Studieprogram: BASV-TVP Bachelorprogram i TV-produksjon - Vår 2021




Namn på grad

Bachelorgrad i TV-produksjon

Omfang og studiepoeng

Bachelorprogrammet i TV-produksjon er 3-årig (180 studiepoeng).

Undervisningsspråk

Undervisningsspråk er norsk. Enkelte forelesningar kan undervisast på engelsk.

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Bachelorprogrammet gir studentane allsidige kunnskapar og kompetansar for produksjon av TV-innhald. Studiet er praksisnært, og dei mange produksjonane skal gi studentane røynsle med eit breitt spekter av sjangrar og format, delvis i samarbeid med UiB sine partnerar i Media City Bergen. Formålet med dei mange og varierte øvingane, er å gi studentane solid mengdetrening. Grundig tilbakemelding frå den faglege staben gir ei bratt læringskurve og sikrar brei produksjonskompetanse innan lyd- og biletmedia.

Siste året finn det stad ei spissing og spesialisering som gir kvar student inngåande kompetanse i éin av dei følgjande fagfunksjonane: foto, regi, lyd, klipp eller produsent. Kvar student skal vera i stand til å gjera ein kompetent jobb i ei mediebedrift i den fagfunksjonen ho eller han har spesialisert seg i.

På eit meir overordna nivå ligg det faglege fokuset på idéutvikling og historieforteljing, som skal tilføra mediebransjen og mediebrukarar gode idear og dyktige formidlarar.

Det praktiske arbeidet vert utfylt og berika av akademiske førelesingar og seminar som set det heile inn i ein estetisk og historisk samanheng. Det skal vera ein fruktbar vekselverknad mellom teori og praksis, og det vert lagt vekt på akademiske perspektiv og omgrep som har relevans for det praktiske arbeidet.

Studiet søkjer altså å utnytta dei to omstenda som til saman gjer det unikt i nasjonal samanheng: For det første, bransjenærleiken, og for det andre, at det er eit universitetsstudium.

Læringsutbyte

Ein kandidat med fullført program skal ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleikar og generell kompetanse:

Kunnskapar

Kandidaten

Dugleikar

Kandidaten

Generell kompetanse

Kandidaten

Opptakskrav

Universitetet set ingen formelle krav til forkunnskapar utover generell studiekompetanse. Talet på studieplassar ved programmet er avgrensa. Opptak følgjer elles vanlege reglar, jf. samordna opptak.

Merk at det er obligatorisk oppmøte på orienteringsmøtet for nye studentar på dette studieprogrammet.

Rekkefølgje for emne i studiet

Studentane tek følgjande obligatoriske innføringsemne i første semester:

Etter det første semesteret skal studentane ta følgjande studieløp:

Delstudium i utlandet

Det er i utgangspunktet ikkje lagt opp til utveksling i løpet av ein bachelorgrad i TV-produksjon, men moglegheita for utveksling er likevel til stades. Dersom du ønskjer å reise på utveksling i løpet av denne graden, må dette gjerast i fjerde semester, og planlegginga må gjerast i samarbeid med studierettleiar. Emna du tar i utlandet må vere godkjent av instituttet på førehand, og deler av emna må ha TV/film som fagleg innhald. Om du vil reise på utveksling, bør du ta kontakt med studierettleiar i løpet av ditt andre semester.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vil normalt vere satt saman av forelesingar, workshops, rettleiing, teknisk opplæring og praktiske øvingar, kombinert med tilbakemelding på skriftlege og praktiske arbeid undervegs i studiet.

Undervisningsmetodar

Undervisninga vil normalt vere satt saman av forelesingar, workshops, rettleiing, teknisk opplæring og praktiske øvingar, kombinert med tilbakemelding på skriftlege og praktiske arbeid undervegs i studiet.

Vurderingsformer

Emna som inngår i det anbefalte studieløpet nyttar mappevurdering samt praktiske og skriftlege delekamenar, som dels vert vurdert med bokstavkarakter A-F, dels til bestått/ikkje bestått. I samband med praktiske innleveringar får studentane grundig tilbakemelding frå praksislærarar/faglærarar, i tillegg til at studentane vurderer kvarandre sine arbeid.

Karakterskala

Karakterar ved Universitetet i Bergen vert gitt på ein av to måtar; anten

  1. Som 'Bestått' eller 'Ikkje bestått', eller
  2. Som ein bokstav, etter skalaen A, B, C, D, E, F.

 

Både bestått/ikkje bestått og karakterskala vert nytta.

Grunnlag for vidare studium

Studiet kan byggjast ut med eit masterstudium i manusutvikling for seriar (MASV-MAN) eller masterstudium i medier og kommunikasjon (MASV-MEVI).

Følgjande emne inngår i opptaksgrunnlaget til masterstudiet: MEPRO100, TVP101, TVP102, TVP103, TVP104, TVP201, TVP250.

Relevans for arbeidsliv

Ein bachelorgrad i TV-produksjon kvalifiserer studentane til arbeid innan film- og TV-produksjon, både i større organisasjonar og som sjølvstendige film- og tv-skaparar. Dei kan og gå inn i store multimediale mediehus som opererer på fleire plattformer. Samankoplinga mellom tradisjonelle og nye medier sikrar at studentane er vel førebudde på svært varierte yrkessituasjonar og arbeidsoppgåver innan alle delane av det mangslungne medie-, kunst- kommunikasjons- og informasjonsfeltet.

Evaluering

Bachelorprogrammet blir kontinuerelig evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitenskapelige fakultet v/ Institutt for informasjons- og medievitenskap har det administrative ansvaret for studieprogrammet.