bedrifter, konsulentverksemder, offentleg forvalting (kommune, fylke, stat) og skoleverket.

Evaluering

Bachelorprogrammet vert kontinuerlig evaluert av programsensor, i tråd med retningslinjene for kvalitetssikring ved UiB. Evaluering for enkeltemne som inngår i bachelorprogrammet, er omtalt i emnebeskrivinga.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet. Kontakt instituttet.

Administrativt ansvarleg

Institutt for geovitskap har ansvar for studieprogrammet. Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: Studierettleiar@geo.uib.no