Studieprogram: BAPS-PED Bachelorprogram i pedagogikk - Høst 2021




Namn på grad

Bachelor i pedagogikk

Omfang og studiepoeng

Bachelorprogrammet i pedagogikk har eit omfang på 180 studiepoeng og normert til 3 år.

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Norsk

Studiestart - semester

Haust

 

Mål og innhald

Utdanning, kunnskap, læring og undervisning er sentrale tema i bachelorprogrammet i pedagogikk. Dette er tema som ikkje berre er viktige i tradisjonelle utdanningsinstitusjonar, men og i arbeids- og samfunnslivet generelt. Studiet tar opp desse tema og drøfter dei filosofisk, teoretisk og i lys av samfunnsendringar.

Målet med programmet er å fremje studentane sin kunnskap, forståing og handlingskompetanse knytt til pedagogiske utfordringar og praksisar. Det skal kvalifisere studentane til å organisere, gjennomføre og vurdere formidlings-, opplærings- og undervisningstiltak i utdanningsinstitusjonar, bedrifter og organisasjonar.

 

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleikar/ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskapar:

Kandidaten

 

Ferdigheiter:

Kandidaten

 

Generell kompetanse:

Kandidaten

 

Opptakskrav

Generell studiekompetanse

 

 

Innføringsemne

På bachelorprogrammet i pedagogikk er det innføringsemne på til saman 25 studiepoeng.

Etter søknad kan emna erstattast av tilsvarande emne frå andre fakultet ved Universitetet i Bergen eller andre lærestadar.

 

 

Obligatoriske emne

Spesialiseringa utgjer 90 studiepoeng og er satt saman av:

Alle emna som er ein del av spesialiseringa er obligatorisk for graden, samt for vidare opptak til masterstudiar. PSYK202 kan etter søknad erstattast med metodeemne frå bachelorprogram på SV-fakultetet.

 

Tilrådde valemne

Valfrie emne utgjer dei siste 60 (eventuelt 65) studiepoenga i graden og kan i prinsippet fyllast med alle typar godkjend høgare utdanning som ikkje overlappar med det som er obligatorisk i graden. Det vert tilrådd å velje emna PED115 (15 sp) i tredje semester og PED116 (5 sp) i fjerde semester. Studentar kan også velje emne innanfor psykologi, helsefag, sosiologi, sosialantropologi, administrasjon og organisasjonsfag, informasjonsvitskap, kunst-, kultur-, og mediefag og filosofi.

 

Rekkefølgje for emne i studiet

Delstudium i utlandet

På bachelorprogrammet i pedagogikk er det forventa og fagleg anbefalt at du reiser på utveksling i ditt 5. semester, og tar 30 valfrie studiepoeng i eit anna land. Det er viktig å reise på utveksling for å få nye perspektiv og erfaringar frå ein anna kultur og eit anna universitet. UiB og Det psykologiske fakultet har mange gode avtaler å velje mellom, og du kan sjølv velge om du vil reise på utveksling til universitet i Norden, Europa, eller til land utanfor Europa som er særleg relevant for deg som studerer pedagogikk. Vi kan til dømes anbefale universitet i USA, Canada, Australia, Sør-Afrika, New Zealand, Danmark, Storbritannia, Nederland og Spania.

 

 

Undervisningsmetodar

Undervisninga på bachelorstudiet inneheld ei rekkje undervisingsformar, til dømes førelesingar, seminar, oppgåveskriving, rettleiing og litteraturstudium. Det blir lagt vekt på at studentane får erfaring med varierte arbeids- og vurderingsformer. Deler av skrive- og læringsaktiviteten vil skje i form av datastøtta samarbeidslæring. Det blir lagt opp til aktiv deltaking og kunnskapsdeling mellom studentar og lærarar.

Vurderingsformer

Det er eit mål at studentane skal få erfaring med ulike vurderingsformer. I løpet av studiet blir desse vurderingsformene brukt: skuleeksamen, faglig essay, mappevurdering, heimeeksamen, bacheloroppgåve og munnleg eksamen.

 

Karakterskala

Ved sensur av dei ulike emna nyttast A-F eller Greidd/Ikkje greidd.

 

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål vil bli skrive ut etter at graden er fullført.

Grunnlag for vidare studium

Fullført bachelorgrad i pedagogikk kvalifiserer for opptak til masterstudiet i pedagogikk (fulltidsstudium eller deltid).

Relevans for arbeidsliv

Eit bachelorstudium i pedagogikk vil gje eit kunnskapsfundament som kvalifiserer for praktisk arbeid knytt til opplæring, personalarbeid og utvikling i ulike typar institusjonar. Som samfunnsvitar vil ein tileigne seg kunnskap til å skjøna individet i eit kulturelt og samfunnsmessig perspektiv, og gjennom slikt innsyn vil ein kunne bidra konstruktivt i ein rekkje utviklingsprosessar. Universitetsutdanna pedagogar arbeider til dømes i media og med kulturformidling, som opplæringsleiarar, som pedagogiske konsulentar og liknande yrker både i offentleg og privat sektor. Fellesnemnaren for dei ulike yrkesretningane er at innsyn i og forståing av forholda mellom læring, kunnskap og kommunikasjon er etterspurd.

Evaluering

Bachelorprogrammet blir kontinuerlig evaluert i tråd med retningslinjene for kvalitetssikring ved UiB. Emne og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Programansvarleg

Institutt for pedagogikk

 

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet

 

 

Kontaktinformasjon

https://www.uib.no/psyfa/43960/informasjonssenteret-ved-det-psykologiske-fakultetInformasjonssenteret ved Det psykologiske fakultet

 

 

Mål og innhald

Tre tema: kommunikasjon, kunnskap og læring kan stå som samlande karakteristikk av innhaldet i faget pedagogikk. Dette er tema som ikkje berre er viktige i tradisjonelle utdanningsinstitusjonar, men i arbeids- og samfunnsliv generelt. Studiet tek opp pedagogiske grunnlagsproblem og læringsteori og knyt desse både til eigne erfaringar og til eit samfunn i endring. Stikkord for studiet sin profil er tverrfagleg tilnærming, praksisforankring og samhandling.

Målet med programmet er å fremje studentane sine kunnskapar, forståing og handlingskompetanse på feltet undervisning, kommunikasjon og læring. Det skal kvalifisere studentane til å organisere, gjennomføre og vurdere opplærings- og undervisningstiltak i utdanningsinstitusjonar, bedrifter og organisasjonar.

Søknadsprosedyre

For søkjarar med generell studiekompetanse er fristen for å søkje 15. april.

For spesielle søkjargrupper og for søkjarar med realkompetanse er fristen 1. mars.

Du søkjer gjennom Samordna opptak (SO).

Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettet: http://www.samordnaopptak.no/info/

Søk opptak til Universitetet i Bergen og til bachelorprogrammet i pedagogikk.

Opptaksgrunnlag

For å kunne søkje opptak til studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse, eller fylle krava til realkompetanse. Ut over dette er det ingen særskilde krav til forkunnskapar.

Undervisning

Undervisninga vil bli gitt i form av førelesingar, seminar, samarbeid i grupper og rettleiing. Det vert lagt vekt på at studentane får erfaring med varierte arbeids- og vurderingsformer. Det vert lagt opp til IKT-støtte.

Oppbygging av studiet

Studiet skal innehalde inntil 30 studiepoeng innføringsemne medrekna ex.phil., og 90 studiepoeng med spesialisering (1 ½ års studium). Du kan velje alle, eller delar av dei siste 60 studiepoenga, frå andre fag. Studiet er bygd opp av, og gir deg innsikt i følgjande emne:

- Førstesemesterstudiet er ei grunnleggjande innføring og inneheld tre emne: 1) ex.phil., 2) ex.fac. og 3) innføring i psykologi.

- Pedagogisk filosofi synleggjer dei grunnleggjande filosofiske føresetnadene som pedagogisk praksis byggjer på, og retter merksemda mot korleis pedagogiske retningar drøftar spørsmål om utdanning, danning, kunnskap, læring og undervisning.

- Kommunikasjon, IKT og formidling gir ei grunnleggjande innføring i generell og spesifikk kommunikasjonsteori. Du vil også få kunnskap om, innsikt i og praktisk erfaring med ulike former for skriftleg og munnleg formidling.

- Forskingsmetode 1a gir eit grunnlag for å tileigne seg forskingsmessig kompetanse. Emnet gir ei generell innføring i grunnleggjande metodisk tenking og fokuserer på ulike tradisjonar innanfor psykologisk og utdanningsvitskapleg forsking, kvalitative og kvantitative metodar.

- Utdanning i eit samfunn i endring retter merksemda mot utdanningsinstitusjonars oppgåve og funksjon i samfunnet frå ulike perspektiv: historisk, sosiologisk, kulturelt og politisk. Emnet tek også opp korleis samfunnsendringar påverkar opplæringa, særleg eit multikulturelt perspektiv.

- Læring og pedagogiske prosessar gir ei innføring i forholdet mellom kunnskap, læring og læringsprosessar i ulike kontekster. Sentrale tema er samanhengen mellom ulike perspektiv på læring og den praktiske læreprosessen, forholdet mellom formell opplæring i etablerte institusjonar og uformell læring i dagligliv og arbeid, samt bruk av nye læringsmedier.

- Gjennom arbeidet med bacheloroppgåva skal du lære korleis eit faglig sjølvstendig arbeid blir bygd opp. Du skal utvikle ein vitskapeleg tenkje- og arbeidsmåte, lære kva for krav som blir stilte til eit større skriftleg produkt og kva som kan være ein passande arbeidsmåte.

- Blant valfrie emne kan du velje så godt som alle fag på høgskole- og universitetsnivå. Vi rår deg til å ta fag innan samfunnsvitskap, humaniora, psykologi og helsefag.

Innføringsemne

Førstesemesterstudiet er satt saman av ex.phil., ex.fac. og innføring i pedagogikk og helsefremjande arbeid. Dette studiet skal gje deg ei innføring i ulike måtar å tenkje kring kunnskap og vitskap generelt, om fagspesifikk historie og vitskapsteori, samt gje ei innføring i faget psykologi.

Etter søknad kan emna erstattast av tilsvarande emne frå andre fakultet ved Universitetet i Bergen eller andre lærestadar.

Fageining og spesialisering

Spesialiseringa utgjer 90 studiepoeng og er satt saman av:

Alle emna som er ein del av spesialiseringa er obligatorisk for graden, samt for vidare opptak til masterstudiar. PSYK202A kan etter søknad erstattast med metodeemne frå bachelorprogram på SV-fakultetet.

Tilrådde valemne

Valfrie emne utgjer dei siste 60 studiepoenga i graden og kan i prinsippet fyllast med alle typar godkjend høgare utdanning som ikkje overlapper med det som er obligatorisk i graden. Det vert tilrådd emne innanfor psykologi, helsefag, sosiologi, sosialantropologi, administrasjon og organisasjonsfag, informasjonsvitskap, kunst-, kultur-, og mediefag og filosofi.

Krav om rekkefølgje - emne

Det vert tilrådd at studentane tar emna i den rekkjefølgja dei er satt opp i oversikta.

Vurdering / Eksamensformer

Det er eit mål at studentane skal få erfaring med ulike vurderingsformer, t.d. heimeoppgåver, mappevurdering og tradisjonell eksamen.

Yrkesvegar

Eit bachelorstudium i pedagogikk vil gje eit kunnskapsfundament som kvalifiserer for praktisk arbeid knytt til opplæring, personalarbeid og utvikling i ulike typar institusjonar. Som samfunnsvitar vil ein tileigne seg kunnskap til å skjøna individet i eit kulturelt og samfunnsmessig perspektiv, og gjennom slikt innsyn vil ein kunne bidra konstruktivt i ein rekkje utviklingsprosessar. Universitetsutdanna pedagogar arbeider til dømes i media og med kulturformidling, som opplæringsleiarar, som pedagogiske konsulentar og liknande yrker både i offentleg og privat sektor. Fellesnemnaren for dei ulike yrkesretningane er at innsyn i og forståing av forholda mellom læring, kunnskap og kommunikasjon er etterspurd.

Vidare studium:
Studiet vil gje grunnlag for opptak til Masterprogram i pedagogikk ved Det psykologiske fakultet.

Læremiddelomtale

Anbefalt litteratur er satt saman av omlag 1000 sider per 15 studiepoeng.

Delstudium i utlandet

Det er i dag mange alternativ for deg som ønskjer å ta delar av utdanninga di i eit anna land. Universitetet i Bergen har mange utvekslingsavtaler, både i og utanfor Europa. Det er ein fordel om du reiser ut når du tek den valfrie delen av programmet.

Programansvarleg

Avdeling for utdanning og helse, seksjon for utdanningsvitskap

Administrativt ansvarleg

Studiet vil gje grunnlag for opptak til Masterprogram i pedagogikk ved Det psykologiske fakultet.

Ønsker du å vite meir sjå studere.uib.no/pedagogikk eller ta kontakt med studierettleiar!

studierettleiar.psyfa@uib.no

55 58 27 10

Planforslag

1. semester:

2. semester:

3. semester:

4. semester:

5. semester:

6. semester:

Meir informasjon

Ønsker du å vite meir, sjå http://studere.uib.no/pedagogikk
eller ta kontakt med studierettleiar: studierettleiar@psyfa.uib.no, tlf: 55 58 27 10