Mål:
Bachelorprogrammet i kjemi har som mål å gje ei grundig teoretisk og praktisk innføring i dei ulike retningane innan kjemifaget, både i forhold til den tradisjonelle kjemifaga og i forhold til moderne, tverrfaglig bruk av kjemikunnskap.
Innhald:
Studiet tar for seg grunnleggjande teoriar og metodar innan organisk, uorganisk, fysikalsk og teoretisk kjemi. Den praktiske dimensjonen i kjemifaget blir dekka i laboratoriekurs som gir grundig opplæring i syntese, analyse og fysikalske målingar. Støttefag innan matematikk, fysikk og molekylærbiologi gir breidda som trengs for å vurdere kjemiske perspektiv i større problemstillingar, og kommunisere kjemi i ulike samanhengar.
Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Kandidaten
Ferdigheiter
Kandidaten
Generell kompetanse
Spesialiseringa i bachelorprogrammet i kjemi er på til saman 90 studiepoeng som består av følgjande emne:
KJEM110, KJEM120, KJEM130, KJEM131, KJEM123/KJEM140, KJEM210, KJEM250, KJEM291, KJEM299.
Tilrådd studieplan studievei 1 for studentar som har Kjemi 2 (3 KJ) frå vidaregåande skule:
1. semester: MOL100, MAT101/MAT105/MAT111, KJEM110
2 semester: KJEM130, INF100, MAT102
3. semester: KJEM120, KJEM131, PHYS101
4. semester: EXPHIL, KJEM123/KJEM140, KJEM210
5. semester: 3 valemne
6. semester KJEM299, KJEM291, KJEM250
Tilrådd studieplan studievei 2 for studentar som ikkje har Kjemi 2 (3 KJ) frå vidaregåande skule:
1. semester: INF100, MAT101/MAT105/MAT111, KJEM100
2 semester: KJEM130, KJEM110, MAT102
3. semester: KJEM120, KJEM131, PHYS101
4. semester: EXPHIL, KJEM123/KJEM140, KJEM210
5. semester: 2 valemne, MOL100
6. semester KJEM299, KJEM291, KJEM250
Tilrådd studieplan frå og med hausten 2021
1. semester: MOL100, MAT101, KJEM110
2 semester: KJEM130, INF100, MAT102
3. semester: KJEM120, Kjemilab1 (KJEM131), PHYS101
4. semester: KJEM123 eller KJEM140, KJEM210, EXPHIL/KJEM250
5. semester: 3 valemne
6. semester KJEM299, KJEM291, KJEM250/EXPHIL
Ved UiB er det to typar karakterskalaer: bestått/ikkje bestått og bokstavkarakterar på skalaen A-F.
Karakterskala for kvart emne som inngår i bachelorprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.
Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved Kjemisk institutt har det administrative ansvaret for studieprogrammet.
Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: Studierettleiar@kj.uib.no
Tlf: 55 58 34 45
Kjemi er læra om stoffa som alle ting er bygde opp av, om strukturen til desse stoffa, eigenskapane deira og kvar dei finst. Faget er svært viktig for å kunne forstå den fysiske verda, både tinga i dagleglivet, naturen og store delar av det teknisk baserte næringslivet vårt. Eksempel på kjemiske problemstillingar kan vere utvikling av nye og betre medisinar eller avansert materiale, oljeutvinning eller analyse av matvarer og vassprøver. Kjemistudiet gir teoretisk forståing og praktisk kompetanse innan alle hovudområde av kjemien. Arbeid på laboratoriet gir erfaring med moderne laboratorieteknikkar og utstyr.
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
I tillegg må du ha 2MX/2MY/3MZ + 3MX/3FY/3KJ/3BI/(2KJ+3BT)/(2BI+3BT)
Eit bachelorprogram i kjemi inneheld 90 studiepoeng spesialisering (1 1/2 års studium) innan kjemi eller ein godkjend fagkombinasjon. Dei resterande 90 studiepoenga inkluderer ex.phil. samt valfrie fag.
Det finst to ulike vegar, avhengig om du har Kjemi 2 (3KJ) frå vidaregåande utdanning (studieveg 1), eller om du ikkje har ein slik bakgrunn (studieveg 2).
Du som har Kjemi 2 (3KJ), startar studiet med ex.phil., eit innføringsemne i matematikk og emnet kjemi og energi. Kjemi er studiet av oppbygging, eigenskapar og reaksjonar til stoff, og dette emnet introduserer kjemien sine tre aspekt ut frå eit fysikalsk perspektiv, kombinert med mange eksempel henta frå daglegliv, industri og natur. Det er laboratoriekurs i dette emnet.
I det andre semesteret er det fokus på organisk kjemi. Det blir blant anna gitt ein generell oversikt over dei grunnleggjande stoffklassane, deira oppbygging, eigenskapar, viktigaste framstillingsmåtar og reaksjonar. Dette vil bli nytta i laboratoriekurset organisk syntese og analyse.
I det tredje semesteret tek du emna kjemien til grunnstoffa og kjemisk termodynamikk. I kjemien til grunnstoffa blir grunnstoffa sine kjemiske eigenskapar studert i forhold til plasseringa deira i det periodiske systemet. Spesielt blir det lagt vekt på typiske trekk og slektskapsforhold mellom grunnstoffa og deira kjemiske sambindingar. Vidare inngår oppbygging av og eigenskapar til sambindingane. Uorganiske sambindingar sine roller i miljø og industri, samt metallion si naturlege rolle i biologiske system, blir også gjennomgått. Kjemisk termodynamikk inneheld ein grundig gjennomgang av termodynamikken sine lover, samt utvalde emne innan elektrokjemi og reaksjonskinetikk. Emnet omhandlar blant anna kjemisk likevekt, faselikevekter, fasediagram (overgangar mellom gass, væske og faste stoff), eigenskapar til væskeblandingar og oppløysing av stoff i væsker.
I det fjerde semesteret tek du emnet syntetisk uorganisk kjemi. Dette er eit laboratoriekurs, som byggjer på kunnskapar frå emna kjemien til grunnstoffa og kjemisk termodynamikk.
Valemna er vidaregåande emne i kjemi kombinert med for eksempel molekylærbiologi, biologi, fysikk, informatikk eller matematikk. Du står delvis fritt når det gjeld val av desse emna.
I studieveg 2 er det lagt inn eit ekstra innføringsemne i kjemi (kjemi i naturen)
Studieveg 1:
1. semester:
- Ex.phil.
- Matematikk (MAT101/MAT111)
- Kjemi og energi (KJEM110)
2. semester:
- Organisk kjemi (KJEM130)
- Organisk syntese og analyse (KJEM131)
- Basisfag
3. semester:
- Kjemien til grunnstoffa (KJEM120)
- Kjemisk termodynamikk (KJEM210)
- Valemne
4. semester:
- Syntetisk uorganisk kjemi (KJEM122)
- Valemne
5. semester:
- Valemne
6. semester:
- Kjemival
- Valemne
Studieveg 2:
1. semester:
- Ex.phil.
- Matematikk (MAT101/MAT111)
- Kjemi i naturen (KJEM100)
2. semester:
- Kjemi og energi (KJEM110)
- Organisk kjemi (KJEM130)
- Basisfag
3. semester:
- Kjemien til grunnstoffa (KJEM120)
- Kjemisk termodynamikk (KJEM210)
- Valemne
4. semester:
- Organisk syntese og analyse kjemi (KJEM131)
- Syntetisk uorganisk kjemi (KJEM122)
- Valemne
5. semester:
- Valemne
6. semester:
- Kjemival
- Valemne
"Basisfag" er fag innan matematikk (MAT112, MAT121), statistikk (STAT101, STAT110), informatikk (INF100) eller fysikk (PHYS101, PHYS111). "Kjemival" er emne innan molekylærbiologi (MOL200) eller kjemi (KJEM212, KJEM250, kjemiteknikk).
Krav til bachelorgraden i kjemi er ei spesialisering på til saman 90 studiepoeng. Fagsammensetninga i spesialiseringa består av følgjande fire deler:
(1) KJEM 110 kjemi og energi, KJEM 120 Grunnstoffenes kjemi, KJEM 122 Syntetisk uorganisk kjemi, KJEM 130 Organisk kjemi, KJEM 131 Organisk syntese og analyse, KJEM 210 Kjemisk termodynamikk
(2) MAT 101 eller MAT 111
(3) Kjemivalg: Eit emne valgt blant KJEM 212 Molekylære drivkrefter, KJEM 250 Analytisk kjemi, MOL 200 Metabolisme: reaksjonar, regulering og kompartmentalisering, Kjemiteknikk I (eit emne ved Høgskulen i Bergen. Ta kontakt med studiekonsulent ved Kjemisk institutt for meir informasjon)
(4) Basisfag: Eit emne valgt blant MAT 112, MAT 121, STAT 101, STAT 110, INF 100, PHYS 101, PHYS 111
I det første semesteret blir studentar med mangelfull kjemibakgrunn frå vidaregåande skule anbefalt å velje KJEM 100. Studentar med Kjemi 2 (3KJ) eller svært god bakgrunn frå Kjemi 1 (2KJ) blir anbefalt å velje KJEM110.
Det vil vere nyttig å ta fleire av basisfaga opplista.
Valemne bør veljast i forhold til planlagt masterstudium. Nokre masterprogram har spesielle faglege opptakskrav. For studentar som vurderer å fortsetje på eit av masterprogramma i kjemi, er det nyttig å bruke valemne i kjemi til å oppnå ein fagprofil i tråd med ønsket for masterprogram. Nokre få av dei obligatoriske emna på mastergrad undervisast berre kvart andre år. For dei som ønskjer å gå vidare på mastergrad, kan det dermed være nødvendig å legge nokre av desse som valemne heilt på slutten av bachelorprogrammet.
Med kjemiutdanning vil du blant anna kunne arbeide innan følgjande bransjar:
Kjemisk industri, petroleumsindustri, matvareindustri, helsesektor, forsking, undervisning, offentlege kontrollorgan og forvalting.
Læremiddel som blir brukt i programmet står omtala under kvart einskild emne.
Programstyret i kjemi har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet. Kontakt: post@kj.uib.no
Kjemisk institutt har ansvar for studieprogrammet. Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: Studierettleiar@kj.uib.no Tlf 55 58 34 45