Studieprogram: BASV-MEVI Bachelorprogram i medier og kommunikasjon - Høst 2021




Namn på grad

Bachelorprogrammet i medier og kommunikasjon fører fram til graden bachelor i medier og kommunikasjon.

Omfang og studiepoeng

Bachelorprogrammet i medier og kommunikasjon er 3-årig (180 studiepoeng).

 

 

Undervisningsspråk

Norsk

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Få samfunnsområde er urørt av mediene si formidling. Mediene inngår i våre daglegliv, dei pregar politikk og samfunnsliv, og inngår i kulturelle og sosiale identitetsprosessar. Med digitalisering, internett, sosiale medier og stordata har det vakse fram nye kommunikasjons- og samhandlingsformer. Tradisjonelle medieinstitusjonar vert utfordra av nye aktørar, ny teknologi og nye estetiske uttrykk. Tilgangen til informasjon, underhaldning og kulturelle erfaringar er nær sagt uavgrensa, men mediebruk er likevel prega av sosiale skiljeliner. Samstundes er strategisk kommunikasjon i sterkare grad blitt ein integrert del av politikk og samfunnsliv, slik at vi som medborgarar og konsumentar kontinuerleg blir utsette for planlagte påverknadsforsøk frå interessegrupper og kommersielle aktørar.

I medievitskapen studerer vi medie- og samfunnsutviklinga ved å kombinera sosiologiske og statsvitskaplege perspektiv på mediene med kultur- og tekstanalytiske tradisjonar. Vi studerer korleis det vert skapt nye former for samhandling og maktutøving, når individ, organisasjonar og institusjonar tar i bruk nye kommunikasjonsformer og medieformat. Vi studerer mediene si rolle i offentleg meiningsdanning og demokratiske prosessar, og vi studerer korleis identitetsdanning og deltaking i samfunnslivet vert påverka av mediesamfunnet og mediekulturen.

Bachelorprogrammet i medier og kommunikasjon gjev grunnleggjande kunnskap om mediene som institusjonar, om mediebruk og mediene sitt publikum, om mediene som tekstar og estetiske uttrykk, og om strategisk kommunikasjon i mediesamfunnet. Teoriar, metodar og historisk innsikt frå samfunnsvitskap og humaniora vert nytta til å forstå mediene si rolle i dagens samfunn. Undervisninga legg vekt på å kombinera systematiske analyser med praktiske øvingar og studentaktive læringsformer.

Læringsutbyte

Ein kandidat med fullført program skal ha følgjande totale læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten

Ferdigheiter 

Kandidaten

Generell kompetanse

Kandidaten

Opptakskrav

Universitetet set ingen formelle krav til forkunnskapar utover generell studiekompetanse. Talet på studieplassar ved programmet er avgrensa. Opptak følgjer vanlege reglar, jf. Samordna opptak.

Obligatoriske emne

Bachelorgraden i medievitskap føreset at det på minst eitt av emna på 200-nivå vert gjort eit sjølvstendig arbeid under rettleiing (bacheloroppgåve).

Rekkefølgje for emne i studiet

Bachelorgraden i medier og kommunikasjon er sett saman av fag og emne etter følgjande mønster:

Tilrådd rekkefølgje

I tillegg skal studentane i løpet av 4.-6. semester avleggje 60 studiepoeng i valfrie emne. Desse kan nyttast til ytterlegare fordjuping i medievitskaplege emne eller til emne i andre fag. Eit eventuelt delstudium i utlandet vert tilrådd lagt til desse semestra.

Instituttet tilbyr følgjande fordjupingsemne på 200-nivå: MEVI221 Medieinstitusjonar: Marknad og demokrati, MEVI222 Mediebruk og meiningsdanning, MEVI223 Visuelle media, MEVI224 Media technology and society, MEVI203 Medieretorikk. Emna vert gjevne i ulike semester.

Delstudium i utlandet

Det finst i dag mange alternativ for deg som ønsker å ta delar av utdanninga di i eit anna land. Instituttet og UiB har samarbeidsavtalar med ei rekke universitet, institusjonar og organisasjonar i mange land og regionar. Instituttet hjelper studentane med val av studiestad og planlegginga av studia i utlandet.

 

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vil normalt bestå av førelesingar, seminar, praktiske øvingar, individuell rettleiing og gruppearbeid.

Undervisningsmetodar

Undervisninga vil normalt bestå av førelesingar og seminarundervisning i mindre grupper.

Vurderingsformer

Emna som inngår i det tilrådde studieløpet nyttar i hovudsak ulike kombinasjonar av følgjande eksamensformer: heimeeksamen, skuleeksamen, bacheloroppgåve, gruppeoppgåver og mappeevaluering.

Karakterskala

Emna som inngår i det tilrådde studieløpet blir karaktersett med bokstavkarakterar (A-F).

Grunnlag for vidare studium

Studiet kan byggjast ut med eit toårig masterstudium i medier og kommunikasjon.

Relevans for arbeidsliv

Ein bachelorgrad i medier og kommunikasjon kvalifiserer for ei lang rekke medie- og kommunikasjonsfaglege yrkesoppgåver i mediebedrifter, kultur- og utdanningsinstitusjonar, for eksempel innan journalistikk, administrasjon, utgreiing og rådgiving. Studiet kvalifiserer også for formidlings- og informasjonsfaglege oppgåver i privat og offentlig sektor. Studiet kan også byggjast ut med eit masterstudium som kvalifiserar for meir avanserte oppgåver i dei nevnte sektorane, samt forsking og undervisning innan universitets- og høgskolesektoren.

Evaluering

Alle studieprogram og emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Administrativt ansvarleg

Institutt for informasjons- og medievitskap

Mål og innhald

Medievitskap tek sikte på ein systematisk analyse av medieinstitusjonane og mediene sine tekstar, av forholdet mellom publikum og medieinnhald, og mellom medier og samfunn. I medievitskap kombinerer ein sosiologiske og statsvitskaplege perspektiv på massemediene med kultur- og tekstanalytiske perspektiv. Gjennom bachelorstudiet i medievitskap vert desse teoretiske synsmåtane konfrontert med analyse av mediesamfunnet og praktisk medieproduksjonen.

Få samfunnsområde er urørt av mediene si formidling. Mediene inngår i våre daglegliv, dei overskrir tradisjonelle sosiale skiljeliner og utfordrar etablerte skilje mellom elite- og populærkultur - med konsekvensar for identitetsdanning, kunnskapsnivå og høve til å delta aktivt i samfunnslivet. Eit sentralt utviklingstrekk i dag er konvergens mellom tradisjonelle medieteknologiar, telekommunikasjon og datateknologi. Mediene si rolle i offentleg meiningsdanning og demokratiske prosessar vert endra gjennom framveksten av nye kommunikasjons- og samhandlingsformer.

Dei samfunnsmessige konsekvensane av digitale teknologiar stiller medievitskapen overfor nye faglege utfordringar. I tillegg til massemediene si formidling mogleggjer interaktive medier og digitale nettverk tilgang til kulturprodukt og kunnskapsbasar i hittil ukjent skala. Mediene overskrid nasjonale grenser og er sentrale aktørar i ulike moderniseringsprosessar. Gjennom bachelorprogrammet i medievitskap vert kunnskap om mediene sine historiske og samfunnsmessige vilkår mobilisert i ein analyse av mediene og kommunikasjonsteknologiane si rolle i dagens samfunn.

Obligatoriske aktivitetar

Bachelorgraden i medievitskap føreset at det på minst eitt av emna på 200-nivå vert gjort eit sjølvstendig arbeid under rettleiing (bacheloroppgåve).

Yrkesvegar

Ein bachelorgrad i medievitskap kvalifiserer for ei lang rekke mediefaglege yrkesoppgåver i mediebedrifter, kultur- og utdanningsinstitusjonar, for eksempel innan journalistikk, administrasjon, utgreiing og rådgiving. Studiet kvalifiserer også for formidlings- og informasjonsfaglege oppgåver i privat og offentlig sektor. Studiet kan også byggjast ut med eit masterstudium og kvalifisere for forsking og undervisning innan universitets- og høgskolesektoren.

Delstudium i utlandet

Gjennom Nordplus- og Erasmus-samarbeidet som eksisterer mellom nordiske universitet og universitet i EU-land, er det organisert studentutveksling som ein del den ordinære verksemda til universitetet. Universitetet har i tillegg eigne utvekslingsavtalar med utdanningsinstitusjonar over heile verda. Norske studentar kan inkludere eit på førehand godkjent studieprogram, frå 3 veker til 12 månader, i sitt studium og i sin norske grad.

I bachelorprogrammet i medievitskap vél vi i tillegg ut spesielle samarbeidsuniversitet for å finne det fagtilbodet som passar best for våre studentar. På den måten får du tilbod om eit tilrettelagd utanlandsopphald som blir integrert i graden.

Planforslag

Bachelorprogrammet i medievitskap er 3-årig (180 studiepoeng). Graden er sett saman av fag og emne etter følgjande mønster:

- 30 studiepoeng innføringsemne inkludert Ex.phil.

- 90 studiepoeng spesialisering i medievitskaplege emne

- 60 studiepoeng valgfrie emne, eventuelt ved utanlandske universitet

I 1. semester tilrår vi studentane å ta innføringsemnet - MEVI100 Introduksjon til medier og kommunikasjon, i tillegg til SV100 Samfunnsvitskaplege tenkemåtar (10 stp) og Ex.phil (10 stp).

I 2. semester følgjer studentane normalt MEVI101 Medier: Institusjonar og historie (15 stp) og MEVI102 Medienes publikum: mediebruk og meiningsdanning (15 stp).

3. semester er også delt mellom to 15 studiepoengs emne: MEVI103 Medietekstar: teori og analyse og MEVI104 Medier, representasjon og identitet.

4. semester er avsett til to 15 studiepoengs emne på 200-nivå. Her kan studentane velgje mellom INFOMEVI201 Medieteknologi, kultur og samfunn, MEVI211 Presse-historie, MEVI212 Kringkastingshistorie og MEVI213 Film: historie og analyse. Val av MEVI201 og MEVI211 føreset eit alternativt studieløp (sjå nedanfor), ettersom disse emna berre vert gjevne i vårsemesteret.

5. og 6. semester er sett av til 60 studiepoeng valfrie emne. Desse kan nyttast til ytterlegare fordjuping i medievitskaplege emne eller til emne i andre fag. Eit eventuelt delstudium i utlandet vert tilrådd lagt til desse semestra.