Studieprogram: BASV-MIX Bachelorprogram i medie- og interaksjonsdesign - Høst 2021




Namn på grad

Bachelor i medie- og interaksjonsdesign

Omfang og studiepoeng

Bachelorprogrammet i medie- og interaksjonsdesign er 3-årig (180 studiepoeng).

Undervisningsspråk

Undervisningsspråk er norsk. Enkelte forelesningar kan undervisast på engelsk.

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Medieinnhald blir i dag produsert med digitale verkty, og mediebruk er i aukande grad brukarstyrt og knytt til interaktive løysingar og on-demand-tenestar. Bachelorprogram i medie- og interaksjonsdesign kvalifiserer studentane til å forstå kva brukarane trenge i slike situasjonar, og gjer dei i stand til å designe løysingar for interaksjon som gjer medieproduksjon effektivt og mediebruk brukarvennleg. Gjennom utdanninga får studentane kunnskap om interaksjonsdesign og digitale grenseflatar som sikrar inkluderande og intuitiv menneske-maskin interaksjon og positive brukaropplevingar knytt til medieproduksjon og mediebruk, inkludert web, mobile løysingar og spel.

 

Studiet er tverrfagleg og kombinerer teoretiske, praktiske og analytiske element frå medievitskap og informasjonsvitskap. Sentrale komponentar i studiet er interaksjonsdesign, visuell kommunikasjon, designprosessar, og webprogrammering og front end-utvikling. Studiet er prega av å vere eit praktisk orientert universitetsstudium som legg vekt på sjølvstudium, refleksjon og teoretisk kompetanse samstundes som det fokuserer på utvikling av praktiske og brukarvennlege løysingar for mediefeltet.

Læringsutbyte

Ein kandidat med fullført program skal ha følgjande totale læringsutbyte definert i kunnskap, dugleikar og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten

Dugleikar

Kandidaten

Generell kompetanse

Kandidaten

Opptakskrav

Universitetet set ingen formelle krav til forkunnskapar utover generell studiekompetanse. Talet på studieplassar ved programmet er avgrensa.

 

Opptak følgjer elles vanlege reglar, jf. samordna opptak.

Rekkefølgje for emne i studiet

  1. semester: Examen philosophicum (10 sp), MIX100 Examen facultatum - Grunnkurs i medie- og interaksjonsdesign (10 sp), INFO132 Grunnkurs i programmering (10 sp)
  2. semester: INFO263 Interaction Design and Prototyping (10 sp) og MIX114 Webutvikling (20 sp)
  3. semester: MIX203 Design for medieproduksjon (20 sp) og INFO125 Databasehandsaming (10 sp)
  4. semester: MIX202 Design for mediebruk (30 sp)
  5. semester: Frie studiepoeng/utveksling (30 sp)
  6. semester: MIX250 Bacheloroppgåve (30 sp)

Delstudium i utlandet

Gjennom Nordplus- og Erasmus-samarbeidet som eksisterer mellom nordiske universitet og universitet i EU-land, er det organisert studentutveksling som ein del den ordinære verksemda til universitetet. Universitetet har i tillegg eigne utvekslingsavtalar med utdanningsinstitusjonar over heile verda. Norske studentar kan inkludere på førehand godkjente emne i sitt studium og i sin norske grad. Dersom studentar ønskjer å ta delstudium i utlandet må dette gjerast i det femte semesteret.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisinga vil normalt vere satt saman av førelesingar, workshops, rettleiing, praksis, teknisk opplæring og labarbeid i kombinasjon med tilbakemelding på skriftlege og praktiske arbeid undervegs i studiet.

Deler av praksisen er internpraksis der studentane åleine og i gruppar produserar medieorienterte interaksjonsløysingar og tilhøyrande innhald. Andre deler av praksisen vil foregå i samarbeid med praktikarar innan interaksjonsdesign og frå mediebransjen, båe gjennom praktiske workshops leda av praktikare, og gjennom utplassering i ei bedrift der praktikare tek rolla som mentor.

Undervisningsmetodar

Undervisinga vil normalt vere satt saman av førelesingar, workshops, rettleiing, praksis, teknisk opplæring og labarbeid i kombinasjon med tilbakemelding på skriftlege og praktiske arbeid undervegs i studiet.

Deler av praksisen er internpraksis der studentane åleine og i gruppar produserar medieorienterte interaksjonsløysingar og tilhøyrande innhald. Andre deler av praksisen vil foregå i samarbeid med praktikarar innan interaksjonsdesign og frå mediebransjen, båe gjennom praktiske workshops leda av praktikare, og gjennom utplassering i ei bedrift der praktikare tek rolla som mentor.

Vurderingsformer

Dei fleste emna som inngår i studieløpet nyttar i all hovudsak mappevurdering, der kvar modul innan eit emne skal resultere i ein produksjon, ein produksjonsanalyse, eit teoretisk arbeid, eller ei kombinasjon av dei tre, som til slutt skal bli vurdert samla. Mappa skal óg inkludere eit refleksjonsnotat der studentane reflekterer over kva dei har lært av det samla arbeidet i mappa.

 

Studentane kan i enkelte emne bli vurderte gjennom individuelle eller gruppeutvikla oppgåver eller produksjonar. Studentane presenterer bachelorprosjekta sine munnleg.

 

Gruppearbeid blir vurdert på bakgrunn av individuelle oppgåver som studentane skriv med utgangspunkt i si spesialisering eller rolle i gruppa.

Karakterskala

Karakterar ved bachelorprogram i medie- og interaksjonsdesign vert gitt på ein av to måtar; anten

  1. Som 'Bestått' eller 'Ikkje bestått', eller
  2. Som ein bokstav, etter skalaen A, B, C, D, E, F.

 

Bokstavkarakterar er det mest utbreidde.

Grunnlag for vidare studium

Studiet kan byggjast ut med eit masterstudium i medie- og interaksjonsdesign (MASV-MIX).

Relevans for arbeidsliv

Ein bachelorgrad i medie- og interaksjonsdesign kvalifiserer studentane til arbeid innan interaksjonsdesign, UX-design og webdesign for media og digitale plattformar. Studiet vil også kvalifisere for informasjons- og kommunikasjonsarbeid i privat og offentleg sektor

Evaluering

Bachelorprogrammet blir kontinuerelig evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB.

Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Programansvarleg

Institutt for informasjons- og medievitskap

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet 

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitenskapelige fakultet v/ Institutt for informasjons- og medievitenskap har det administrative ansvaret for emne og studieprogrammet.