Studieprogram: BASV-EUR Bachelorprogram i europastudier - Vår 2021




Omfang og studiepoeng

180 studiepoeng

 

Studiestart - semester

Haust

 

Mål og innhald

Bachelorprogrammet i europastudium gir kunnskap om historie, politikk og samfunnsforhold i Europa. Temaet vert drøfta frå fleire perspektiv med hovudvekt på historiske føresetnader, økonomiske prosessar og politiske institusjonar i Europa i dag. Gjennom studiet får studentane fordjupe seg i dei politiske prosessane som har prega europeisk politikk, føresetnadene for europeisk integrasjon og den institusjonelle utviklinga i EU sidan 1945. Det er forventa at studentane dreg på utveksling til eit europeisk land for ytterlegare å spesialisere seg innan europeisk historie og politikk.

Læringsutbyte

Ved fullført program skal kandidatane ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten

Ferdigheiter

Kandidaten

Generell kompetanse

Kandidaten

Opptakskrav

Generell studiekompetanse. Gode kunnskapar i engelsk er ein føresetnad.

Kjennskap til fransk, tysk eller andre europeiske språk er ein føremon, mellom anna ved utveksling.

 

Innføringsemne

Ex.phil, SAMPOL103 Faglege tilnærmingsmåtar og ideologiar i studiet av politikk og EUR101 Innføring i europeisk historie og politikk.

Rekkefølgje for emne i studiet

Ein kan velje mellom fordjuping i samanliknande politikk eller historie.

I første semesteret tek alle studentane i programmet ex.phil, SAMPOL103 Faglege tilnærmingsmåtar og ideologiar i studiet av politikk og EUR101 Innføring i europeisk historie og politikk. I andre semesteret tek studentane i programmet EUR103 Europa etter 1945: ressursar, demografi, økonomi og EUR105 European Union Institutions, Politics and Policy. Emna i første og andre semester er obligatoriske i programmet. Frå og med tredje semesteret vel studentane fordjuping i anten samanliknande politikk eller historie.

Oppbygging av studiet:

Felles studium 1. og 2. semester

Fordjuping samanliknande politikk 3.-6. semester

Fordjuping i historie 3.-6. semester

Delstudium i utlandet

Det vert forventa at du reiser på utveksling som del av graden din i europastudiar. Eit semester i utlandet vil gi deg nye akademiske perspektiv og språkleg- og kulturell erfaring som du kan dra nytte av seinare i studie- og yrkeslivet. Utveksling er lagt til 5. semester i graden. Historie og samanliknande politikk har lange tradisjonar med internasjonal verksemd og har samarbeidsavtalar i mange land. Du kan velje mellom ei rekke anbefalte partnerinstitusjonar i Norden og Europa som tilbyr utdanning innan samfunnsvitskap/statsvitskap og historie/ humanistiske fag. Vi hjelper deg med å finne det utdanningstilbodet i utlandet som passar til dine faglege interesser og planar.

Arbeids- og undervisningsformer

Programmet omfattar ulike undervisningsformer; førelesingar, seminar, gruppeundervisning og individuell rettleiing.

Nokre av emna har obligatoriske aktivitetar som må gjennomførast for å fullføre emnet og/eller framstille seg til vurdering. Desse krava går fram av emneskildringane.

 

Undervisningsmetodar

Programmet omfattar ulike undervisningsformer; førelesingar, seminar, gruppeundervisning og individuell rettleiing.

Nokre av emna har obligatoriske aktivitetar som må gjennomførast for å fullføre emnet og/eller framstille seg til vurdering. Desse krava går fram av emneskildringane.

Vurderingsformer

Gjennom programmet vert studentane prøvde på ulike måtar, eksempelvis ved heimeeksamen, skuleeksamen og semesteroppgåve.

Grunnlag for vidare studium

I det treårige bachelorprogrammet studerer du samanliknande politikk og historie. Du fordjupar deg, med vekt på Europa, anten innanfor samanliknande politikk eller historie.

Etter bachelorprogrammet kan du søkje om opptak til eit toårig masterprogram i anten samanliknande politikk eller historie, avhengig av fordjupinga du har valt i bachelorgraden.

I fordjupinga i samanliknande politikk, og opptaksgrunnlaget for master i samanliknande politikk, inngår emna MET102, SAMPOL115, SAMPOL105, SAMPOL106, SAMPOL107, SAMPOL260 og to av SAMPOL200-emna (med unntak av SAMPOL290/291).

I fordjupinga i historie, og opptaksgrunnlaget for master i historie, inngår emna EUR103, HIS101, HIS102, HIS203, HIS250, og eitt av emna HIS113/HIS114/HIS115/HIS116

Relevans for arbeidsliv

Programmet vil kvalifisere til ulike yrke der kunnskap om Europa er etterspurt. Yrkesmuligheitene vil variere ut frå kva fordjupingar og emnekombinasjonar studentane vel, men vil kunne omfatte massemedia, næringsliv, offentlege organ, internasjonale organisasjonar og undervisning.Opphaldet i utlandet vil gje deg kunnskap, erfaringar og evne som vert etterspurt av arbeidsgjeverar.

Evaluering

Bachelorprogrammet blir evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Evalueringsrapportar for heile studieprogrammet og for einskildemne finn ein i Studiekvalitetsbasen (https://kvalitetsbasen.app.uib.no/http://kvalitetsbasen.uib.no).

Administrativt ansvarleg

Institutt for samanliknande politikk.

E-post: studieveileder@isp.uib.no