Studieprogram: MAHF-HIS Masterprogram i historie - Vår 2021




Namn på grad

Master i historie

Omfang og studiepoeng

Fulltid/deltid

Undervisningsspråk

Studiestart - semester

Mål og innhald

Mastergradsstudiet skal gi studentane djupare innsikt i arbeidet med kjelder og dei problema som oppstår i tilknyting til dette innafor historieforskinga. Det skal og gi studentane ei sjølvstendig haldning til historiske framstillingar og historisk kjeldemateriale, og ei innføring i sjølvstendig vitskapleg arbeid.

Mastergradsstudiet i historie er eit fire semesters fulltidsstudium, som er inndelt i ein kursdel som utgjer 60 studiepoeng, og eit sjølvstendig forskingsarbeid (HIS350 mastergradsoppgåve i historie) på 60 studiepoeng.

Emna i kursdelen gjev innsikt i relevant forskingslitteratur, metodiske og teoretiske grunnproblem samt aktuelle teknikkar. Kursdelen gjev startgrunnlag for arbeidet med ei masteroppgåve ved kritisk analyse av sentral litteratur innafor relevante forskingsfelt. Nokre emne vektlegg forholdet mellom samfunn og historiefaget og korleis ulike samfunnsoppfatningar har prega historieforskinga. Andre emne i kursdelen gjev innføring i historisk teori og metode, der det blir sett fokus på avgrensing, klargjering og analyse av forskingslitteratur/kjelder. Emna i kursdelen er strukturert og organisert slik at dei leier fram til arbeidet med masteroppgåva.

Oppgåveskriving, dokumentasjon og diskusjon er ein sentral del ved alle emna i kursdelen. Dette skal gje grunnlag for at masteroppgåva kan bli eit sjølvstendig, vitskapleg, veldokumentert og nyskapande forskingsresultat.

Den organisastoriske og faglege ramma for både kursdelen og masteroppgåva er masterseminara for historie. Masterseminara er kronologisk og tematisk inndelt og organiserer alle masterstudentane og rettleiarane i faste seminargrupper med faste møteplanar.

Læringsutbyte

Kunnskapar:

Kandidaten har avansert kunnskap innanfor sitt forskningsfelt, og spesialisert innsikt i temaet som er gjenstand for masteroppgåva. Ved fullført mastergrad er kandidaten ein fagekspert innan sitt forskingsfelt. I tillegg til ein brei empirisk kunnskapsbase, har kandidaten innsikt i fagtradisjonar, forskingsetiske problemstillingar, historiefagets plass i samfunnet, samt ei solid forståing av metodar og teoriar som analytiske verktøy. Kandidaten kan anvende sin kunnskap på nye område av historiefaget.

 

Ferdigheiter:

Kandidaten kan forholde seg kritisk til historiske framstillingar og historisk kjeldemateriale, og kan bruke fagets teori, metodar og teknikkar i sjølvstendig løysing av historiske problem. Kandidaten kan analysere og forholde seg kritisk til ulike kjelder, avgrense saksforhold på basis av store informasjonsmengder og dokumentere sine funn i tråd med faglege krav og standardar. Kandidaten kan gjennomføre eit sjølvstendig, avgrensa forskingsprosjekt under rettleiing og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer.

Kandidaten kan formidle forskingsarbeid på ein kyndig og forståeleg måte i skriftleg form.

 

Generell kompetanse:

Kandidaten er kvalifisert til å handtere, vurdere og analysere komplekse saksbilete, syntetisere relevant informasjon samt å grunngje eigne slutningar. Gjennom arbeidet med eit sjølvstendig forskingsarbeid har kandidaten vist evne til å problematisere og reflektere kring omgrep, kunnskap, teori og metode på ein forskingsetisk forsvarleg måte. Kandidaten har òg kompetanse i vitskapleg diskusjon og kommunikasjon, både skriftleg og munnleg, og kan gjere kompliserte saksforhold forståeleg for eit breiare publikum.

Opptakskrav

Masterprogrammet i historie byggjer på ein bachelorgrad med minst 80 studiepoeng fagleg fordjuping i historie, eller tilsvarande.

Bachelorgrad frå UiB som kvalifiserer:

Andre bachelorgradar som kvalifiserer:

Du må også ha:

Tilrådde forkunnskapar

Obligatoriske emne

Av dei fire emna som utgjer kursdelen i masterstudium i historie, er følgjande to emne obligatoriske i kursdelen: HIS301 Historisk forskingslitteratur og HIS303 Forskingsproblem og kjeldearbeid. HIS350 Masteroppgåve i historie er obligatorisk i studiet.

 

For studentar som er teke opp på masterprogrammet via Høgskulen i Bergen (mastergradsstudium i historie med samfunnsdidaktikk), er emna HIS305 Historie- og samfunnsfag i undervisning og formidling og HIS306 Kampen om fortida - bruken av historie i samfunn og politikk, obligatoriske emne i kursdelen.

Tilrådde valemne

Følgjande valemne blir tilbydd ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR): 

 

HIS302 Historisk teori og metode

HIS304 Teknikkar i historiefaget

HIS307 Fordjupning i historie (Særskild suppleringsemne) (5 stp)

HIS308 Historieformidling

HIS309 Historikarens arbeidsmåtar

 

Instituttet tilrår sterkt å la HIS302 inngå i masterstudiet. HIS304 kan bytast ut med reiskapsemne frå andre fag/institusjonar, som til dømes språk, statistikk og intervjuteknikk. Val må skje i samråd med rettleiar og etter søknad til instituttet. Dersom eit erstatningsemne for HIS304 ikkje oppfyller kravet til 15 studiepoeng, kan manglande studiekrav supplerast med emnet HIS307. HIS307 er ikkje eit ordinært emne, men eit suppleringsemne (5 stp).

I byrjinga av studiet vel studentane i samråd med rettleiar kva masterseminar dei bør delta på.

Omfang masteroppgåva

Masteroppgåva kan ha ei lengd på mellom 80-110 sider og arbeidet med masteroppgåva er normert til to semester

Rekkefølgje for emne i studiet

Instituttet tilrår følgjande studieprogresjon:

  1. semester: Det obligatoriske emnet HIS301 Historisk forskingslitteratur og valemnet HIS302 Historiografi.
  2. semester: Det obligatoriske emnet HIS303 Forskingsproblem og kjeldearbeid og eit av valemna HIS304 Teknikkar i historiefaget, HIS308 Historieformidling eller HIS309 Historikarens arbeidsmåtar.
  3. semester: HIS350 Masteroppgåve i historie.
  4. semester: HIS350 Masteroppgåve i historie.

 

Kursdelen skal normalt vere gjennomført før studenten kan levere masteroppgåva (HIS350).

Krav til progresjon i studiet

Ei rettleiingsavtale for mastergradstudiet ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR) gjer greie for rettar og plikter for student, rettleiar og institutt. Avtalen skal underskrivast i første semester.

Delstudium i utlandet

Instituttet rår til at studentar som ynskjer utanlandsopphald i samband med mastergrads-studiet, gjennomfører dette i det andre semesteret. Innpassing av instituttet sitt undervisnings-tilbod, emne frå andre fag/institusjonar eller utanlandsopphald vil kunne gjere det naturleg å endre på den tilrådde studieprogresjonen.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisningsmetodane varierer frå emne til emne og er avhengig av emnets mål, organisering og innhald. På masterprogrammet har ein derfor ulike metodar som forelesingar, seminar, grupperettleiing og individuell rettleiing, med særskild vekt på seminarundervisning (masterseminar).

Undervisningsmetodar

Undervisningsmetodane varierer frå emne til emne og er avhengig av emnets mål, organisering og innhald. På masterprogrammet har ein derfor ulike metodar som forelesingar, seminar, grupperettleiing og individuell rettleiing, med særskild vekt på seminarundervisning (masterseminar).

Vurderingsformer

Kvart emne blir avslutta med ein eksamen. Det vert nytta ulike typar skriftlege og munnlege eksamensformar (skuleeksamen, semesteroppgåver, munnleg prove, masteroppgåve). Dei eksamensformene som blir nytta er gjort greie for under kvart einskilt emne. Sjå emneomtalane for nærare omtale av dei enkelte emnas eksamensform.

Karakterskala

Ved fastsetjing av karakterane vil det bli nytta ein gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk, eller greidd/ikkje greidd.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Grunnlag for vidare studium

Etter endt mastergrad i historie kan du søke opptak til postmasteremnene AHKR391 Forskningsfordypning etter mastergrad og AHKR392 Historieformidling etter mastergrad.

http://www.uib.no/emne/AHKR391Trykk her for informasjon om AHKR391

http://www.uib.no/emne/AHKR392Trykk her for informasjon om AHKR392

Mastergrad i historie kan gi kompetanse for vidare studium på ph.d.-nivå.

Relevans for arbeidsliv

Masterprogrammet kvalifiserer for stillingar der realhistoriske kunnskapar, dokumentert evne til skriftleg og munnleg formidling og innsikt i historiefagets forskingsmetodar er relevante. Masterutdanninga har likevel verdi langt utover spesialkunnskapar i eit bestemt historiefaglig felt. Masterprogrammet opnar for karriere innan skuleverket, museum, offentlege og private arkiv, kulturinstitusjonar, media, offentleg og privat forvaltning.

 

Studiet gjev, gjennom grundig skolering i kjeldekritikk, studentane ei svært god øving i tolking av tekst. Arbeidet med større vitskapelege oppgåver, gjev studentane ei sterk generell skolering i problemløysing, knytte til innsamling, bearbeiding og presentasjon av store mengder informasjon, og bruken av denne informasjonsmengda til å svare på konkrete spørsmål. I løpet av masterstudiet tileignar mange seg også kunnskapar i hjelpedisiplinar som statistikk, EDB, framandspråk eller intervjuteknikk, og tek i bruk metodar og teoriar frå andre samfunnsfag som antropologi, sosiologi, statsvitskap eller økonomi.

 

Arbeidssøkjarar med master i historie vil derfor være særleg vel kvalifiserte i yrker kor søk, bearbeiding og systematisering av informasjon og analytisk klar presentasjon står sentralt. Ein historisk-metodisk tilnærming og historiefaglige perspektiv kan ofte bidra til innsikter på dagsaktuelle problemfelt som samtidsorienterte analyseteknikkar ikkje kan gi aleine. Faget har tradisjon for kommunikasjon med eit breitt publikum og ein høg språkleg formidlingsstandard.

Evaluering

Programmet blir jamleg evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap.

Administrativt ansvarleg

studierettleiar@ahkr.uib.no

Kontaktinformasjon

Søknadsprosedyre

Du søkjer opptak til Det humanistiske fakultet. Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du på http://link.uib.no/?1QO0l

Mål og innhald

Mastergradsstudiet i historie er eit fire semesters fulltidsstudium, som er inndelt i ein kursdel som utgjer 60 studiepoeng, og eit sjølvstendig forskingsarbeid (mastergradsoppgåve) på 60 studiepoeng.

Mastergraden kvalifiserer for stillingar der realhistoriske kunnskapar, dokumentert evne til skriftleg og munnleg formidling og innsikt i historiefagets forskingsmetodar er relevante (t.d. skuleverket, offentlege og private arkiv, museumsinstitusjonar, media, offentleg administrasjon osv.).

Mastergradsstudiet skal gi studentane djupare innsikt i arbeidet med kjelder og dei problema som oppstår i tilknyting til dette innafor historieforskinga. Det skal og gi studentane ei meir sjølvstendig haldning til historiske framstillingar og historisk kjeldemateriale, og ei innføring i sjølvstendig vitskapleg arbeid. Studentane skal sjølve bruke fagets teori, metodar og teknikkar i løysinga av historiske problem.

Opptaksgrunnlag

Mastergrad i historie byggjer på oppnådd bachelorgrad (180 studiepoeng) med 90 poeng spesialisering i historie, eller tilsvarande.

Krav til forkunnskapar

Masterprogrammet i historie byggjer på oppnådd bachelorgrad (180 studiepoeng) med 90 poeng spesialisering i historie, eller tilsvarande.

Metode

Forskingsmetodane innan historiefaget er mangfaldige og varierte, avhengig av problemstillingar, kjeldemateriale og teoretisk tilnærming. Instituttet ønskjer å leggje til rette for at du skal kunne tileigne deg kompetanse innan ulike metodar tilpassa ditt eige forskingsprosjekt.

Masteroppgåve

Masteroppgåva skal vere ei vitskapleg avhandling som byggjer på studiar av historiske kjelder og/eller historisk forskingslitteratur. Gjennom forskingspraksis skal masteroppgåva gi deg djupare innsikt i teori og metode innan historieforsking. Ho skal også gi deg ei meir sjølvstendig haldning til historiske framstillingar og historisk kjeldemateriale i tillegg til innføring i eige vitskapleg arbeid. Alle masterstudentar ved instituttet har rett til individuell rettleiing. Du får tildelt rettleiar tidleg i studiet. Rettleiaren vil vere vitskapleg tilsett ved Historisk institutt.

Oppbygging av studiet

Masterprogrammet omfattar ein kursdel på til saman 60 sp og ei masteroppgåve på 60 sp. Det vil vere gode høve for utanlandsopphald, og vi er innstilt på å finne fleksible ordningar for deg som vil reise ut. Emna i kursdelen er strukturerte slik at dei leier fram til arbeidet med masteroppgåva. Dei gir innsikt i relevant forskingslitteratur, metodiske og teoretiske grunnproblem samt aktuelle teknikkar. Val av emne varierer alt etter kva tema som blir vald for masteroppgåva. Ein stor del av undervisninga blir organisert som seminar. Vi tilbyr kvart semester sju ulike masterseminar som gjenspeglar tidsperiodar og forskingsfelt ved instituttet: 1) Det austlege Middelhav og Midtaustens verd. Fra Babylon til Bysants 2) Mellomalderseminar, 3) Seminar i tidleg moderne tid, 4) Individ, kultur og samfunn i Europa etter 1800, 5) På tvers av grenser. Internasjonaliserings- og globaliseringprosessar etter 1945, 6) Politikk, forvalting og arbeidsliv. Norge og Europa etter 1945, 7) Midtaustenseminar. Eit masterprogram i historie vil sjå slik ut:

1. semester: HIS301 Historisk forskingslitteratur og HIS302 Historisk teori og metode (eller Historie- og samfunnsfag i undervisning og formidling (Samfunnsfagdidaktikk I)

2. semester: HIS303 Forskingsproblem og kjeldearbeid og HIS304 Teknikkar i historiefaget (eller Kampen om fortida - bruken av historie i samfunn og politikk (Samfunnsfagsdidaktikk II)

3. og 4. semester: Masteroppgåva

Fageining og spesialisering

Masterprogrammet i historie tilbyr følgjande emne:

HIS 301 Historisk forskingslitteratur 15 stp. Semester: Vår og Haust. Obligatorisk

HIS 302 Historisk teori og metode 15 stp Semester: Haust

HIS 303 Forskingsproblem og kjeldearbeid 15 stp Semester : Vår og haust. Obligatorisk

HIS 304 Teknikkar i historiefaget 15 stp Semester: Vår

HIS 350 Mastergradsoppgåve 60 stp Obligatorisk.

Følgjande emne vert tilbudd saman med Høgskulen i Bergen:

(HIS 305 Historie- og samfunnsfag i undervisning og formidling (Samfunnsfagdidaktikk I) 15 stp. Semester: Haustsemestre med opptak på masterprogram i historie med samfunnsdidaktikk)

(HIS 306 Kampen om fortida - bruken av historie i samfunn og politikk(SamfunnsfagdidaktikkII) 15 stp. Semester: Vårsemestre (2.sem.) påfølgjande haustsemester med opptak på masterprogram i historie med samfunnsdidaktikk)

Yrkesvegar

Masterprogrammet kvalifiserer til stillingar der realhistoriske kunnskapar, dokumentert evne til skriftleg og munnleg formidling og innsikt i historiefaget sine forskingsmetodar er relevante (f.eks. skoleverket, offentlege og private arkiv, museumsinstitusjonar, media, offentleg administrasjon osv.). Gjennom masterprogrammet tileigner studenten seg kompetanse i problemløysing, informasjonssøking og analyse som generelt er etterspurde kvalifikasjonar i den offentlege og private arbeidsmarknaden.

Delstudium i utlandet


Oppstart

Hovudopptak haust.

Reglement

Mastergradsstudentar med studieplass ved Historisk institutt har rett til individuell rettleiing. Rettleiar vert tildelt mot slutten av første semester. Rettleiinga er regulert gjennom individuelle rettleiingsavtaler.

Planforslag

Instituttet tilrår følgjande studieprogresjon for studentar som ikkje skal skrive ei fagdidaktisk mastergradsoppgåve:

1. semester HIS 301 HIS 302

2. semester HIS 303 HIS 304

3. semester HIS 350 (Mastergradsoppgåve)

4. semester HIS 350 (Mastergradsoppgåve)

Studentane må ta HIS 301 og HIS 303. Både HIS 302 og HIS 304 kan bytast ut. Ein kan då velje mellom HIS 305/HIS306 eller 300-emne frå andre fag/institusjonar etter søknad. Om studentar har teke Historisk teori og metode (HIS302) på 200-nivå, må dei velje eit anna emne på 300-nivå (15 stp.).

Meir informasjon

E-post: studieveileder@ahkr.uib.no