Studieprogram: MAHF-RUSS Masterprogram i russisk - Vår 2021




Namn på grad

Master i russisk

Omfang og studiepoeng

Fulltid/deltid

Fulltid


Om du vil ta heile eller delar av studiet som eit 50% deltidsstudium, må du levere formell søknad til instituttet. Les meir om dette i http://www.uib.no/hf/22765/rutinar-masterstudiet-ved-hfRutinar for masterstudiet ved HF.

Undervisningsspråk

I hovudsak norsk og russisk.

 

Sjå den einskilde emneplanen for emna som inngår i programmet.

Studiestart - semester

Haust. Det kan vere aktuelt å ta opp studentar også til vårsemesteret. Ta kontakt med studierettleiar ved spørsmål om opptak.

Mål og innhald

Studiet har som mål å utdjupe kunnskapane og vidareutvikle ferdigheitene som studentane har med seg frå tidlegare russiskstudium i russisk språk, litteratur og kultur, og gir djupnekunnskap på problemfeltet til den sjølvvalde masteroppgåva.

Studiet skal auke dei teoretiske kunnskapane, øve opp evna til kritisk refleksjon og gje ei grunnleggjande forskarskolering som set studenten i stand til å leggje fram, diskutere og drøfte faglege problemstillingar, munnleg (på masterseminar, under rettleiing og i presentasjon av masteroppgåva) så vel som skriftleg (i masteroppgåva og andre skriftlege arbeid), på norsk (evt. engelsk) og på russisk. Elles vil masterstudiet i russisk utvide og styrkje den språklege kompetansen både munnleg og skriftleg.

Studiet tar opp sentrale tema innanfor russisk språk-, litteratur- og kulturvitskap.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten har

 

Ferdigheiter

Kandidaten kan

Generell kompetanse

Kandidaten

Opptakskrav

Masterprogrammet i russisk byggjer på ein bachelorgrad med 80 studiepoeng fagleg fordjuping i russisk språk, litteratur og kultur, eller tilsvarande. 

Bachelorgrad frå UiB som kvalifiserer:

¿ Bachelorgrad i russisk

Andre bachelorgrader som kvalifiserer:

¿ Andre bachelorgradar kan kvalifisere dersom du har minst 80 studiepoeng i russisk språk, litteratur og kultur eller tilsvarande. 

Du må også ha:

¿ Snittkarakter på minimum C i emna du får opptak på grunnlag av.

¿ Språkkrava i både norsk og engelsk for dette studieprogrammet dekker du med https://www.samordnaopptak.no/info/utenlandsk_utdanning/sprakkrav/krav-til-norsk-og-engelsk-for_hoyere_utdannning/index.htmlgenerell studiekompetanse, anten på grunnlag av norsk vidaregåande skule eller på annan måte.

Tilrådde forkunnskapar

Ikkje relevant.

Innføringsemne

Det er ingen innføringsemne til masterstudiet.

Obligatoriske emne

Studentane vel i tillegg emne på til saman 15 stp, sjå nærare spesifikasjonar under «Tilrådde valemne».

Studentane får òg tilbod om munnleg undervisning med språkpedagogane under heile studieløpet. Studentane skriv masteroppgåve i det 3. og 4. semesteret, men blir oppmoda til å delta på undervisninga som ligg under RUS350 - masterseminar og munnleg undervisning - frå første semester av.

Tilrådde valemne

Minst eitt masteremne må vere i same disiplin (språk, litteratur eller kultur) som masteroppgåva. Masteremne i same disiplin skal representera ulike område i disiplinen.

Studentar som skriv masteroppgåve i litteratur, tek i tillegg RUS306 (særemne, lesekurs, 15 stp) fellesemnet ALLV201 (15 stp) eller etter søknad eit anna godkjend valemne som stør opp under oppgåva, gjerne ein kombinasjon av RUS307 (særemne, lesekurs, 5 stp) og eit anna 10 stp-kurs.

Studentar som skriv masteroppgåve i språk, tek i tillegg RUS306 (særemne, lesekurs, 15 stp), fellesemna LING311 (10 stp) og DASP307 (5 stp)/ RUS307 (5 stp) eller etter søknad eit anna godkjend valemne som stør opp under oppgåva, gjerne ein kombinasjon av RUS307 (særemne, lesekurs, 5 stp) og eit anna 10 stp-kurs.

Studentar som skriv masteroppgåve innan kultur, vel etter søknad det emnet som best stør opp under oppgåva, gjerne RUS306 (særemne, lesekurs, 15 stp) eller ein kombinasjon av RUS307 (særemne, lesekurs, 5 stp) og eit anna 10 stp-kurs.

Studentar kan søkja om individuell innpassing av eksamenar som er tekne ved eit anna institutt eller ein annan institusjon.

Rekkefølgje for emne i studiet

Tilrådd rekkjefølgje for emne i studiet:

1. semester (haust)

 

2. semester (vår)

 

 

3. semester (haust)

 

4. semester (vår)

Alle emna i kursdelen (totalt 60 stp) må være fullførte før innlevering av masteroppgåva.

Studentane blir oppmoda til å delta på masterseminar frå første semester av, og til å utarbeida ei prosjektskisse i andre semester.

Studentane får òg tilbod om munnleg undervisning med språkpedagogane under heile studieløpet.

Krav til progresjon i studiet

Normal studieprogresjon (30 stp./semester)

Delstudium i utlandet

Det er sterkt tilrådd og tilrettelagt for at studentane tar delar av programmet som utvekslingsstudent i eit anna land.

Tilrådde utvekslingsstader finn ein på nettsida til studieprogrammet.

Ein kan òg velje frå Universitetet i Bergen sine avtaler med studiestader i heile verda. All informasjon om utveksling finn ein på http://www.uib.no/utvekslingwww.uib.no/utveksling.

Arbeids- og undervisningsformer

Gjennom ulike undervisingsformer får studentane moglegheit til å studere og nærme seg faget på ulike måtar. Undervisninga er forskingsbasert og føreset aktiv deltaking frå studentane. 

Arbeidsmetodar og undervisingsformer kan vere førelesingar, seminar, munnleg russisk, gruppearbeid, skriftlege og munnlege presentasjonar, omgreps- og problemfokuserte oppgåver, problembasert læring, rettleiing og praktisk bruk av digitale verktøy.

Studentane blir oppmoda til å delta på masterseminar frå første semester av, og til å leggja fram eit tema for masteroppgåva, diskutera dette med faglærarane og skriva under ein rettleiingskontrakt så tidleg som mogleg i andre semester. Det er også ønskjeleg at studentane utarbeider ei prosjektskisse i andre semester.

For nærare informasjon, sjå dei einskilde emneplanane.

Undervisningsmetodar

Førelesingar/seminar/individuell rettleiing

Vurderingsformer

Gjennom studiet møter studentane ulike vurderingsformer. Til dømes skriftleg skuleeksamen, rettleidd oppgåve, munnleg presentasjon, heimeeksamen og mappevurdering.

Vurderingsformene er tilpassa læringsutbyttet i dei ulike emna.

Masterstudiet blir avslutta med ein munnleg eksamen der masteroppgåva blir diskutert.

For nærare informasjon om vurderingsformer, sjå dei einskilde emneplanane.

Karakterskala

Ved sensur av emna i programmet kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:

Sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål og vitnemålstillegg blir skrive ut etter at graden er fullført.

Grunnlag for vidare studium

Fullført masterprogram med gode resultat kvalifiserer til å søkje om opptak på doktorgradsstudium i relevante fag.

Relevans for arbeidsliv

Med mastergrad i russisk vil du kunna undervisa i russisk på høgare nivå og for variert arbeid både i offentleg og privat sektor på felt der det internasjonaliserte samfunnet set høge krav til både språk- og kulturkunnskapar. Andre yrkesvegar kan til dømes vere arbeid innanfor kulturformidling, forlagsverksemd, media, offentleg forvaltning og omsetjing. Studiet kan dessutan danne grunnlag for forskarutdanning i russisk språkvitskap, litteraturvitskap eller kulturforsking.

Evaluering

Masterprogrammet blir kontinuerleg evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Skikkavurdering og autorisasjon

Programmet har ikkje krav om skikkavurdering eller autorisasjon.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet

Administrativt ansvarleg

Institutt for framandspråk ved Det humanistiske fakultet har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

mailto:studierettleiar@if.uib.nomailto:studierettleiar@if.uib.no

mailto:studierettleiar@if.uib.nostudierettleiar@if.uib.no
Tlf. 55 58 93 70

Søknadsprosedyre

Du søkjer opptak til Det humanistiske fakultet. Søknadsfristen er 1. juni for studiestart i august. Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du på http://link.uib.no/?1QO0l

Mål og innhald

Mastergradsstudiet i russisk skal auka dei teoretiske kunnskapane og øva opp evna til kritisk refleksjon. Studiet skal også gi ei grunnleggjande forskarskulering som set studenten i stand til å diskutera og løysa faglege problemstillingar under rettleiing, særleg i samband med masteroppgåva, og elles skal studiet utvida og styrkja den språklege kompetansen, både munnleg og skriftleg.

Mastergradsstudiet har to liner, ei språkleg og ei litterær. Emnet for masteroppgåva kan liggja innanfor russisk lingvistikk, litteraturvitskap eller kulturhistorie.

Opptaksgrunnlag

Mastergradsstudiet byggjer på ein bachelorgrad med spesialisering i russisk på 90 studiepoeng. Studentar som ønskjer å søkje opptak til masterprogram i russisk på anna grunnlag enn det som er oppgitt å vere godkjent spesialisering i russisk (sjå studieplanen for det aktuelle faget), må søkje om godkjenning på førehand, seinast innan 1. mai. Slike søknader må innehelde karakterutskrift/vitnemål, pensumliste og beskriving av dei emna søkjaren meiner skal erstatte ei ordinær spesialisering.

Ei eventuell godkjenning må leggjas ved søknaden til masterprogrammet.

Emneoversikt

Studiet består av ei masteroppgåve (60 studiepoeng) og fire emne som alle har 15 studiepoeng. To av desse emna er felles (RUS301 og RUS302), eitt er obligatorisk (RUS303), og eitt er valfritt og kan eventuelt erstattast av eit emne frå eit anna fag (RUS304/305).

RUS301 Russisk språkhistorie og språkstruktur, 15 sp. Semester: Haust. Obligatorisk: Ja

RUS302 Tekst og skriftleg russisk, 15 sp. Semester: Haust. Obligatorisk: Ja

RUS303 Særemne i russisk språk-, litteratur- eller kulturvitskap, 15 sp. Semester: Haust/Vår. Obligatorisk: Ja

RUS304 Fordjuping i russisk litteraturvitskap, 15 sp. Semester: Vår. Valfritt

RUS305 Fordjuping i russisk språkvitskap, 15 sp. Semester: Vår. Valfritt

RUS350 Masteroppgåve, 60sp. Obligatorisk: Ja

Fullstendig oversikt over innhaldet i emna finn du under emneomtalane.

Opptaksgrunnlag

Studiet byggjer på fullført bachelorgrad eller tilsvarande utdanning teken i Noreg eller utlandet. Bachelorstudiet må omfatte ei spesialisering i russisk på minst 90 studiepoeng. Viss du har studert ved ein lærestad som har krav om minimum 80 studiepoeng spesialisering/fordjuping, vil dette bli akseptert som opptaksgrunnlag. Studentar som ønskjer å søkje opptak til masterprogram i russisk på anna grunnlag enn det som er oppgitt å vere godkjent spesialisering i russisk (sjå studieplanen for det aktuelle faget), må søkje om godkjenning på førehand, seinast innan 1. mai. Slike søknader må innehelde karakterutskrift/vitnemål, pensumliste og beskriving av dei emna søkjaren meiner skal erstatte ei ordinær spesialisering. Ei eventuell godkjenning må leggjas ved søknaden til masterprogrammet.

Metode

Masteroppgåva i russisk gir deg høve til å konsentrere russiskstudiane omkring eit språkleg, litterært eller kulturhistorisk emne. Du som skriv ei kulturhistorisk oppgåve, vel den linja (språkleg eller litterær) som byggjer best opp om emnet. Oppgåva skal vere eit sjølvstendig vitskapleg arbeid. I oppgåva skal du dokumentere evne til kritisk refleksjon og vise at du meistrar den framstillingsforma som høyrer til sjangeren. Du skal også vise god innsikt i emnerelevant teori og metode.

Masteroppgåve

Du kan velje om du vil skrive ei masteroppgåve innanfor russisk lingvistikk, litteraturvitskap eller kulturhistorie. Masteroppgåva skal skrivast om eit sjølvvalt emne som skal godkjennast av rettleiaren. I oppgåva må du dokumentere evne til sjølvstendig, kritisk og metodisk arbeid og meistre den framstillings- og dokumentasjonsteknikken som høver for emnet. Rettleiing i masteroppgåva er obligatorisk. Instituttet tilbyr rettleiing i eit breitt spekter av emne, men ein må ta atterhald om at det ikkje er kapasitet til å gi rettleiing i alle emne.

Oppbygging av studiet

Eit masterprogram i russisk kan sjå slik ut:

1. semester:
RUS301 Russisk språkhistorie og språkstruktur 15sp
RUS302 Tekst og skriftleg russisk 15 sp

2. semester:
RUS303 Særemne i russisk språk-, litteratur- eller kulturvitskap
RUS304 Fordjuping i russisk litteraturvitskap 15 sp eller
RUS305 Fordjuping i russisk språkvitskap 15 sp

3. og 4. semester:
RUS350- Masteroppgåve 60 sp

Yrkesvegar

Masterprogrammet i russisk kvalifiserer til undervisning på høgare nivå og for variert arbeid både i offentleg og privat sektor på felt der det internasjonaliserte samfunnet set høge krav til både språk- og kulturkunnskapar. Andre yrkesvegar kan for eksempel vere arbeid innanfor formidling, forlagsverksemd og omsetjing. Studiet kan dessutan danne grunnlag for forskarutdanning i russisk lingvistikk, litteraturvitskap eller kulturforsking.

Læremiddelomtale

Litteraturliste finn ein på det einskilde emnet si nettside. Litteraturlista skal være klar innan 01.06 for haustsemesteret, og innan 01.12 for vårsemesteret.

NB: Merk at det ikkje finst litteraturlister til alle emne i nokre emne skal studentane til dømes sjølv velje litteratur i samråd med lærar eller rettleiar.

Oppstart

Haust.

Planforslag

Masterprogrammet i russisk er normert til fire semester fulltidsstudium. Hovudopptaket er i haustsemesteret. RUS301 og RUS302 er fellesemne. RUS303 er eit spesialiseringsemne (emnekrins). Emnekrinsen blir valt i samråd med faglærar eller rettleiar. Seksjonen har framlegg til emnekrinsar, og tilbyr undervisning i desse alt etter kva lærarressursar som er tilgjengelege.

 

I teoriemna (RUS304/305) vel studentar med litterær line RUS304, medan dei med språkleg line vel RUS305. RUS304 og RUS305 vert ikkje tilbydd våren 2012 men kan erstattast med eit teoriemne på 300-nivå som er teke inn frå eit anna fag, til dømes litteraturvitskap eller lingvistikk, eller felleskurs på Det humanistiske fakultet.

 

Me vil rå studentane til å ta fellesemna RUS301 og RUS302 i første haustsemester. Førebuingane til masteroppgåva bør skje parallelt. Du får rettleiar i første semesteret, og emnet for oppgåva skal fastsetjast

 

seinast i andre semester, der du også skal skriva kontrakt med rettleiaren. I det same semesteret skal du utarbeida ei prosjektskisse som blir drøfta på avhandlingsseminaret til seksjonen.

 

Døme på tilrådd progresjon med start om hausten:
1. semester RUS301 og RUS302
2. semester RUS303 og anbefalt litteraturemne eller språkemne på 300 nivå (f.eks. RUS304 eller RUS305 når tilbydd)
3. semester RUS350
4. semester RUS350

Døme på tilrådd progresjon med start om våren:
1. semester RUS303 og anbefalt itteraturemne eller språkemne på 300 nivå (f.eks. RUS304 eller RUS305 når tilbydd)

2. semester RUS301 og RUS302
3. semester RUS350
4. semester RUS350

Meir informasjon

studierettleiar@if.uib.no / 55 58 23 83