Studieprogram: MAPS-AOP Masterprogram i arbeids- og organisasjonspsykologi - Høst 2021




Namn på grad

Master i arbeids- og organisasjonspsykologi

Omfang og studiepoeng

Masterprogrammet i arbeids- og organisasjonspsykologi er eit 2-årig studieprogram (120 studiepoeng).

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Norsk og/eller engelsk

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Studieprogrammet tillèt dei med bachelorgrad i psykologi med fordypning i arbeids- og organisasjonspsykologi å tileigne seg ekspertkunnskap og relevant forskningsbasert dugleik innan dette fagfeltet. Kandidatane skal fordjupe  seg i aktuelle faglege perspektiv i arbeids- og organisasjonspsykologisk forsking og anvendt evidens basert prakis, samt lære relevant vitskapsteori og forskingsmetode. I andre året av studiet skriv kandidatane ei masteroppgåve innan si retning som utgjer eit sjølvstendig bidrag til forskingslitteraturen.

Studiet gir forskingsbasert kunnskap om korleis ein kan forstå og utvikle enkeltmenneske, grupper og organisasjonar i ein arbeidsmessig samanheng. Det vil bli særskilt fokusert på rolla som endringsagent, og på kartleggings- og intervensjonsmetodar for leiar-, gruppe- og organisasjonsutvikling, herunder med fokus på arbeidsmiljøarbeid og konflikthandtering.

Studiet kvalifiserer for ei rekkje typar arbeid der endringskompetanse, kritisk tenking, akademisk skriving, formidling og evna til å arbeide både sjølvstendig og i lag er etterspurde evner. Studiet legg òg grunnlaget for vidare forsking, anten som ei akademisk karriere (ph.d.-studium), eller innan andre yrke der forsking inngår som ei av aktivitetane.

Læringsutbyte

Kunnskap:

Kandidaten skal ved fullført grad:

Dugleik:

Kandidaten skal ved fullført grad kunne:

Generell kompetanse:

Kandidaten skal ved fullført grad kunne:

Opptakskrav

Masterprogrammet i arbeids- og organisasjonspsykologi byggjer på ein bachelorgrad med 90 studiepoeng fagleg fordjuping (spesialisering) innan denne delen av psykologifaget:

Bachelorgrader som kvalifiserer:

Andre bachelorgradar kan kvalifisere dersom ein har 90 studiepoeng i psykologi eller tilsvarande, herunder den nevnte fagleg fordjuping innan arbeids- og organisasjonspsykologi.

Ein må også ha:

Tilrådde forkunnskapar

Ingen utover opptakskrava til studiet.

Innføringsemne

Ikkje aktuelt

Obligatoriske emne

 

Spesialisering

Emnet MAPSYK323 er ei spesialisering i praktisk organisasjonspsykologisk arbeid. Emnet er ikkje obligatorisk men kan etter søknad erstattas av andre relevante emne ved UiB eller andre institusjonar innanlands eller utanlands.

Tilrådde valemne

Ingen særskilte

Rekkefølgje for emne i studiet

I det første semester vert det undervist i MAPSYK301 og deretter MAPSYK321. I andre semester undervisast det i MAPSYK322 og MAPSYK302.

 

Masteroppgåva MAPSYK345 skal skrivast i tredje og fjerde semester med innlevering seinast innan midten av mars i fjerde semester. I siste halvdel av fjerde semester vert det undervist i emnet MAPSYK323. Dette emnet er eit valemne og kan etter søknad erstattas med andre relevante emne ved UiB eller ved andre institusjoner i inn og utland.

 

Krav til progresjon i studiet

Emna MAPSYK301 og MAPSYK321 og MAPSYK322 og MAPSYK302 eller tilsvarande må være greidde før ein kan gå vidare på arbeidet med masteroppgåva.

 

Emnet MAPSYK323 krev at ein først har greid MAPSYK301, MAPSYK321 og MAPSYK322 eller tilsvarande kurs under delstudium i utlandet.

 

Første år:

 

1. semester (haust):

 

 

2. semester (vår):

 

 

Andre år:

 

3. og 4. semester (haust og vår):

 

 

4. semester (vår)

 

Delstudium i utlandet

Som masterstudent i arbeids- og organisasjonspsykologi er det mogleg og faglig anbefalt at du tar deler av utdanninga di i eit anna land, og vi har fleire utvekslingsavtalar som kan vere aktuelle. Vi anbefalar at du drar ut i ditt 2. semester. Du må ta minimum 7,5 sp i metode, gjerne meir. Dei resterande studiepoenga er valfrie innanfor masterprogrammets tematikk.

Du kan og gjennomføre inntil 15 sp. som relevante valemne i utlandet eller ved ein annan norsk utdanningsinstitusjon i ditt 4. semester som erstatning for MAPSYK323 Praktisk utviklingsarbeid og rollen som intern og ekstern utviklingsagent: studentfirma.

Fakultetet hjelper deg med å finne et emnetilbud ved ein av våre samarbeidspartnarar som passer til dine faglege interesser og planar.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisningsforma for einskildemna som inngår i kursdelen, er omtalt i emneskildringa. Det er mellom anna forelesingar, seminar, gruppearbeid, case-arbeid, diskusjon av forskingslitteratur, skriftleg og munnleg presentasjonar, samt eit valfritt praktisk prosjektarbeid i ein organisasjon (MAPSYK323).

Undervisningsmetodar

Undervisningsforma for einskildemna som inngår i kursdelen, er omtalt i emneskildringa. Det er mellom anna forelesingar, seminar, gruppearbeid, case-arbeid, diskusjon av forskingslitteratur, skriftleg og munnleg presentasjonar, samt eit valfritt praktisk prosjektarbeid i ein organisasjon (MAPSYK323).

Vurderingsformer

Vurderingsforma for einskildemna som inngår i masterprogrammet, er nærare omtalt i emneskildringane. Det vert nytta ulike vurderingsformer som skuleeksamen og heimeeksamen.

Studentar skal skrive ei masteroppgåve på 45 studiepoeng i det andre året, som hovedregel i samarbeid med ein annan student. Ein får felles karakter på oppgåva. Det vert gitt rettleiing frå fagmiljøet på oppgåva der ein kan samle eigne data, skrive teoretisk eller basere seg på allereie innsamla data frå rettleiar eller fagmiljøet elles.

Karakterskala

Karakterskalaen for einskildemna som inngår i masterprogrammet, er omtalt i emneskildringa. Masteroppgåva vert sensurert med karakterskalaen A-F.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål blir skrive ut etter at graden er fullført.

Grunnlag for vidare studium

Med avlagt mastergradseksamen er ein kvalifisert for opptak til PhD-studiet (doktorgrad).

Relevans for arbeidsliv

Kandidatar med ein mastergrad i arbeids- og organisasjonspsykologi vil typisk arbeide med personalutvikling, arbeidsmiljøutvikling, leiarutvikling og organisasjonsutvikling, både i privat og offentleg sektor, og i organisasjonar på lokalt, nasjonalt og internasjonalt nivå.

Kandidatane vil kunne arbeide i personal/HR-avdelingar, innan bedriftshelsetenester, i konsulentselskap, offentlig forvaltning og administrasjon, og innan forsking og utdanning.

Studiet kvalifiserer for vidare forskarutdanning. Studiet gjev praktisk analytisk kompetanse for ulike typar arbeidsoppgåver, som mellom anna sjølvstendig planlegging og iverksetjing av prosjektarbeid, forskings-, utgreiings- og dokumentasjonsverksemd samt informasjonsarbeid.

Evaluering

Masterprogrammet vert kontinuerleg evaluert i tråd med retningslinjene for kvalitetssikring ved UiB. Evalueringa for einskildemna som inngår i masterprogrammet, er omtalt i emneskildringa.

Skikkavurdering og autorisasjon

Ikkje aktuelt

Programansvarleg

Institutt for samfunnspsykologi

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet

Kontaktinformasjon

https://www.uib.no/psyfa/43960/informasjonssenteret-ved-det-psykologiske-fakultetInformasjonssenteret ved Det psykologiske fakultet

Søknadsprosedyre

Du søkjer opptak til Det psykologiske fakultet. Søknadsfristen er 1. juni for studiestart i august. Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du på studere.uib.no/opptak/master

Mål og innhald

Studiet har som mål å gje deg evidensbygde kunnskapar om korleis ein kan forstå og utvikle enkeltmenneske, grupper og organisasjonar i ein arbeidsmessig samanheng. Det vil bli særskild fokusert på rolla som endringsagent og analyseverktøy for leiar, gruppe- og organisasjonsutvikling.

Opptaksgrunnlag

Grunnlaget for opptak er ein bachelorgrad i psykologi med minimum 90 studiepoeng fordjuping i psykologi. Følgjande emne må inngå i opptaksgrunnlaget:

Psykologisk forskingsmetode (15 studiepoeng): PSYK 202A eller 202B

Arbeids- og organisasjonspsykologi PSYK110 (30 studiepoeng) eller

PSYK103 (15 studiepoeng) og PSYK 104 (15 studiepoeng)

Leiingspsykologi (15 studiepoeng): PSYK 200

Bacheloroppgåve i psykologi (15 studiepoeng): PSYK 201 eller PSYK 250.

(Eksamen i PSYK102 avlagt innan vårsemesteret 2007 gjer fritak for PSYK202A).

Gjennomsnittskarakteren på emnene som inngår i opptaksgrunnlaget må være C eller bedre.

Krav til forkunnskapar

Grunnlaget for opptak er ein bachelorgrad i psykologi med minimum 90 studiepoeng fordjuping i psykologi. Følgjande emne må inngå i opptaksgrunnlaget:

Psykologisk forskingsmetode (15 studiepoeng): PSYK 202A eller 202B

Arbeids- og organisasjonspsykologi PSYK110 (30 studiepoeng) eller

PSYK103 (15 studiepoeng) og PSYK 104 (15 studiepoeng)

Leiingspsykologi (15 studiepoeng): PSYK 200

Bacheloroppgåve i psykologi (15 studiepoeng): PSYK 201 eller PSYK 250.

(Eksamen i PSYK102 avlagt innan vårsemesteret 2007 gjer fritak for PSYK202A).

Gjennomsnittskarakteren på emnene som inngår i opptaksgrunnlaget må være C eller bedre.

Metode

I arbeidet med masteroppgåva kan du velje mellom å bruke kvalitative og/eller kvantitative forskingsmetodar. Emnet forskingsmetode førebur deg på å nytte begge desse metoderetningane.

Masteroppgåve

Gjennom forskingspraksis skal masteroppgåva gje studentane djupare innsikt i teori og empiri på eit avgrensa område. Oppgåva skal utvikle studentane sine evner til ei kritisk handsaming av avgrensa problemstillingar ved hjelp av vitskaplege metodar. I denne forskingspraksisen vert det og lagt stor vekt på oppgåveløysing gjennom samarbeid studentane imellom. Det vert stilt krav til ei skriftleg framstilling i tråd med ei vitskapleg avhandling som følgjer APA-standarden.

Oppbygging av studiet

Studiet består av ein teoretisk del (30 sp), ein praktisk del (30 sp), forskingsmetode (15 sp) og masteroppgåva (45 sp). Eit masterprogram i arbeids- og organisasjonspsykologi kan sjå slik ut:

1. semester:
- PSYK301 Organisasjonsutvikling: Tradisjonelle og kritiske perspektiv (15 sp)
- AHS311 Tradisjonar i arbeidslivsforskninga (15 sp)

2. semester:
- PSYK303 Intervensjonar i grupper og organisasjonar 1: Leiar og teamutvikling (10 sp)
- PSYK304 Intervensjonar i grupper og organisasjonar 2: Konflikthandtering og arbeidsmiljøutvikling (10 sp)
- PSYK305 Rolla som endringsagent i praksis: Prosjektarbeid i organisasjonar (10 sp)

3. semester:
- PSYK306 Forskingsmetode (15 sp)

3. og 4. semester:
- PSYK350 Masteroppgåve (45 sp)

Fordi masterprogrammet er under ferdigstilling, tek vi atterhald om moglege endringar i det faglege programmet.


Yrkesvegar

Studiet tek sikte på å formidle kunnskap om det psykososiale arbeidsmiljøet, leiing, verdiskaping og helse innan organisert arbeid. Målet er at kandidaten, i rolla som til dømes leiar, medarbeidar, rådgjevar, konsulent eller analytikar skal få ein utvida kompetanse i det å forstå, ivareta og utvikle menneske og menneskeleg samspel innan organisasjonar. Dette gjeld også det å førebyggje belastningar og handtere konfliktar. Kandidatar med ein mastergrad i arbeids- og organisasjonspsykologi kan arbeide innan personal- og organisasjonsutvikling, både i privat og offentleg sektor, og i organisasjonar på lokalt, nasjonalt og internasjonalt nivå. Viss ein går vidare på eit doktorgradsstudium, vil forskarstillingar innan universitet og høgskular vere aktuelle.

Oppstart

Det vil ikkje vere fleire opptak til masterprogram i arbeids- og organisasjonspsykologi. Siste kull går ut våren 2014.

Administrativt ansvarleg

studere.uib.no/psykologi

studierettleiar@psyfa.uib.no / 55 58 27 10

Planforslag

Studiet er satt saman av ein teoretisk del (15 sp), ein praktisk del (30 sp), forskingsmetode (15 sp) og masteroppgåva (60 sp). Studentane må følgje den studieprogresjon som ligg i planen. Masterstudiet er eit fulltidsstudium. Alle aktivitetar som foregår mellom fagsamlingane er obligatoriske. Eit masterprogram i arbeids- og organisasjonspsykologi kan sjå slik ut:

1. semester:

2. semester:

3. semester og 4. semester:

PSYK355 Masteroppgåve (60 sp)

PSYK3M Praktisk metodisk dugleik (0 sp)

Meir informasjon

studere.uib.no/psykologi
studierettleiar@psyfa.uib.no / 55 58 27 10