Studieprogram: BASV-AIKI Bachelorprogram i kunstig intelligens - Vår 2021




Namn på grad

Bachelor i kunstig intelligens

Omfang og studiepoeng

Studiet er treårig (180 studiepoeng)

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Norsk/engelsk

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Kunstig intelligens er ein fagdisiplin som studerer syntese og analyse av digitale agentar. Ein digital agent er eit program som har evna til å oppføre seg intelligent, sjølv om det kanskje er i svært avgrensa kapasitet. Dei sentrale måla for kunstig intelligens er:

I kunstig intelligens studerer vi tema som læring, kunnskapsrepresentasjon og resonnering, multiagent-system, søk, planleggjing, naturleg språkhandsaming, robotikk og persepsjon.

 

Læring innan kunstig intelligens dreier seg om korleis ein kan forbetre åtferda til ein digital agent over tid, og korleis vi trekkjer ut ny kunnskap frå data.

 

Kunnskapsrepresentasjon dreier seg om korleis informasjon som ein gjev i ei form forståeleg for menneske , til dømes tekst, bilete, lyd etc. kan vere representerte i ei maskinforståeleg form, til dømes logikk, binær kode, programmeringsspråk etc. Automatisk resonnering studerer korleis ein kan byggje algoritmar som løyser problem og ta avgjerder ved bruk av informasjon og kunnskap representert i ei maskinforståeleg form.

 

Multiagent-system dreier seg om modellering av kunstige agentar, einingar som er i stand til å oppfatte inntrykk frå omgivnadane, forme og forfølgje måla sine og samhandle med miljøet, som òg kan bestå av andre agentar. Feltet handlar både om modellering og simulering av interaksjon mellom agentar.

 

Søk og planlegging er to felt som handlar om intelligent problemløysing, korleis ein kan nå mål og korleis ein utviklar algoritmar som lager ein plan for å oppnå eit mål ut frå evnene, miljøavgrensingane, og ressursavgrensingane til agenten.

 

Naturlig språkhandsaming er spesielt opptatt av maskinforståing og manipulering av naturlege språk.

 

Persepsjon dreier seg om å utvikle evna som ein digital agent har til å observere omgjevnadene sine. Ei av utfordingane handlar om korleis ein digital agent kan identifisere objekt i den verkelege verda (til dømes via video-, lyd- eller billeteopptak) og om tilhøva mellom desse objekta.

 

Robotikk dreier seg om å byggje intelligente fysiske agentar og forbetre moglegheitane til dei eksisterande maskinane. Desse inkluderer både industrirobotar, husholdningsrobotar, autonome kjøretøy og autonome system generelt.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbytte:

 

Kunnskap 

Ferdigheiter

Generell kompetanse

Opptakskrav

Generell studiekompetanse og MATRS (R1 eller S1+S2)

Innføringsemne

AIKI100 er tilrådd innføringsemne (EX.FAC) i bachelorgraden i kunstig intelligens.

Obligatoriske emne

Bachelorgraden i kunstig intelligens er eit særskilt tilrettelagt studieprogram med ei normert studietid på tre år, tilsvarande 180 studiepoeng. Alle emna i programmet er obligatoriske, og studentane bør ta dei i den rekkefølgja som er bestemt av programstyret for kunstig intelligens.

 

Graden består av følgjande emne som alle er obligatoriske (talet på studiepoeng i parentes):

 

1. semester, haust:

 

2. semester, vår:

 

3. semester, haust:

 

4. semester, vår:

 

5. semester, haust:

Eitt av følgjande emne (10 stp):

 

Informasjonsvitskap:

 

Informatikk:

 

6. semester, vår:

To av følgjande emne (20 stp):

 

Informasjonsvitskap:

 

Informatikk:

Spesialisering

Tilrådde valemne

Om du ikkje ønskjer å ta ei av dei to spesialiseringane (informasjonsvitskap eller informatikk), kan du søkje om å velje andre emne i femte og sjette semester. Du søkjer til studierettleiar innan starten av fjerde semester. Programrådet vil så vurdere søknaden. Ta kontakt med studierettleiar om du har spørsmål eller treng rettleiing om emneval.

Rekkefølgje for emne i studiet

1. semester, haust:

 

2. semester, vår:

 

3. semester, haust:

 

4. semester, vår:

Utvekslingssemester

 

5. semester, haust:

Eitt av følgjande emne (10):

 

Informasjonsvitskap:

 

Informatikk:

 

6. semester, vår:

To av følgjande emne (20):

 

Informasjonsvitskap:

 

Informatikk: