Studieprogram: BASV-AORG Bachelorprogram i administrasjon og organisasjonsvitenskap - Høst 2021




Namn på grad

Bachelor i administrasjon og organisasjonsvitskap.

Omfang og studiepoeng

Studiet er treårig (180 studiepoeng).

Undervisningsspråk

Norsk

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Administrasjon og organisasjonsvitskap er eit spesialisert statsvitskapleg fag og eit samanliknande studie av politikk, forvaltning og organisasjon. Faget byggjer i stor grad på ei teoretisk orientert og empirisk basert forsking om formelle organisasjonar. Fokus er særleg retta mot utforminga og iverksetjinga av offentleg politikk, korleis innhaldet og organiseringa av denne politikken blir til, og kva for konsekvensar dette har. Demokratiteoriar og teoriar om organisasjonar, offentleg forvaltning og offentleg politikk utgjer sentrale referanserammer for faget. Viktige tema er det normative grunnlaget for teoriane, korleis dei blir utvikla og endra, og kva for verknad dette har.

Gjennom bachelorstudiet lærer studentane å utføre sjølvstendige analysar av organisasjonar, offentleg forvaltning og offentleg politikk. Det blir lagt vekt på samanhengen mellom formell organisering på den eine sida og konsekvensar og utfall på den andre.

Læringsutbyte

Ein kandidat med fullført program skal ha følgjande totale læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten

Ferdigheiter

Kandidaten

Generell kompetanse

Kandidaten

 

 

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Innføringsemne

Innføringsemne/førstesemesterstudiet i bachelorprogrammet er ex.phil. og AORG100A/AORG100B (kan erstattast av andre innføringsemne ved UiB/ andre lærestader).

 

 

Obligatoriske emne

AORG101, MET102, AORG104, AORG215 og AORG251

Spesialisering

90 studiepoeng

Rekkefølgje for emne i studiet

Instituttet tilrår:

 

Delstudium i utlandet

Du kan reise på utveksling som del av graden din i administrasjon og organisasjonsvitskap. Det finst mange alternativ for deg som ønskjer å ta delar av utdanninga di i eit anna land. Instituttet har fleire samarbeidsavtaler i mange land og regionar. Blant moglegheitene er studiar i Norden og Europa gjennom Nordplus og Erasmus+ ordningane, eller du kan reise til eit anna kontinent gjennom ei av UiB sine mange bilaterale avtalar.

Vi hjelper deg med å finne utdanningstilbod frå våre samarbeidspartnarar som passar til dine faglege interesser og planar. Normalt reiser ein ut i eit eller to semester og nyttar frie studiepoeng, men det er også mogleg å ta utveksling som erstatning for fag i spesialiseringa. Sjå http://www.uib.no/admorg/38164/utvekslinginstituttets nettsider for meir informasjon, råd og anbefalingar om utveksling.

 

 

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vil normalt vere sett saman av førelesingar og seminarundervisning i mindre grupper, i kombinasjon med tilbakemelding på skriftlege arbeider undervegs i studiet.

 

Undervisningsmetodar

Undervisninga vil normalt bestå av førelesingar og seminarundervisning i mindre grupper i kombinasjon med tilbakemelding på skriftlege arbeider undervegs i studiet.

Vurderingsformer

Emna som inngår i det anbefalte studielaupet nyttar i all hovudsak ulike kombinasjonar av heimeeksamen og skriftleg skuleeksamen.

 

Karakterskala

Emna som inngår i det anbefalte studielaupet blir karaktersett med bokstavkarakterar (A-F).

 

Grunnlag for vidare studium

Bachelorprogrammet i administrasjon og organisasjonsvitskap kvalifiserer for opptak til eit toårig masterprogram i administrasjon og organisasjonsvitskap ved UiB, og til ein del andre statsvitskaplege masterprogram ved andre norske universitet.

Relevans for arbeidsliv

Gjennomføring av bachelorprogrammet kvalifiserer for arbeid i offentleg sektor, til dømes i statleg verksemd, kommunar og fylkeskommunar. Rekrutteringa til privat sektor er også aukande. Arbeidsoppgåvene er gjerne sakshandsaming, personalspørsmål, utgreiing, leiing og organisasjonsutvikling. Med rett samansetjing av fagemne blir studentane kvalifisert til å undervise i skuleverket.

 

Evaluering

Alle studieprogram og emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Administrativt ansvarleg

Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap

Mål og innhald

Bachelorprogrammet i administrasjon og organisasjonsvitskap er 3-årig (180 studiepoeng). Det skal omfatte inntil 30 studiepoeng innføringsemne/førstesemesterstudiet inkl. EX.PHIL., og 90 studiepoeng (1 1/2 års studium) med spesialisering innanfor administrasjon og organisasjonsvitskap der føljande emne er obligatoriske; AORG101 Organisasjonsteori, MET102 Samfunnsvitskapleg metode, AORG104 Politisk teori og styringsformer samt AORG250 Bacheloroppgåva. Valfriemne innanfor spesialiseringa du blant desse emna på 100-nivå: AORG103 Politikk og forvaltning eller AORG105 Stat og forvaltning i utviklingsland, og på 200-nivå: AORG209 Politisk styring og organisering eller AORG210 Organisasjonsteori. Alle eller delar av dei siste 60 studiepoenga ("frie studiepoeng) kan du vele blant emne frå andre fag.

Administrasjon og organisasjonsvitskap er eit spesialisert statsvitskapleg fag. Det er eit samanliknande studie av politikk, forvaltning og organisasjon. Fokus blir retta særleg på utforminga og iverksetjinga av offentleg politikk, korleis innhaldet og organiseringa av denne politikken blir til, og kva for konsekvensar dette har for verdifordelinga i samfunnet. Demokratiteoriar og teoriar om organisasjonar, forvaltning og offentleg politikk utgjer sentrale referanserammer for faget. I forhold til andre samfunnsvitskaplege fag er vi såleis meir opptatt av samfunnet si politiske organisering og styringsformer. Viktige tema er deira normative grunnlag, korleis dei vert utvikla og endra, og kva for verknad dette har.

Innføringsemne

Innføringsemne/førstesemesterstudiet i Bachelorprogrammet er ex.phil., AORG100 og SV100 (kan erstattas av andre innføringsemne ved UiB/ andre lærestader).

Fageining og spesialisering

Bachelorstudiet er delt inn i tre deler: førstesemesterstudiet, spesialisering og studie av valfrie emne (frie studiepoeng).

Spesialiseringa er delt inn i to nivå: 100- og 200-nivå. Studieemna på 100-nivået skal gi deg innføring i sentrale idear og kunnskapsområde i faget, og bidra til å opparbeide forståing for ein vitskapleg arbeidsmåte, og samstundes gje ei innføring i dei elementære metodane for slikt arbeid. Innføringa skal hjelpe til å gje deg ei kritisk og prøvande haldning til forskingsresultat. Det er også eit mål å setje deg i stand til å formidle og bruke tenkemåten og innhaldet i faget i ulike yrkessamanhengar. Med dette skal det utviklast ei forståing for faget sin plass i ein større samfunnsvitskapleg samanheng.

100-nivået omfattar til saman fem emne og dei består av tematisk organiserte emne i AORG101 Organisasjonsteori (15 sp), MET102 Samfunnsvitskapleg metode (15 sp), AORG103 Politikk og forvaltning (15 sp), AORG104 Politisk teori og styreformer (15 sp.) og AORG105 Stat og forvaltning i utviklingsland.

200-nivået er neste trinn i spesialiseringa. Her tek studieemna sikte på å vidare utvikle evner til å gjere sjølvstendige analyser av organisasjonar, av offentleg politikk og av komplekse sett av organisasjonar og politikkfelt. Det blir lagt vekt på samanhengen mellom formell organisering på den eine sida og konsekvensar og utfall på den andre. I tillegg til AORG250 Bacheloroppgåva vel du enten AORG209 Politisk styring og organisering eller AORG210 Organisasjonsteori.

Krav om rekkefølgje - emne

Studentane vel sine emnekombinasjonar blant dei tilbod som til eikvar tid blir gitt på instituttet og/eller emne som er godkjente som likeverdige. Eksamenane må ikkje avleggjast i ei bestemt rekkjefølgje.

Programansvarleg

Institutt for administrasjon og organisasjonsvitenskap.

Christiesgt. 17

5007 Bergen

studieveileder@aorg.uib.no

Planforslag

Instituttet anbefaler:

1. semester: AORG100, EX.PHIL. og SV100.

Dette gir deg eit godt grunnlag for å starte opp med dei tematiske emna på 100-nivået.

2. semester: AORG101 + AORG104 eller AORG104+AORG105

3. semester: MET102 + AORG103 eller AORG101+MET102

4., 5. og 6. semester: "Frie" studiepoeng og AORG250 + enten AORG209 Politisk styring og organisering eller AORG210 Organisasjonsteori

Meir informasjon

studieveileder@aorg.uib.no