Studieprogram: MAHF-KUVI Masterprogram i kulturvitenskap - Høst 2021




Namn på grad

Master i kulturvitskap

Omfang og studiepoeng

Fulltid/deltid

Fulltid 2 år/ deltid 4 år

Undervisningsspråk

Studiestart - semester

Mål og innhald

Mastergradstudiet skal gi studentane djupare innsikt i kulturvitskapens problemstillingar og forskingsstrategiar. Det skal og gi studentane ei sjølvstendig haldning til faglege framstillingar og kulturvitskapleg materiale og ei innføring i sjølvstendig vitskapleg arbeid. Mastergradsstudiet er eit fire semesters fulltidsstudium, som er inndelt i ein kursdel på totalt 60 studiepoeng og ei mastergradsoppgåve på 60 studiepoeng.


Emna i kursdelen gir innsikt i relevant forskingslitteratur, teoretiske grunnproblem, metode og teknikkar, samt forskingsetikk. Kursdelen gir startgrunnlag for arbeidet med ei masteroppgåve ved kritisk analyse av sentral litteratur innanfor relevante forskingsfelt. Emna i kursdelen er strukturert og organisert slik at dei leier fram til arbeidet med masteroppgåva.

Oppgåveskriving, dokumentasjon og diskusjon er ein sentral del ved alle emna i kursdelen. Masteroppgåva skal vere eit sjølvstendig fagleg arbeid. Undervisninga skal gje grunnlag for at den kan bli eit vitskapleg og veldokumentert arbeid.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

Kandidaten

 

Ferdigheiter:

Kandidaten


Generell kompetanse:

Kandidaten

Opptakskrav

Masterprogrammet i kulturvitskap byggjer på ein bachelorgrad med minst 80 studiepoeng fagleg fordjuping i kulturvitskap, eller tilsvarande.

Bachelorgrad frå UiB som kvalifiserer:

Andre bachelorgradar som kvalifiserer:

Du må også ha:

Tilrådde forkunnskapar

Obligatoriske emne

KUVI301, KUVI302, KUVI305, KUVI306, KUVI350 og AHKR300 er obligatoriske. Studenten kan søkje om fritak ved delstudium i utlandet.

Tilrådde valemne

Omfang masteroppgåva

Masteroppgåva skal vera på 70 - 110 sider og gir 60 studiepoeng.

Rekkefølgje for emne i studiet

Etter første året skal studenten vera ferdig med kursdelen av masterstudiet. Det andre året skal nyttast til å arbeide med masteroppgåva.Vi anbefaler å ta AHKR300 i det 3. eller 4.semester

 

  1. semester: KUVI301 og KUVI305
  2. semester: KUVI302 og KUVI306
  3. semester: arbeid med masteroppgåva (KUVI350)
  4. semester: arbeid med masteroppgåva (KUVI350)

Krav til progresjon i studiet

Etter første året skal studenten vera ferdig med kursdelen av masterstudiet. Det andre året skal nyttast til å arbeide med masteroppgåva.

Delstudium i utlandet

Studenten kan søkje om å ta eit semester delstudium i utlandet. Eit opphald ved eit utanlandsk universitet kan gje både breidde og djupne i læringsutbyttet til studiet, i tillegg verdifull internasjonal røynsle. UiB har utvekslingsavtalar med universitet i hele verda. Kulturvitskap er med i eit aktivt Nordplusnettverk, og tilrår utveksling med Københavns universitet, Lunds universitet og Stockholms universitet.

Eit utanlandsopphald bør planleggjast i god tid på førehand, og studiekonsulent på programmet rettleiar gjerne i prosessen. Sjå http://www.uib.no/utvekslingwww.uib.no/utveksling

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisningsmetodane varierer frå emne til emne og er avhengig av emnets innhald, organisering og læringsutbytte. I løpet av studiet vil studentane bli kjent med arbeid- og undervisningsformar som forelesingar, seminar, grupperettleiing og individuell rettleiing, og tileigne seg kompetanse i desse gjennom aktiv deltaking i undervisinga.

Undervisningsmetodar

Undervisningsmetodane varierer frå emne til emne og er avhengig av emnets innhald, organisering og læringsutbytte. I løpet av studiet vil studentane bli kjent med arbeid- og undervisningsformar som forelesingar, seminar, grupperettleiing og individuell rettleiing, og tileigne seg kompetanse i desse gjennom aktiv deltaking i undervisinga.

Vurderingsformer

Gjennom programmet vert studentane prøvd på ulike måtar, til dømes heimeeksamen, semesteroppgåve og munnleg prøve. Vurderingsforma er tilpassa emnets art, innhald og læringsutbytte, og ulike vurderingsformer er valt for å prøve studentane i ulike typar kunnskap og for å gi dei mogelegheit til å utvikle kompetanse i både skriftleg og munnleg presentasjon.

Dei vurderingsformene som blir nytta er gjort greie for under kvart einskilt emne. Sjå emneomtalane for nærare omtale av dei enkelte emnas vurderingsform.

Karakterskala

Det vert nytta bokstavkarakterar, der A er høgste karakter og F er stryk. Det vert også nytta greidd / ikkje greidd.

 

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål blir skrive ut etter at graden er fullført.

Grunnlag for vidare studium

Mastergrad i kulturvitskap kan gi kompetanse for vidare studium på ph.d.-nivå. Kandidatar med mastergrad frå AHKR er og kvalifisert til opptak på postmaster-emna AHKR391 og AHKR392.

Relevans for arbeidsliv

Masterprogrammet kvalifiserer for stillingar der kulturvitskaplege kunnskapar, dokumentert evne til skriftleg og munnleg formidling og innsikt i forskingsmetodar er relevante. Masterutdanninga har likevel verdi langt utover spesialkunnskapar i eit bestemt fagleg felt. Masterprogrammet opnar for karriere innan museum, kulturminnevern, kulturinstitusjonar, arkiv, media samt offentleg og privat forvaltning.

Studiet gjev, gjennom grundig skolering i kulturvitskaplege metodar og materialhandtering, svært god øving i tolking av tekst. Arbeidet med større vitskaplege oppgåver, gjev studentane ei sterk generell skolering i problemløysing, knytt til innsamling, behandling og presentasjon av store mengder informasjon, og bruken av denne informasjonsmengda til å svare på konkrete spørsmål.

Arbeidssøkjarar med master i kulturvitskap vil derfor være særleg kvalifiserte til yrke der søk, behandling og systematisering av informasjon og analytisk klar presentasjon står sentralt.

Evaluering

Masterprogrammet blir kontinuereig evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved

UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no.

 

Programansvarleg

Utval for undervisning og internasjonalisering ved AHKR har ansvar for fagleg innhald og

oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.

 

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet v/Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

 

Kontaktinformasjon

Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet, dersom du har spørsmål:

studierettleiar@ahkr.uib.no

Søknadsprosedyre

Du søkjer opptak til Det humanistiske fakultet. Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du på http://link.uib.no/?1QO0l

Mål og innhald

Fagomtale

Mastergradsstudiet tek sikte på å gje studentane innsikt i kulturvitskaplege problemstillingar og forskingsstrategiar. Studiet har mange utfordringar, både når det gjeld ulike kvalitative dokumentasjonsmåtar, analyse av ulike typar materiale, og dei forskingsetiske problema ved det å driva kulturvitskapleg forsking. I arbeidet med masteroppgåva skal studentane læra seg å bruka fagets metodar og teoriar i eit empirisk forskingsprosjekt. Siktemålet med mastergradsstudiet er elles å gje fordjupa forskingskompetanse innanfor eit sjølvvalt emne.

Mastergrad i kulturvitskap er bygd opp rundt tre studieretningar: Etnologi, folkloristikk og kulturvern og kulturformidling. Studentane skal spesialisera seg innanfor éi av desse studieretningane. Mastergraden skal samstundes setja dei tre retningane inn i ein større kulturvitskapleg samanheng. I undervisninga vil slektskapen og ulikskapen mellom dei tre studieretningane verta diskutert.

Masterstudiet skal gjera studentane kjende med nyare tenkjemåtar, teoriar og metodar innanfor kulturfaga. Ekskursjonar og studieturar kan inngå som ein del av studiet.

Emneoversikt

Masterstudiet er bygt opp rundt ein kursdel på 60 studiepoeng og ei masteroppgåve på 60 studiepoeng.

Fullstendig oversikt over innhaldet i emna finn du under emneomtalane.

KUVI301 Fellespensum i kulturvitskap, 15sp. Semester: H. Byggjer på: BA. Valfri

KUVI302 Prosjektskildring, 15sp. Semester: H. Byggjer på: BA. Obligatorisk: Ja

KUVI303Obligatorisk innlegg, 15sp. Semester: V/H. Byggjer på: KUVI301 og KUVI302. Obligatorisk: J

KUVI304 Kvalitative metodar og forskingsetikk, 15sp. Semester: V. Byggjer på: KUVI301 og KUVI302. Obligatorisk: Ja

KUVI350 Masteroppgåve, 60sp. Semester: V/H. Obligatorisk: Ja

Masterstudentar i kulturvitskap kan ta inn valfrie emne på masternivå frå andre fag (15 studiepoeng). Innpassing av slike emne må godkjennast av seksjonen før studenten kan melda seg opp til eksamen i emnet.

Studiepoeng på masternivå frå andre norske eller utanlandske lærestader kan erstatta valfrie studiepoeng eller eit obligatorisk emne i mastergraden. Utvekslingsopplegg skal godkjennast av seksjonen før utvekslinga finn stad.

Opptaksgrunnlag

Studiet byggjer på fullført bachelorgrad eller tilsvarande utdanning. Bachelorstudiet må omfatte ei spesialisering i kulturvitskap på minst 90 studiepoeng.

Metode

Masteroppgåva i kulturvitskap skal skrivast innanfor eit kulturvitskapleg tema. I oppgåva må du dokumentere evne til sjølvstendig, kritisk og metodisk arbeid og meistre den framsillings- og dokumentasjons- teknikken som høver for emnet.

Masteroppgåve

Masteroppgåva skal skrivast innan eit sjølvvald tema, og godkjennast av fagmiljøet. Oppgåva skal vere ei vitskapleg gransking basert på kulturvitskaplege tema. Omfanget skal vere på om lag 70-110 sider. Du får tildelt ein mellombels rettleiar under arbeidet med KUVI302 Prosjektskildring. Når dette emnet er fullført får du tildelt ein fast rettleiar. Rettleiinga er ein obligatorisk del av studiet.

Oppbygging av studiet

Studiet er sett saman av ein kursdel på 60 sp og ei masteroppgåve på 60 sp. I kursdelen er nokre emne obligatoriske, medan andre er valfrie. Dei obligatoriske emna er KUVI302 Prosjektskildring, KUVI303 Obligatorisk innlegg, KUVI304 Kvalitative metodar og forskingsetikk og KUVI350 Masteroppgåve. Valfritt emne er KUVI301 Fellespensum i kulturvitskap.

Eit masterprogram i kulturvitskap kan sjå slik ut:

1. semester:

KUVI302 - Prosjektskildring 15 sp

KUVI301 - Fellespensum i kulturvitskap (Valfritt emne) 15 sp

2. semester:

KUVI303 - Obligatorisk innlegg 15 sp

KUVI304 - Kvalitative metodar og forskingsetikk 15 sp

KUVI350 - Masteroppgåve

3. og 4. semester:

KUVI350 - Masteroppgåva 60 sp

Oppstart

Haust.

Planforslag

Mastergradsstudiet i kulturvitskap er eit fulltidsstudium over fire semester, og gjev 120 studiepoeng. Hovudopptak er om hausten. Nye mastergradsstudentar skal underteikna ein kontrakt med Dethumanistiske fakultet. Kontrakten regulerer kva rettar og plikter du har som masterstudent. Du har plikt til å setja deg inn i kontraktvilkåra.

Du får tildelt ein mellombels rettleiar for arbeidet med KUVI302. Når dette emnet er fullført, får du tildelt fast rettleiar. Ved studiestart i haustsemesteret skjer dette i slutten av fyrste semester. Du har rett og plikt til å ta imot rettleiing i fire semester. Vilkåra for rettleiing er å finna i ein eigen kontrakt som student og rettleiar skriv under.

Tilrådd progresjon for dei som byrjar om hausten:

1. semester HAUST: KUVI301, KUVI302

2. semester VÅR: KUVI303. KUVI304, KUVI350

3. semester HAUST: KUVI303, KUVI350

4. semester VÅR: KUVI350

Tilrådd progresjon for dei som byrjar om våren:

1. semester VÅR: KUVI303, KUVI304

2. semester HAUST: KUVI301, KUVI302

3. semester VÅR: KUVI350

4. semester HAUST: KUVI350

Meir informasjon

studierettleiar@ahkr.uib.no / 55 58 30 29