Kognitiv vitskap er eit fagfelt som studerer intelligente system, korleis dei er bygde opp, korleis dei ulike delane av slike system fungerer, og korleis delane samspeler for å frambringe det vi normalt kallar tenking. Typiske tema ein ser på er kunnskapsrepresentasjon, resonnering, minne, språk, sansing og emosjonar. Psykologi er sjølvsagt ein viktig del av dette, men viktig er og kunstig intelligente system på datamaskiner. Datamaskina gjev oss høve til forme modellar av dei ulike sidene ved intelligens og simulere desse for på den måten å få ei betre forståing av kva intelligens er for noko.
Kognitiv vitskap er tverrfagleg og tek opp i seg element frå informatikk, informasjonsvitskap, lingvistikk, psykologi og filosofi. Desse vitskapane har sine eigne perspektiv på dei fenomena ein studerer i kognitiv vitskap og gjev ulike bidrag til forståinga av dei. Sentralt i faget står logikk, lingvistikk, kognitiv psykologi og sinnsfilosofi. Kunnskap om programmering av datamaskiner er viktig både som metode og frå eit teoretisk perspektiv. Viktige element er og andre metodiske komponentar som statistikk og diskrete strukturar.
På bachelorstudiet i kognitiv vitskap kan du mellom anna studere følgjande tema:
Ein kandidat med fullført program skal ha følgjande totale læringsutbyte definert i kunnskap, dugleikar og generell kompetanse:
Kunnskap:
Kandidaten
Dugleikar:
Kandidaten
Generell kompetanse:
Kandidaten
1. semester
2. semester
3. semester
4. semester
5. og 6. semester
I femte semester vel du spesialisering innan informatikk, informasjonsvitskap eller filosofi:
Informasjonsvitskap
Informatikk
Filosofi
Valfrie emne
Om du ikkje ønsker å ta ein av dei tre spesialiseringene (informasjonsvitskap, informatikk eller filosofi) kan du søke om å velje andre emne i femte og sjette semester. Ta kontakt med studierettleiar om du har spørsmål eller treng rettleiing om emneval.
Bachelorprogrammet i kognitiv vitskap vil kvalifisere deg for opptak til masterprogrammet i informasjonsvitskap (MASV-INFO), informatikk (MAMN-INF), filosofi (MAHF-FILO), eller felles masterprogram i programutvikling (MAMN-PROG), alt etter kva du vel for spesialisering.
Følgjande emne inngår i opptaksgrunnlaget til master i informasjonsvitskap:
Studieplan i Kognitiv vitskap frå før 2019: KOGVIT101, INF100, INFO102, INFO282, INFO283, 50 studiepoeng i informasjonsvitskap (kan ikkje være INFO100, eller INFO132).
Studieplan i Kognitiv vitskap frå 2019 og seinare: KOGVIT101, INF100, INF101, INFO282, INF122, INFO180, 50 studiepoeng i informasjonsvitskap (kan ikkje være INFO100, eller INFO132).
Sjå studieprogramsidene til masterprogramma for meir informasjon om opptakskrav.
Gjennom studiet i kognitiv vitskap vil du tileigne deg både ein yrkesrelevant IT-kompetanse og ei akademisk evne til kritisk analyse og nytenking. Det gir deg ein dobbel kompetanse som er svært etterspurt på arbeidsmarknaden. Studiet kvalifiserer for undervisning og arbeid i ulike fag avhengig av spesialiseringa du vel i det tredje året av studiet.
Studiet kan òg byggast ut med masterstudium i fleire retningar, som kvalifiserer for forsking og undervisning innanfor universitets- og høgskolesektoren.
I den siste delen av studieprogrammet kan du spesialisere deg ut frå interessene dine. Du kan velje å lære informasjonsbehandling og programmering, som er ettertrakta i mange stillingar i industrien og i offentleg sektor. Du kan òg orientere deg meir mot teknologiske nyvinningar innanfor ulike kunstig intelligens-tema, noko som vil gje deg ferdigheiter som er etterspurt hos selskap som satsar på slik teknologi. Aktørar som Google, Microsoft, IBM og Apple er i dag svært opptatt av kunstig intelligens.
Institutt for informasjons- og medievitenskap
studieveileder@ifi.uib.no
Kognitiv vitskap er eit fagfelt som studerer intelligente system, korleis dei er bygde opp, korleis dei ulike delane av slike system fungerer, og korleis delane samspeler for å frambringe det vi normalt kallar tenking. Typiske tema ein ser på er kunnskapsrepresentasjon, resonnering, minne, språk, sansing og emosjonar. Psykologi er sjølvsagt ein viktig del av dette, men viktig er og kunstig intelligente system på datamaskiner. Datamaskina gjev oss høve til forme modellar av dei ulike sidene ved intelligens og simulere desse for på den måten å få ei betre forståing av kva intelligens er for noko.
Kognitiv vitskap er tverrfagleg og tek opp i seg element frå informatikk, informasjonsvitskap, lingvistikk, psykologi og filosofi. Desse vitskapane har sine eigne perspektiv på dei fenomena ein studerer i kognitiv vitskap og gjev ulike bidrag til forståinga av dei. Sentralt i faget står logikk, lingvistikk, kognitiv psykologi og sinnsfilosofi. Kunnskap om programmering av datamaskiner er viktig både som metode og frå eit teoretisk perspektiv. Viktige element er og andre metodiske komponentar som statistikk og diskrete strukturar.
Bachelorprogrammet i kognitiv vitskap er 3-årig (180 studiepoeng). Graden er sett saman av fag og emne frå fire ulike fakultet etter følgjande mønster:
- 30 studiepoeng innføringsemne inkludert ex.phil.
- 90 studiepoeng med emne som dannar kunnskapsgrunnlaget i kognitiv vitskap
- 60 studiepoeng valfrie emne, eventuelt ved utanlandske lærestader
Gjennom heile studieløpet vil studentane møte ein kombinasjon av teoretiske og meir praktiske emner. Undervisninga vert gjeven som førelesingar, seminar og kollokviegrupper. Emna i kognitiv vitskap inneheld store innslag av sjølvstendig praktisk arbeid under rettleiing. Studiet omfattar derfor ikkje eiga bacheloroppgåve.
I 1. semester gjennomfører studentane ex. phil. samt introduksjon til programmering (INF100- informatikk) og ex.fac. lingvistikk.
I 2. semester tar studentane 15 studiepoeng i logikk (LOG101 - filosofi), 5 stp i diskrete strukturar (INFO102- informasjonsvitskap) og eit oversiktskurs i kognitiv vitskap (KOGVIT101)
I 3. semester følgjer studentane kurs i kunstig intelligens
(INFO282), programmering for kunstig intelligens, (INFO232), programmering og søkjestrategi (DASP101), språk og data (DASP107), og statistikk og kognisjonsforsking (DASP106).
I 4. semester får studentane ei innføring i kognitiv psykologi i kurset PSYK1xx, matematisk logikk i INF227 og sinnsfilosofi (FILsss)
5. og 6. semester er sett av til 60 studiepoeng frie kursval, gjerne ved utanlandske universitet. Vi tilrår at studentane vel ei spesialisering innan informatikk, informasjonsvitskap, datalingvistikk eller filosofi, som alle opnar for mulig framhald med ein mastergrad (avheng av spesialisering).
I tillegg til obligatoriske program-emner må følgende emner avlegges for å søkje om opptak til mastergradsprogrammet i informasjonsvitskap:
I tillegg til obligatoriske program-emner må følgende emner avlegges for å søkje om opptak til mastergradsprogrammet i informatikk :
I tillegg til obligatoriske program-emner må følgende emner avlegges for å søkje om opptak til mastergradsprogrammet i datalingvistikk :
I tillegg til obligatoriske program-emner må følgende emner avlegges for å søkje om opptak til mastergradsprogrammet i filosofi:
Studiet kvalifiserer for undervisning og arbeid i ulike fag avhengig av spesialisering som vert vald i tredje året av studiet. Om ein til dømes vel ei retning som informatikk eller informasjonsvitskap vil ein og kunne vere kvalifisert for arbeid i ikt-bransjen.
Studiet kan også byggast ut med masterstudier i fleire retningar og kvalifisere for forsking og undervisning innan universitets- og høgskolesektoren.
Gjennom Nordplus- og Erasmus-samarbeidet, høvesvis mellom nordiske universitet og universitet i EU-land, er det organisert studentutveksling som ein del av universitetets ordinære verksemd. Universitetet har i tillegg eigne utvekslingsavtaler med utdanningsinstitusjonar over heile verda. Norske studentar kan inkludere eit på førehand godkjent studieprogram, frå 3 veker til 12 månader, i studiet sitt og den norske graden studenten tar.