Studieprogram: MAMN-INF Masterprogram i informatikk - Vår 2021




Namn på grad

Master i informatikk

Omfang og studiepoeng

Masterprogrammet i informatikk har eit omfang på 120 studiepoeng og er normert til 2 år.

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Engelsk

Studiestart - semester

Haust og vår.

Mål og innhald

Ferdige kandidatar skal ha fått solide vitskapleg funderte kunnskapar og kompetanse i informatikk. Dei skal ha fått ei god innføring i vitskaplege arbeidsmåtar og trening i sjølvstendig arbeid med omfattande og krevjande faglege oppgåver. Du vil ha utvikla spisskompetanse innan eitt fagområde samt god oversikt over andre fagområde.

 

Kandidaten søkjer på ei av desse studieretningane innanfor masterprogrammet i informatikk:

 

 

For informasjon om læringsutbytte og mål og innhald, sjå i lenka til studieretningane.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha oppnådd følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskapar

 

Kandidaten

 

Ferdigheiter

 

Kandidaten

 

 

 

Generell kompetanse

 

Kandidaten

Opptakskrav

Masterprogrammet byggjer på ein bachelorgrad frå Institutt for informatikk, eller fagleg fordjuping på minst 80 studiepoeng med matematikk og informatikk.

Bachelorgrad frå UiB som kvalifiserer:

Eksterne bachelorgrader som kvalifiserer:

Andre bachelorgradar kan kvalifisere dersom du har minst 80 studiepoeng med matematikk og informatikk (opptaksgrunnlaget) og minst 40 av disse 80 studiepoenga må være i informatikk og minst 15 (minst to emne på minst 7,5 studiepoeng kvar) av disse 80 studiepoenga må være matematikk. Viss både INF100 og INF109 er del av opptaksgrunnlaget, vil søkaren berre få utteljing for INF100. Eit statistikkemne kan inngå som eit av matematikkemna. MNF130 (og annan diskret matematikk) tel som informatikkemne.

Du må også ha:

Tilrådde forkunnskapar

Sjå opptakskrav.

Obligatoriske emne

 

Studiet har to komponentar; emnedel og mastergradsoppgåve.

Den samla arbeidsmengda skal vere 120 studiepoeng.

 

 

Emnedelen

Emnet INF234 Algoritmer er obligatorisk. Dei andre emna skal vere på 200- eller 300- tals nivå, og vil avhenge av valgt studieretning/spesialiering, og tema for masteroppgåva.

Emne og eventuelt spesialpensum skal veljast i samarbeid med rettleiar for å gje eit godt grunnlag for å arbeide med masteroppgåva.

(Sjå også under fana 'studieløp') 

 

Masteroppgåva

Masteroppgåva skal vere eit forskingsbasert arbeid. Det krev at studenten har tileigna seg solide kunnskapar innan fagområdet.

I løpet av 1. semester skal studenten ha funne seg ein rettleiar. Saman med denne skal han/ho bestemme eit tema for oppgåva og lage ei framdriftsplan med oversikt over emne og milepælar i arbeidet med oppgåva.

 

Hovudforma for masteroppgåva er lang oppgåve med ei arbeidsmengde tilsvarande 60 stp, men det finnes visse moglegheitar for å velje kort oppgåve på 30 stp. Den lange oppgåva må leverast innan utløpet av dei 2 åra masterstudiet varer. Kort oppgåve skal gjennomførast i siste semesteret og må leverast seinast 6 månader etter start.

Masteroppgåva: INF399 Masteroppgåve i informatikk er på 60 studiepoeng. Studenten kan i samrå med rettleiar velje å skrive ei oppgåva på 30 studiepoeng og utvide emnedelen tilsvarande. Masteroppgåva skal leverast innan ein fast frist i slutten av fjerde semester, 20. november eller 1. juni.

Tilrådde valemne

Avhenger av valt studieretning

Omfang masteroppgåva

Masteroppgåva er på 60 studiepoeng.

Rekkefølgje for emne i studiet

Avhenger av valt studieretning

Delstudium i utlandet

Opphald ved lærestadar i utlandet avtalast med rettleiar, og skal vere ein del av masteravtalen.

Undervisningsmetodar

Undervisninga skjer i hovudsak i form av førelesningar og grupper. Undervisningsformer for kvart emne som inngår i masterprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.

Masteroppgåva er eit sjølvstendig vitskapleg arbeid, som vert gjennomført under rettleiing av fagleg rettleiar.

Vurderingsformer

Vurderinga skjer i hovudsak i form av skriftleg og munnleg eksamen. Vurderingsformer for kvart emne som inngår i masterprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.

Studiet avsluttast med ein presentasjon av masteroppgåva kombinert med ein munnleg eksamen etter at masteroppgåva er levert inn, vurdert og blitt godkjent.

Karakterskala

Ved UiB er det to typar karakterskalaer: «bestått/ikkje bestått» og bokstavkarakterar på skalaen AF.

For masteroppgåva nyttas bokstavkarakter.

Karakterskala for kvart emne som inngår i masterprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål på norsk med vitnemålstillegg (Diploma supplement) på engelsk vert utstedt når krava til graden er oppfylte.

Grunnlag for vidare studium

Masterstudiet gjev grunnlag for opptak til forskarutdanninga (ph.d.-grad).

 

For å vere kvalifisert for opptak til forskarutdanninga må gjennomsnittskarakterane på emna i spesialiseringa i bachelorgraden, emna i mastergraden samt masteroppgåva vere C eller betre.

 

Ein må normalt vere tilsett i ei stilling som stipendiat for å få opptak.

Relevans for arbeidsliv

IKT blir i stadig aukande grad ein basisteknologi i all næringsverksemd og forvalting, og våre kandidatar er svært etterspurde til å vedlikehalde og utvikle IT-system. Mange får seg også jobb innan IT-industrien eller innan forsking og høgare utdanning.

Evaluering

Masterprogrammet vert kontinuerlig evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved institutt for informatikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: Studieveileder@ii.uib.no

Tlf 55 58 42 00

Søknadsprosedyre

Du søkjer opptak til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet. Søknadsfristen er 1. juni for studiestart i august og 1. november for studiestart i januar. Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du på http://studere.uib.no/opptak/master

Mål og innhald

Ferdige kandidatar skal ha fått solide vitskapleg funderte kunnskapar og kompetanse i informatikk. Du skal ha fått ei god innføring i vitskaplege arbeidsmåtar og trening i sjølvstendig arbeid med omfattande og krevjande faglege oppgåver. Du vil ha utvikla spisskompetanse innan eitt fagområde samt god oversikt over andre fagområde.

Innanfor masterprogrammet i informatikk kan du velje mellom følgjande spesialiseringar:

o Algoritmeteori

o Bioinformatikk

o Kodeteori og kryptografi

o Optimering

o Programutviklingsteori

o Programvareutvikling (samarbeid med Høgskulen i Bergen)

o Visualisering

Opptaksgrunnlag

Bachelorgrad frå Institutt for informatikk eller annan utdanning på bachelornivå med minst 20 studiepoeng matematikk og 60 studiepoeng informatikk (merk at Bachelor i informatikk har eigne krav til matematikkinnhald). Studiet har avgrensa tal på studieplassar, og opptaket blir regulert på basis av karakterar.

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad frå Institutt for informatikk eller annan utdanning på bachelornivå med minst 20 studiepoeng matematikk og 60 studiepoeng informatikk (merk at Bachelor i informatikk har eigne krav til matematikkinnhald). Studiet har avgrensa tal på studieplassar, og opptaket blir regulert på basis av karakterar.

Metode

I arbeidet med masteroppgåva skal du på sjølvstendig vis ta i bruk metodar og vitskaplege arbeidsteknikkar frå faget i undersøkinga av aktuelle problemstillingar og implementering av nye løysingar

Masteroppgåve

Masteroppgåva skal vere eit forskingsbasert arbeid. Det krev at du har tileigna deg solide kunnskapar innan fagområdet. For tida har instituttet 5 forskingsgrupper innan følgjande fagområde: algoritmeteori, bioinformatikk, kodeteori og kryptografi, optimering og programutviklingsteori. Eit samarbeid med Høgskolen i Bergen gjer det mogleg å ta ei masteroppgåve i programvareutvikling med rettleiing frå høgskolen. Det er og mogeleg å velje masteroppgåve utanfor eit av desse fagområda, eventuelt med rettleiing utanfor instituttet.

Hovudforma for masteroppgåva er ei lang oppgåve med ei arbeidsmengd som tilsvarar 60 studiepoeng, men det vil også vere mogligheiter for ei kort oppgåve på 30 studiepoeng. Den lange oppgåva må leverast innan utløpet av dei to åra masterstudiet varer. Ei kort oppgåve skal skrivast i det siste semesteret og må leverast seinast 6 månader etter start.

Oppbygging av studiet

1. s INF 234 Emne Emne

2. s Emne Emne Oppg./emne

3. s Emne Oppg./emne Oppg./emne

4. s Oppgave Oppgave Oppgave

s= semester

Studiet har to komponentar; kursdel og mastergradsoppgåve. Den samla arbeidsmengda skal vere 120 studiepoeng.

Kursdelen

Kurset INF234, Algoritmer er obligatorisk. Dei andre emna skal vere på 200- eller 300- tals nivå. Emne og eventuelt spesialpensum skal veljast i samarbeid med rettleiar for å gje eit godt grunnlag for å arbeide med masteroppgåva.

Masteroppgåva

Masteroppgåva skal vere eit forskingsbasert arbeid. Det krev at studenten har tileigna seg solide kunnskapar innan fagområdet. For tida har instituttet 5 forskingsgrupper innan desse fagområda: Algoritmeteori, Bioinformatikk, Kodeteori og kryptografi, Optimering og Programutviklingsteori. Institutt for informatikk har og eit samarbeid med Høgskolen i Bergen der du kan få rettleiing ved høgskolen. Spesialiseringa heiter Mastergrad i programvareutvikling. Det er også mogleg å ta masteroppgåve utanfor eit av desse fagområda, eventuelt med rettleiing utanfor instituttet.

I løpet av 1. semester skal studenten ha funne seg ein rettleiar. Saman med denne skal han/ho bestemme eit tema for oppgåva og lage ei framdriftsplan med oversikt over kurs og milepælar i arbeidet med oppgåva. Hovudforma for masteroppgåva er lang oppgåve med ei arbeidsmengde tilsvarande 60 stp, men det er også mogleg å velje kort oppgåva på 30 stp. Den lange oppgåva må leverast innan utløpet av dei 2 åra masterstudiet varer. Kort oppgåve skal gjennomførast i siste semesteret og må leverast seinast 6 månader etter start.

Tilrådde valemne

Emnet INF 234 Algoritmer er obligatorisk for alle spesialiseringar. Dei andre emna skal i hovudsak veljast innanfor den spesialiseringa du vel. På bioinformatikk kan det også veljast emne frå molekylærbiologi og statistikk som støttefag.

Vel du å skrive lang masteroppgåve byrjar du normalt på den i 2. semester, og jobbar meir og meir med denne utover i studiet. Siste semesteret arbeider du berre med denne. Vel du å skrive kort oppgåve skal denne gjennomførast i løpet av 6 mnd. Då arbeider du berre med emne dei tre første semestra, og berre med oppgåva det siste semesteret.

Tilrådd progresjon for dei ulike spesialiseringane:

<A HREF="http://www.ii.uib.no/forskningsgrupper/algo/">Algoritmer</A>

1. haust INF 234 INF 210/val MAT221/val

2. vår INF 235 INF 236/val oppgåve/val

3. haust INF 334 oppgåve/val oppgåve/val

4. vår oppgåve oppgåve oppgåve

<A HREF="http://www.ii.uib.no/forskningsgrupper/bio/">Bioinformatikk, lang oppgåve</A>

1. haust INF 234 INF 280 MOL 301

2. vår INF 380 INF 381 STAT 200/MOL305

3. haust oppgåve oppgåve oppgåve

4. vår oppgåve oppgåve oppgåve

Det er mogeleg å ta kort masteroppgåve (30 stp) i bioinformatikk. Kontakt bioinformatikkgruppa for nærmare informasjon

<A HREF="http://www.selmer.uib.no/">Kodeteori og kryptografi</A>

1. haust INF234 INF 240 INF248/243/244

2. vår INF247 val oppgåve

3. haust INF243/244/248 oppgåve oppgåve

4. vår oppgåve oppgåve oppgåve

<A HREF="http://www.ii.uib.no/forskningsgrupper/opt/">Optimering</A>

1. haust INF234 INF270 INF261

2. vår INF371 INF372 oppgåve

3. haust INF235 oppgåve oppgåve

4. vår oppgåve oppgåve oppgåve

<A HREF="http://www.ii.uib.no/forskningsgrupper/put/">Programutviklingsteori</A>

1. haust INF234 INF220 INF210/225

2. vår INF227 INF223 oppgåve

3. haust INF329 oppgåve oppgåve

4. vår oppgåve oppgåve oppgåve

<A HREF="http://www.hib.no/avd_ai/data/programvare.htm">Programvareutvikling</A>

1. haust INF234 MOD250 Val

2. vår MOD252 MOD251 oppg/val

3. haust val oppg/val oppg/val

4. vår oppgåve oppgåve oppgåve

Yrkesvegar

IKT-teknologi blir i stadig aukande grad ein basisteknologi i all næringsverksemd og forvalting, og våre kandidatar er svært etterspurde til å vedlikehalde og utvikle IT-system. Mange får seg også jobb innan IT-industrien eller innan forsking og høgare utdanning.

Oppstart

Haust og vår.

Administrativt ansvarleg

Studierettleiaren ved Institutt for informatikk

E-postadresse: studieveileder@ii.uib.no

Meir informasjon

E-post: studieveileder.mnfa@uib.no Tlf.: 55 58 30 30