Studieprogram: BAPS-AOP Bachelorprogram i arbeids- og organisasjonspsykologi - Vår 2021




Omfang og studiepoeng

Bachelorprogrammet i arbeids- og organisasjonspsykologi har eit omfang på 180 studiepoeng og er normert til 3 år.

Undervisningsspråk

Undervisinga vil hovudsakleg vere på norsk. Enkelte forelesingar vil kunne ha engelsk som undervisningsspråk. Valfrie emne kan ha engelsk som undervisingsspråk.

Studiestart - semester

Kvar haust. Søknad til studiet skjer gjennom Samordna opptak (SO).

Mål og innhald

Et bachelorstudium i arbeids- og organisasjonspsykologi vil gi studenten inngåande innsikt i menneskelig samhandling og kommunikasjon i arbeidslivet og betydinga av gode og dårlige arbeidsmiljø for medarbeidars velvære og effektivitet og produktivitet i verksemda.

Fagleg innhald:

 

Bachelorprogrammet i arbeids- og organisasjonspsykologi er 3-årig (180 studiepoeng). Det skal innehalde inntil 30 studiepoeng innføringsemne, 120 studiepoeng med spesialisering (1 1/2 års studium) innanfor arbeids- og organisasjonspsykologi eller ein godkjend fagkombinasjon. Alle, eller delar av dei siste 30 studiepoenga, kan veljast frå andre fag. Eit fullført bachelorprogram fører fram til graden Bachelor i arbeids - og organisasjonspsykologi.

 

Studiet tek utgangspunkt i det faktum at arbeidslivet er ein av dei viktigaste arenaene for menneske i vår tid. Gjennom arbeid treff vi andre, realiserer og utviklar oss som menneske og skaffar oss eit materielt livsgrunnlag. I løpet av studiet vil du få eit grunnleggjande innsyn i korleis enkeltindivid reagerer og handlar i høve til ulike sider ved organisasjons- og arbeidsliv, og kva verkemiddel ein kan nytte for å utvikle individ, grupper og organisasjonar, og også kva ein kan gjere for å førebyggje og handtere problem som kan finne stad på arbeidsplassen.

 

Det vert lagt vekt på å formidle kunnskap om og forståing av sentrale temaområde slik som: organisasjonsteori, leiing, psykososiale arbeidsmiljøfaktorar, stress, meistring, utbrenning, jobbtrivsel, mobbing, konflikthandtering, organisasjonskultur, organisasjonslæring, omstillingar, rekruttering, turnover, jobbusikkerheit, arbeidsevne, mangfald, psykologiske kontraktar, karriereutvikling, sjukefråvere og helse i arbeidslivet.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

 

Kunnskapar

Kandidaten... 

 

 

Ferdigheiter

Kandidaten... 

 

 

Generell kompetanse

Kandidaten... 

Tilrådde forkunnskapar

For å kunne søkje opptak til bachelorprogrammet i arbeids- og organisasjonspsykologi, må du ha generell studiekompetanse, eller fylle krava til realkompetanse. Ut over dette er det ingen særskilde krav til forkunnskapar

Innføringsemne

Innføringsemna er på til saman 30 studiepoeng og er satt saman av innføring i psykologi og psykologiens historie, exphil, samt eit emne i forskingsmetodar.

Dette studiet skal gje deg ei innføring i ulike måtar å tenkje kring kunnskap og vitskap generelt, om fagspesifikk historie og vitskapsteori, samt gje ei innføring i faget psykologi.

Innføringsemna er obligatoriske deler av graden, men kan etter søknad erstattast av andre godkjende innføringsemnekombinasjonar. Innføringsemnet Examen philosophicum tas etter anbefalt studieløp i fjerde semester.

Obligatoriske emne

Innføringsemne tilsvarande 30 studiepoeng som er følgjande emne:

Spesialiseringa i arbeids- og organisasjonspsykologi er på 120 studiepoeng og er satt saman av følgjande obligatoriske emne:

Valfrie emne utgjer dei siste 30 studiepoenga i graden og kan i prinsippet fyllast med alle typar godkjend høgare utdanning som ikkje overlappar med det som er obligatorisk i graden (sjå under).

Alle desse emna som inngår i spesialiseringa er obligatoriske for graden.

Spesialisering

Spesialiseringa i arbeids- og organisasjonspsykologi er på 120 studiepoeng og er satt saman av følgjande obligatoriske emne:

Tilrådde valemne

Valfrie emne utgjer dei siste 30 studiepoenga i graden og kan i prinsippet fyllast med alle typar godkjend høgare utdanning som ikkje overlappar med det som er obligatorisk i graden. Det vert tilrådd emne innan psykologi, samfunnsvitskap, rettsvitskap, informasjonsvitskap, økonomi og humaniora.

Rekkefølgje for emne i studiet

For å kunne ta emna PSYK200 Leiingspsykologi og PSYK201 Bacheloroppgåve må emna PSYK111, PSYK112, PSYK113, PSYK114, PSYK106, PSYK110 og PSYK202 (tidlegare PSYK202B) vere greidd. For å kunne ta emne PSYK210 må emna PSYK111, PSYK112, PSYK113, PSYK114, PSYK106 og PSYK110 vere greidd.

Delstudium i utlandet

Det vil bli gitt råd om studiar i utlandet, først og fremst undervisningsinstitusjonar fakultetet allereie har etablert kontakt med. I tillegg ligg det føre tilbod innan NORDPLUS, ERASMUS og SOKRATES programma for studentutveksling.

Undervisningsmetodar

Oversiktsførelesingar, oppgåveløysing og diskusjonar. Bacheloroppgåva inneber sjølvstendig arbeid under rettleiing, innlevering av arbeid undervegs, arbeid i grupper med medstudentar og IT-støtta sjølvstudium av relevant metode.

Vurderingsformer

Det vert lagt vekt på at studentane får erfaring med ulike vurderingsformer. Eksamensformene vil vere skriftlege (skule- og heimeeksamen) samt munnlege høyringar og presentasjonar.

Karakterskala

Ved sensur av emna som inngår i programmet nyttast karakterskalen A-F eller greidd/ikkje greidd.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål blir skrive ut etter at graden er fullført.

Grunnlag for vidare studium

Studieprogrammet gir grunnlag for opptak til mastergradsstudium i psykologi, studieretning arbeids- og organisasjonspsykologi, og kan også danne grunnlag for opptak i andre masterprogram ved Det psykologiske fakultet, ved Universitetet sine andre fakultet og ved andre Universitet/høgskular.

Relevans for arbeidsliv

Programmet gir kompetanse om det å skjøna og utvikle menneske, grupper og organisasjonar. Studiet tek sikte mot å formidle kunnskapar om verdiskaping, jobbtrivsel og helse på arbeidsarenaen, slik at kandidaten - i rolla som leiar, medarbeidar eller rådgjevar får ein adekvat kompetanse til å skjøna, ivareta og utvikle menneske i organisasjonar, innkludert det å førebyggje belastningar og løyse konfliktar.

Ulike målgrupper kan nytte studiet for ulike typar yrkes- og karrierevegar:

Evaluering

Bachelorprogrammet vert kontinuerleg evaluert av programsensor, i tråd med retningslinjene for kvalitetssikring ved UiB. Evaluering av enkeltemne som inngår i programmet er omtalt i emnebeskrivinga.

Programansvarleg

Undervisningsutvalet ved Institutt for samfunnspsykologi har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet.

 

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Kontakt: studierettleiar.psyfa@uib.no/55 58 27 10

Mål og innhald

Bachelorprogrammet i arbeids- og organisasjonspsykologi er 3-årig (180 studiepoeng). Det skal innehalde inntil 30 studiepoeng innføringsemne medrekna ex.phil., og 120 studiepoeng med spesialisering (1 1/2 års studium) innanfor arbeids- og organisasjonspsykologi eller ein godkjend fagkombinasjon. Alle, eller delar av dei siste 30 studiepoenga, kan veljast frå andre fag. Eit fullført bachelorprogram fører fram til graden Bachelor i arbeids - og organisasjonspsykologi.

Fagleg innhald:

Studiet tek utgangspunkt i det faktum at arbeidslivet er ein av dei viktigaste arenaene for menneske i vår tid. Gjennom arbeid treff vi andre, realiserer og utviklar oss som menneske og skaffar oss eit materielt livsgrunnlag. I løpet av studiet vil du få eit grunnleggjande innsyn i korleis enkeltindivid reagerer og handlar i høve til ulike sider ved organisasjons- og arbeidsliv, og kva verkemiddel ein kan nytte for å utvikle individ, grupper og organisasjonar, og også kva ein kan gjere for å førebyggje og handtere problem som kan finne stad på arbeidsplassen.

Det vert lagt vekt på å formidle kunnskap om og forståing av sentrale temaområde slik som: organisasjonsteori, leiing, psykososiale arbeidsmiljøfaktorar, stress, meistring, utbrenning, jobbtrivsel, mobbing, konflikthandtering, organisasjonskultur, organisasjonslæring, omstillingar, sjukefråver og helse i arbeidslivet.

Målet med studiet er å utdanne kandidatar som kan få verksemder til å skjøne at menneske er den viktigaste ressursen dei har. Denne synleggjeringa skjer ved at ein peikar på nytten av verdiskaping, helse og livskvalitet. Utdanna kandidatar skal gjennom sine kunnskapar kunne hjelpe verksemder til å utvikle sine tilsette både med omsyn til yteevne og sjølvrealisering.

 

Læringsutbyte

 

Ein kandidat med bachelorgrad i arbeids- og organisasjonspsykologi frå Det psykologiske

fakultet, Universitetet i Bergen skal:

 

Kunnskapar

 

organisasjonspsykologi.

studerast og forklarast på fleire måtar og vurdere ulike teoretiske forklaringar opp mot kvarandre.

 

Ferdigheiter

 

 

Generell kompetanse

 

Krav til forkunnskapar

For å kunne søkje opptak til bachelorprogrammet i arbeids- og organisasjonspsykologi, må du ha generell studiekompetanse, eller fylle krava til realkompetanse. Ut over dette er det ingen særskilde krav til forkunnskapar

Innføringsemne

Førstesemesterstudiet er satt saman av ex.phil., ex.fac. og innføring i psykologi, til saman 30 studiepoeng. Dette studiet skal gje deg ei innføring i ulike måtar å tenkje kring kunnskap og vitskap generelt, om fagspesifikk historie og vitskapsteori, samt gje ei innføring i faget psykologi.

Førstesemesteret er obligatorisk, men kan etter søknad erstattast av andre godkjende førstesemesterkombinasjonar.

Fageining og spesialisering

Spesialiseringa utgjer 120 studiepoeng og er satt saman av:

Alle emna som inngår i spesialiseringa er obligatoriske for graden, samt for vidare opptak til masterstudiar.

Tilrådde valemne

Valfrie emne utgjer dei siste 30 studiepoenga i graden og kan i prinsippet fyllast med alle typar godkjend høgare utdanning som ikkje overlappar med det som er obligatorisk i graden. Emne innan samfunnsvitskap, informasjonsvitskap, økonomi og humaniora vert tilrådd.

Krav om rekkefølgje - emne

PSYK101, PSYK102, PSYK202B, PSYK110 (tidligare PSYK103 og PSYK104) og PSYK106 må vere bestått før ein kan ta PSYK201: Bacheloroppgåve

Vurdering / Eksamensformer

Det vert lagt vekt på at studentane får erfaring med ulike vurderingsformer. Eksamensformene vil vere skriftlege (skule- og heimeeksamen) samt munnlege presentasjonar og høyringar.

Yrkesvegar

Programmet gir kompetanse om det å skjøna og utvikle menneske, grupper og organisasjonar. Studiet tek sikte mot å formidle kunnskapar om verdiskaping, jobbtrivsel og helse på arbeidsarenaen, slik at kandidaten - i rolla som leiar, medarbeidar eller rådgjevar får ein adekvat kompetanse til å skjøna, ivareta og utvikle menneske i organisasjonar, innkludert det å førebyggje belastningar og løyse konfliktar.

Ulike målgrupper kan nytte studiet for ulike typar yrkesløp:

Vidare studium:
Studieprogrammet gir grunnlag for opptak til mastergradsstudium i arbeids- og organisasjonspsykologi, og kan også danne grunnlag for opptak i andre mastergradsprogram ved Det psykologiske fakultet, ved Universitetet sine andre fakultet og ved andre Universitet/høgskular.

Læremiddelomtale

Anbefalt litteratur vil vere satt saman av omlag 100 sider per 15 studiepoeng.

Litteraturliste frinn du på våre nettsider.

Lista vil vere klar innan 01.06/01.01 for det komande semesteret.

Delstudium i utlandet

Det vil bli gitt tilrådingar med omsyn til studiestader i utlandet, helst stader fakultetet allereie har etablert kontakt med. I tillegg føreligg tilbod innan NORDPLUS, ERASMUS og SOKRATES programma for studentutveksling

Oppstart

Haust.

Søknad til studiet skjer gjennom samordna opptak (SO), 15 april.

Planforslag

1. semester:

2. semester:

3. semester:

4. semester:

5. semester:

6.semester:

 

Meir informasjon

Studieprogrammet gir grunnlag for opptak til mastergradsstudium i arbeids- og organisasjonspsykologi, og kan også danne grunnlag for opptak i andre mastergradsprogram ved Det psykologiske fakultetet, ved Universitetet sine andre fakultet og ved andre Universitet/Høgskular.