Fagfeltet statistikk handlar om prinsippa og metodane for å samla inn og analysere kvantitativ informasjon, og programmet vil gje ei innføring i grunnleggjande metodar og teknikkar innan statistikk og sannsynsrekning. Programmet gjev vidare god kjennskap til matematiske metodar. Analyse og tolking av store mengder data, og forståing av kva som ligg bak tala er sentralt på studiet.
Tal er meir enn berre tal, og gjennom studiet vil studenten bli i stand til å samle inn, tolke og analysere kva som ligg bak tala. Til dømes, stig den globale temperaturen? Kva er effekten av ein ny vaksine? Aukar kraftlinjer sjansen for kreft? Sidan ein viktig del av statistikk handlar om tolkingar av data, og fordi statistikkens metodar er basert på matematikk, er det ein føremon med god forståing av matematiske metodar.
Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Kandidaten
Ferdigheiter
Kandidaten
Generell kompetanse
Kandidaten
Generell studiekompetanse, Matematikk R1 (eller Matematikk S1 og S2) + R2 og i tillegg enten:
Fysikk 1 + 2 eller
Kjemi 1 + 2 eller
Biologi 1 + 2 eller
Informasjonsteknologi 1 + 2 eller
Geofag 1 + 2 eller
Teknologi og forskningslære 1 + 2
Meir informasjon finn du her: https://www.uib.no/utdanning/48685/opptak-til-grunnstudier-samordna-opptak
Krav til bachelorgraden i statistikk er ei spesialisering på til saman 100 studiepoeng, bygd opp av følgjande emne: STAT100 Introduksjon til Data Scienve med R, MAT111 Grunnkurs i matematikk I, INF100 Grunnkurs i programmering, MAT112 Grunnkurs i matematikk II, MAT121 Lineær algebra, STAT110 Grunnkurs i statistikk, STAT111 Statistiske metodar, MAT131 Differensiallikningar I, minst eit av emna STAT210 Statistisk inferens eller STAT220 Stokastiske prosessar, samt minst eit emne vald blant føljande:
STAT200 Anvend statistikk, STAT201 Generaliserte lineære modellar, STAT202 Biostatistikk, STAT211 Tidsrekkjer, MAT211 Reell analyse, eller det av emna STAT210/STAT220 som ikkje alleie er vald. I tillegg er det krav om eit prosjektskrivingskurs, STAT292, eller eit tilsvarande prosjektarbeidskurs av 10 studiepoengs omfang.
Valfridomen i slutten av programmet kan nyttast til å ta eit studieopphald i utlandet. Det finst i dag mange alternativ for studentar som ønskjer å ta eit semester eller to av utdanninga i eit anna land. Universitetet i Bergen har mange utvekslingsavtalar, både i og utanfor Europa. På bachelorprogrammet i statistikk er det valt ut spesielle samarbeidsuniversitet for å finne det fagtilbodet som passar best for studentane våre. På den måten er det mogleg å få tilbod om eit tilrettelagd utanlandsopphald som vert integrert i graden.
Sjå
Statistikk bidreg med heilt naudsynde verkty for ei rekkje ulike bransjar. Innan industrien, helsevesenet, finans og forsikring er behovet for statistikarar og forsikringsmatematikarar store.
Bachelorprogrammet i statistikk leier naturleg til ein mastergrad i statistikk, som finansteori og forsikringsmatematikk, matematisk statistikk eller dataanalyse. Det gir også mogelegheiter til masterstudier i nærliggjande fag. Statistikk er ettertrakta og tidlaus kompetanse som gir mange mogelegheiter. Med ein mastergrad i statistikk vil ein vere svært attraktiv på arbeidsmarknaden, og dei fleste av våre kandidatar har fått jobb innan industri, finans eller forsikring, som til dømes aktuar i forsikringsselskap. Nokre veljer ein forskingskarriere innanfor universitet, høgskule eller medisinske forskingssentra
For å bli faglærar i matematikk på vidaregåande skule krevst det i tillegg eit års studium i Praktisk-pedagogisk utdanning etter bachelor eller master.
Sjå
Matematisk institutt har ansvar for studieprogrammet. Eventuelle spørsmål kan sendes til studierettleiar på programmet:
Tlf 55 58 28 34.