Studieprogram: MAPS-PED Masterprogram i pedagogikk - Høst 2021




Namn på grad

Mastergrad i pedagogikk.

Omfang og studiepoeng

Masterprogrammet i pedagogikk har eit omfang på 120 studiepoeng og normert til 2 år.

Fulltid/deltid

Fulltid.

Undervisningsspråk

Norsk.

Studiestart - semester

Det er oppstart av studiet annakvart år, hausten 2017, 2019, 2021 osv.

Mål og innhald

Målet med masterprogrammet er at studentane skal få inngåande kunnskap om og sjølv utvikle forskingsbasert pedagogisk kunnskap. Innhaldet i programmet er knytt til forskingsområda ved Institutt for pedagogikk.

 

I den første delen av studiet står samanhengen og spenninga mellom ulike kunnskapsformer, læringssyn, utdanningspolitikk og pedagogiske praksisar sentralt. Desse samanhengane og spenningane vil bli belyst og drøfta både som aktuelle samfunnsfenomen og som grunnleggande pedagogisk-filosofiske problemstillingar. Sentrale pedagogiske tema som læring, kunnskap og utdanning, blir belyst og drøfta i ulike kontekstar som for eksempel utdanningsinstitusjonar, forvaltning, bedrifter og organisasjonar. Studiets andre del skal kvalifisere studentane til å planlegge og gjennomføre eit sjølvstendig vitskapleg arbeid (masteroppgåve tilsvarande 60 studiepoeng). Dette inneber og kompetanse til å vurdere pedagogisk forskings- og utviklingsarbeid.

 

Samla sett skal studiet kvalifisere studentane til pedagogisk forskingsarbeid, samt å planlegge, vurdere, analysere og lede pedagogiske prosessar i utdanningsinstitusjonar, forvaltning, bedrifter og organisasjonar.

 

Læringsutbyte

Ein kandidat som har fullført utdanninga forventast å ha oppnådd følgjande

læringsutbytte, definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskap:

 

Ferdigheiter:

Generell kompetanse:

Opptakskrav

Opptakskrav

Masterprogrammet i pedagogikk byggjer på ein bachelorgrad med 90 studiepoeng fagleg fordjuping i pedagogikk eller tilsvarande.

Bachelorgrad frå UiB som kvalifisererer:

Bachelorgrad i pedagogikk

Bachelorgrad i spesialpedagogikk

For andre utdanningar som tilsvarar ein bachelorgrad er det eit krav om minimum 60 studiepoeng pedagogikk. Dei 60 studiepoenga i pedagogikk vil inngå i poengutrekninga i tillegg til 30 studiepoeng i spesialiseringa. Der fordjuping/spesialisering i graden ikkje blir spesifisert, blir alle emne i bachelorgraden brukt i poengutrekninga.

Andre pedagogiske utdanningar frå UiB som kvalifiserer:

Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU)

Lektorprogram

Eksterne pedagogiske utdanningar som kvalifiserer:

Barnehagelærar

Førskulelærar

Lærarudanning

Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU)

Du må også ha:

Snittkarakter på minimum C i emna du får opptak på grunnlag av

Språkkrava i både norsk og engelsk for dette studieprogrammet dekker du med generell studiekompetanse, anten på grunnlag av norsk vidaregåande skule eller på annan måte.

Obligatoriske emne

Ein mastergrad i pedagogikk består av følgjande obligatoriske emne:

Omfang masteroppgåva

60 studiepoeng.

Rekkefølgje for emne i studiet

1. semester:

2. semester:

3. og 4. semester:

 

Undervisningsmetodar

Studiet baserer seg på deltakaraktiviserande og samspelsorienterte arbeidsformar og kombinerar forelesingar med litteraturstudiar, og fysiske og nettbaserte seminar. Skriving er ein viktig del av læringsprosessen i studiet. Praksis inngår ikkje i studiet.

Vurderingsformer

Det blir lagt vekt på at studentane skal få erfaring med ulike vurderingsformer. Heimeeksamen, mappevurdering, prosjektplan, masteroppgåve og munnleg eksamen er formene som vert nytta.

Karakterskala

Ved sensur av dei ulike emna nyttast karakterskalaen A-F eller greidd/ikkje greidd.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål blir skrive ut etter at graden er oppnådd.

Grunnlag for vidare studium

 Ein mastergrad i pedagogikk kvalifiserer til å søkje opptak til forskarutdanning.

Relevans for arbeidsliv

Studieprogrammet gjev ein brei pedagogisk kompetanse i spørsmål som handlar om læring, kunnskap og kommunikasjon. Dette er kompetanse som blir stadig meir etterspurt både i offentleg og privat sektor. Mastergraden i pedagogikk kvalifiserar til ei rekkje yrke der lærings- og utviklingsoppgåver står sentralt, t.d. innan opplæringsinstitusjonar, rådgiving, personalbehandling, organisasjonsutvikling, kulturformidling og helsefremjande arbeid. Mastergraden kvalifiserar til leiarstillingar i utdannings- institusjonar, bedrifter og organisasjonar der læring og formidling inngår i verksemda.

Evaluering

Masterprogrammet blir kontinuerlig evaluert i tråd med retningslinjene for kvalitetssikring ved UiB. Emne og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Programansvarleg

Undervisingsutvalet ved Institutt for pedagogikk har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet.

Administrativt ansvarleg

Studieseksjonen ved Det psykologiske fakultet har det administrative ansvaret for programmet.

Kontaktinformasjon

https://www.uib.no/psyfa/43960/informasjonssenteret-ved-det-psykologiske-fakultetInformasjonssenteret ved Det psykologiske fakultet

Søknadsprosedyre

Du søkjer opptak til Det psykologiske fakultet. Søknadsfristen er 1. juni for studiestart i august.

Mål og innhald

Pedagogikk handlar i vid forstand om kommunikasjon, kunnskap og læring. Målet med masterprogrammet er at du skal utvikle forskingsbasert kunnskap om pedagogikk. Vidare skal studiet auke din handlingskompetanse i pedagogikk som praktisk disiplin. Pedagogiske grunnlagsproblem og samanhengen mellom ulike kunnskaps- og læringssyn og ulike former for pedagogisk praksis står sentralt i studiet.

Studiet skal setje deg i stand til å vurdere pedagogiske forskingsarbeid og kvalifisere deg til å planleggje, gjennomføre og dokumentere eit sjølvstendig vitskapleg arbeid (masteroppgåve tilsvarande 60 studiepoeng).

Studiet siktar dessutan mot ein handlingsorientert kompetanse som skal kvalifisere deg til å foreta sjølvstendige og teoretiske grunngjevne vurderingar av praktisk-pedagogiske situasjonar. Dette inneber også kompetanse i å vurdere praktisk-pedagogiske forskings- og utviklingsarbeid.

Eit særpreg ved masterstudiet i pedagogikk ved Universitetet i Bergen er praksisforankring og prosessorientering, og sentrale tema i studiet er læring, kunnskap og kommunikasjon. Fordjupingsområda i programmet, som speglar forskingsinteressene i fagmiljøet, er knytt til ulike former for pedagogisk praksis.

Studiet skal kvalifisere studentane for å planleggje og gjennomføre eit sjølvstendig vitskapleg arbeid (masteroppgåve tilsvarande 60 studiepoeng). Dette inneber også kompetanse til å vurdere praktisk-pedagogisk forskings- og utviklingsarbeid.

Studiet siktar dessutan mot ein handlingsorientert kompetanse som skal kvalifisere studentane til å planlegge og leie pedagogiske prosessar i utdanningsinstitusjonar, bedrifter og organisasjonar.

Opptaksgrunnlag

Søkjarar må oppfylle eit av følgjande opptakskrav:

Metode

I arbeidet med masteroppgåva kan du velje mellom å bruke kvalitative og/eller kvantitative forskingsmetodar. Emnet forskingsmetode og vitskapsteori førebur deg på å bruke begge disse metoderetningane.

Undervisning

Studiet baserer seg på deltakaraktiviserande og samspelsorienterte arbeidsformer og kombinerer førelesingar med seminar og arbeid i grupper. Refleksjon knytt til dialogen mellom teoribasert og praksisbasert kunnskap blir aktivt stimulert, og studentane får erfaring med å organisere, gjennomføre og vurdere ulike arbeidsformer. Skriving er ein viktig del av læringsprosessen i studiet frå starten av. Ekstern praksis inngår ikkje i studiet.

Masteroppgåve

Oppgåva utgjer 60 sp, og skal presenterast i form av ein monografi eller vitskapleg artikkel (artiklar). Oppgåva kan vere eit frittståande arbeid eller inngå som ein avgrensa, men sjølvstendig del av eit pågåande forskings-prosjekt. Målet er at du skal dokumentere forståing av sentrale forskingsprinsipp og vise evne til systematisk og kritisk analyse av problemstillingar og datatilfang.

Oppbygging av studiet

Eit masterprogram i pedagogikk (fulltidsstudium) vil sjå slik ut:

1.semester:

PED311 Pedagogisk filosofi (15 studiepoeng)

PED313 Kunnskap og kommunikasjon (15 studiepoeng)

2.semester:

PED312 Forskingsmetode (15 studiepoeng)

PED314 Fordjuping og prosjektplan (15 studiepoeng)

3. og 4.semester:

PED395 Masteroppgåve (60 studiepoeng)

Vurdering / Eksamensformer

Det blir lagt vekt på at studentane skal få erfaring med ulike vurderingsformer, sjå den einskilde modul.

Yrkesvegar

Studieprogrammet gir ein brei pedagogisk kompetanse i spørsmål som handlar om læring, kunnskap og kommunikasjon. Dette er kompetanse som vert stadig meir etterspurd både i offentleg og privat sektor. Mastergraden i pedagogikk kvalifiserer til ei rekke yrke der lærings- og utviklingsoppgåver står sentralt, t.d. innan opplæringsinstitusjonar, rådgjevnad, personalbehandling, organisasjonsutvikling, kulturformidling og helsefremjande arbeid. Mastergraden kvalifiserer til leiarstillingar i utdanningsinstitusjonar, bedrifter og organisasjonar der læring og formidling inngår i verksemda.

Delstudium i utlandet

Tilbod om studieopphald i utlandet som ein integrert del av mastergraden vil bli utvikla. Fagmiljøet har kontakt med ei rekke universitet i det sørlege Afrika, og vil i tillegg arbeide for avtaler med europeiske universitet.

Oppstart

Normalt vil det vere opptak til masterprogrammet annakvar haust.

Administrativt ansvarleg

Institutt for utdanning og helse, seksjon for utdanningsvitenskap. Terje Restad, tlf. 55 58 39 79, e-post: terje.restad@iuh.uib.no

Meir informasjon

studierettleiar.psyfa@uib.no / 55 58 27 10