Studieprogram: BASV-SØK Bachelorprogram i samfunnsøkonomi - Vår 2021




Namn på grad

Bachelorprogrammet i samfunnsøkonomi fører fram til graden bachelor i samfunnsøkonomi.

Omfang og studiepoeng

Studiet er treårig (180 studiepoeng).

Undervisningsspråk

Norsk

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Samfunnsøkonomien tek opp problemstillingar som strekkjer seg frå samanhengen mellom arbeidsløyse og inflasjon til spørsmålet om kva som er "rett" billettpris på bussen. Dette er vanskelege og til dels uoversiktlege problemstillingar som ikkje alltid har klare svar. I faget arbeider vi med metodar som er eigna til å analysera slike problemstillingar og løysa dei så langt det let seg gjere. Gjennom studiet i samfunnsøkonomi lærer ein om slike metodar. Ein lærer å strukturere problemstillingar for å finne ut kva som er viktig og kva som ikkje er det. Derfor er samfunnsøkonomar ettertrakta arbeidskraft til mange ulike stillingar i privat næringsliv, offentleg verksemd og internasjonale organisasjonar.

Bachelorprogrammet i samfunnsøkonomi er 3-årig (180 studiepoeng). Det skal innehalda inntil 30 studiepoeng innføringsemne medrekna ex.phil., og 90 studiepoeng med spesialisering (1 1/2 års studium) innanfor samfunnsøkonomi der føljande emne er obligatorisk: ECON140 Matematikk for økonomar, ECON110 Mikroøkonomiske grunnomgrep og marknadsteori, ECON130 Makroøkonomi I, ECON210 Velferd og økonomisk politikk, ECON230 Makroøkonomi II, ECON240 Statistikk og økonometri og ECON290 Bacheloroppgåva. Dei obligatoriske kursa sørgjer for at alle får den naudsynte grunnopplæringa i mikroøkonomi, makroøkonomi og metode (matematikk og statistikk).

Valfrie emne i spesialiseringa i samfunnsøkonomi kan veljas blant mange ulike tema:

Dei resterande 60 studiepoenga er frie og kan veljast frå andre fag. Ein kan til dømes ta inn språkemne, naturvitskaplege emne, studium frå utanlandske universitet, eller andre fag ved SV-fakultetet. Ein kan også ta inn inntil eitt års utdanning frå tidlegare studium, så lenge det ikkje overlappar med emna i spesialiseringa i samfunnsøkonomi.

Læringsutbyte

Ein kandidat med fullført program skal ha følgjande totale læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten

Ferdigheiter

Kandidaten

Generell kompetanse

Kandidaten

Opptakskrav

Generell studiekompetanse og MATTE4: Gjennomsnittskarakter 4 eller betre i matematikk (224 timer, https://www.vilbli.no/nb/nb/no/valg-av-matematikk/a/0272631P + 2P).

Du dekker karakterkravet i matematikk om du har bestått eit av følgande programfag: S1, S2, R1 eller R2.

Innføringsemne

ECON100 Examen facultatum - Innføring i samfunnsøkonomi.

Rekkefølgje for emne i studiet

Bachelorprogrammet i samfunnsøkonomi er lagt opp slik:

TOTALT: 180 poeng/3 år

Studentar med god matematikkbakgrunn og høge karakterar blir tilrådd å byta ut ECON140 Matematikk for økonomer med ECON243 Videregående matematikk og optimering. ECON243 kan erstatta ECON140 i fyrste semester eller tas som eit valfag seinare.

Delstudium i utlandet

Det finns i dag mange alternativ for deg som ønskjer å ta delar av utdanninga di i eit anna land. Universitetet i Bergen har samarbeidsavtaler med universitet, institusjonar og organisasjonar i mange land og regionar. Bachelorprogrammet i samfunnsøkonomi har tilbod om utanlandsopphald som ein integrert del av bachelorgraden.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vil normalt bestå av førelesningar og seminarundervisning i mindre grupper i kombinasjon med tilbakemelding på skriftlege arbeider undervegs i studiet.

Undervisningsmetodar

Undervisninga vil normalt bestå av førelesningar og seminarundervisning i mindre grupper i kombinasjon med tilbakemelding på skriftlege arbeider undervegs i studiet.

Vurderingsformer

Emna som inngår i det anbefalte studieløpet nyttar i all hovudsak avsluttande, skriftleg skuleeksamen.

 

Karakterskala

Emna som inngår i det anbefalte studieløpet blir karaktersett med bokstavkarakterar (A-F).

Grunnlag for vidare studium

Bachelorprogrammet i samfunnsøkonomi kvalifiserer for opptak til eit toårig masterprogram i samfunnsøkonomi. Masterprogrammet gir ei grundig fagleg fordjuping i samfunnsøkonomi gjennom enda fleire spesialiseringsemne og ved skriving av masteroppgåve. Dei analytiske evnene dine blir styrkte gjennom eigeninnsats i form av oppgåveløysing, aktiv deltaking i undervisninga og innlevering av skriftlege arbeid. I tillegg blir den metodiske kompetansen betra, og du blir meir fagleg sjølvstendig.

Relevans for arbeidsliv

Ei utdanning i samfunnsøkonomi gir god utteljing på arbeidsmarknaden. Samfunnsøkonomar arbeider ofte med analyse- og utgreiingsoppgåver. Nokon arbeider med forsking og undervisning, eller dei vert journalistar, valutahandlarar eller deltek i formueforvaltning i finansinstitusjonar. Utdanninga gir eit godt grunnlag for å gå inn i leiande stillingar i næringslivet eller i offentleg forvaltning. Vidare har samfunnsøkonomar òg vist seg å vere attraktive i jobbar innan internasjonale organisasjonar - det vere seg utviklingshjelp eller i utanrikstenesta. Innan privat næringsliv arbeider samfunnsøkonomar i bankar og andre finansinstitusjonar, i dei største industriverksemdene, oljeselskapa og i konsulentfirma. I staten er det særleg mange samfunnsøkonomar i departementa (der dei ofte arbeider i nær kontakt med den politiske leiinga), i Noregs Bank, Statistisk sentralbyrå og ved universitet og høgskular.

Evaluering

Alle studieprogram og emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Administrativt ansvarleg

Institutt for økonomi

E-post: post@econ.uib.no

Telefon: 55 58 92 00

Mål og innhald

Bachelorprogrammet i samfunnsøkonomi er 3-årig (180 studiepoeng). Det skal innehalda inntil 30 studiepoeng innføringsemne medrekna ex.phil., og 90 studiepoeng med spesialisering (1 1/2 års studium) innanfor samfunnsøkonomi eller ein godkjend fagkombinasjon. Alle eller delar av dei siste 60 studiepoenga kan veljast frå andre fag. Du vel emnekombinasjonar mellom dei tilboda som til einkvar tid vert gitt, og/eller emne som er godkjende som likeverdige. Eit fullført bachelorprogram fører fram til bachelorgrad.

Samfunnsøkonomi dreiar seg om korleis me brukar ressursane våre - anten det gjeld naturressursar, arbeidskraft eller produksjonsutstyr. Me undersøkjer korleis økonomien eigentleg fungerer, både vår heimlege blandingsøkonomi, dei økonomiske tilhøva i andre land, og verdsøkonomien. Me analyserer også utsiktene for å kunna auka verdiskapinga og fordela resultatet på ein meir rettferdig måte - kort sagt, korleis me kan gjera verda til ein betre stad å vera!

Samfunnsøkonomien tek opp problemstillingar som strekkjer seg frå samanhengen mellom arbeidsløyse og inflasjon til spørsmålet om kva som er rett billettpris på bussen. Dette er vanskelege og til dels uoversiktlege problemstillingar som ikkje alltid har klare svar. I faget arbeider me med metodar som er eigna til å analysera slike problemstillingar og løysa dei så langt det lèt seg gjera. Gjennom studiet i samfunnsøkonomi lærer du om slike metodar. Du lærer å strukturera problemstillingar for å finna ut kva som er viktig og kva som ikkje er det. Derfor er samfunnsøkonomar ettertrakta arbeidskraft til mange ulike stillingar i privat næringsliv, offentleg verksemd og internasjonale organisasjonar.

Fageining og spesialisering

Alle bachelorprogram byrjar første semester med ex.phil. og innføringsemne for programmet. For å få ein bachelorgrad i samfunnsøkonomi, må du sørgja for å få 90 studiepoeng med emne frå faget (rekkjefølgja avgjer du til en viss grad sjølv). Til å byrja med tek du allmenne innføringsemne, og seinare byggjer du på med spesialiseringsemne.

Eit bachelorstudium i samfunnsøkonomi inneheld nokre obligatoriske kurs, men mange emne er valfrie. Dei obligatoriske kursa sørgjer for at alle får den naudsynte grunnopplæringa i mikroøkonomi, makroøkonomi og metode (matematikk og statistikk). Dei valfrie kursa omhandlar mange ulike tema:

De siste 60 studiepoenga av bachelorgraden er i utgangspunktet frie studium. Karakteristisk for dei "frie" studiepoenga er at det ikkje vert stilt krav om samansetninga av dei. Du kan til dømes ta inn språkemne, naturvitskaplege emne, studium frå utanlandske universitet, eller andre fag ved SV-fakultetet. Du kan også ta inn inntil eitt års utdanning frå tidlegare studium, så lenge det ikkje overlappar med emna i spesialiseringa di.

Bachelorprogrammet i samfunnsøkonomi vil då sjå slik ut:

Ex. phil. og innføringsemner, 30 poeng/1/2 år

Spesialiseringsfag, samfunnsøkonomi, 90 poeng/1 1/2 år

Frie fagemne, 60 poeng/1 år

TOTALT: 180 poeng/3 år

Yrkesvegar

Ei utdanning i samfunnsøkonomi gir god utteljing på arbeidsmarknaden. Samfunnsøkonomar arbeider ofte med analyse- og utgreiingsoppgåver. Andre arbeider med forsking og undervisning, eller dei vert journalistar, valutahandlarar eller deltek i formueforvaltning i finansinstitusjonar. Mange går etter kvart inn i leiande stillingar - i næringslivet eller i offentleg forvaltning. Ein del arbeider utanlands, særleg i internasjonale organisasjonar, i utviklingshjelp og i utanrikstenesta.

Innan privat næringsliv arbeider mange i bankar og andre finansinstitusjonar, i dei største industriverksemdene, oljeselskapa og i konsulentfirma. I staten er det særleg mange samfunnsøkonomar i departementa (der dei ofte arbeider i nær kontakt med den politiske leiinga), i Noregs Bank, Statistisk sentralbyrå og ved universitet og høgskular.

Programansvarleg

Institutt for økonomi

E-post: post@econ.uib.no

Administrativt ansvarleg

E-post: post@econ.uib.no

Telefon: 55 58 92 00