Det er oppstart haust annakvart år: 2016, 2018, 2020
Målet med masterprogrammet er at studentane skal få inngåande kunnskap om og sjølv utvikle forskingsbasert pedagogisk kunnskap. Innhaldet i programmet er knytt til forskingsområda ved Institutt for pedagogikk.
I den første delen av studiet står samanhengen og spenninga mellom ulike kunnskapsformer, læringssyn, utdanningspolitikk og pedagogiske praksisar sentralt. Desse samanhengane og spenningane vil bli belyst og drøfta både som aktuelle samfunnsfenomen og som grunnleggande pedagogisk-filosofiske problemstillingar. Sentrale pedagogiske tema som læring, kunnskap og utdanning, blir belyst og drøfta i ulike kontekstar som for eksempel utdanningsinstitusjonar, forvaltning, bedrifter og organisasjonar. Studiets andre del skal kvalifisere studentane til å planlegge og gjennomføre eit sjølvstendig vitskapleg arbeid (masteroppgåve tilsvarande 60 studiepoeng). Dette inneber og kompetanse til å vurdere pedagogisk forskings- og utviklingsarbeid.
Samla sett skal studiet kvalifisere studentane til pedagogisk forskingsarbeid, samt å planlegge, vurdere, analysere og lede pedagogiske prosessar i utdanningsinstitusjonar, forvaltning, bedrifter og organisasjonar.
Ein kandidat som har fullført utdanninga forventast å ha oppnådd følgjande
læringsutbytte, definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap:
Ferdigheiter:
Generell kompetanse:
Opptakskrav
Masterprogrammet i pedagogikk, deltid byggjer på ein bachelorgrad med 90 studiepoeng fagleg fordjuping i pedagogikk eller tilsvarande.
Bachelorgrad frå UiB som kvalifisererer:
For andre utdanningar som tilsvarar ein bachelorgrad er det eit krav om minimum 60 studiepoeng pedagogikk. Dei 60 studiepoenga i pedagogikk vil inngå i poengutrekninga i tillegg til 30 studiepoeng i spesialiseringa. Der fordjuping/spesialisering i graden ikkje blir spesifisert, blir alle emne i bachelorgraden brukt i poengutrekninga.
Andre pedagogiske utdanningar frå UiB som kvalifiserer:
Eksterne pedagogiske utdanningar som kvalifiserer:
Du må også ha:
1. semester:
2. semester:
3. semester:
4. semester:
5. til 8. semester:
Du søkjer opptak til Det psykologiske fakultet.
Søknadsfristen er 1. juni for studiestart i august.
Sjå www.uib.no/utdanning/opptak
Pedagogikk handlar i vid forstand om kommunikasjon, kunnskap og læring. Målet med masterprogrammet er at du skal utvikle forskingsbasert kunnskap om pedagogikk. Vidare skal studiet auke din handlingskompetanse i pedagogikk som praktisk disiplin. Pedagogiske grunnlagsproblem og samanhengen mellom ulike kunnskaps- og læringssyn og ulike former for pedagogisk praksis står sentralt i studiet.
Studiet skal setje deg i stand til å vurdere pedagogiske forskingsarbeid og kvalifisere deg til å planleggje, gjennomføre og dokumentere eit sjølvstendig vitskapleg arbeid (masteroppgåve tilsvarande 60 studiepoeng).
Studiet siktar dessutan mot ein handlingsorientert kompetanse som skal kvalifisere deg til å foreta sjølvstendige og teoretiske grunngjevne vurderingar av praktisk-pedagogiske situasjonar. Dette inneber også kompetanse i å vurdere praktisk-pedagogiske forskings- og utviklingsarbeid.
Eit særpreg ved masterstudiet i pedagogikk ved Universitetet i Bergen er praksisforankring og prosessorientering, og sentrale tema i studiet er læring, kunnskap og kommunikasjon. Fordjupingsområda i programmet, som speglar forskingsinteressene i fagmiljøet, er knytt til ulike former for pedagogisk praksis.
Studiet skal kvalifisere studentane for å planleggje og gjennomføre eit sjølvstendig vitskapleg arbeid (masteroppgåve tilsvarande 60 studiepoeng). Dette inneber også kompetanse til å vurdere praktisk-pedagogisk forskings- og utviklingsarbeid.
Studiet siktar dessutan mot ein handlingsorientert kompetanse som skal kvalifisere studentane til å planlegge og leie pedagogiske prosessar i utdanningsinstitusjonar, bedrifter og organisasjonar.
Søkjarar må oppfylle eit av følgjande opptakskrav:
I arbeidet med masteroppgåva kan du velje mellom å bruke kvalitative og/eller kvantitative forskingsmetodar. Emnet forskingsmetode og vitskapsteori førebur deg på å bruke metodar innan begge desse retningane.
Studiet baserer seg på deltakaraktiviserande og samspelsorienterte arbeidsformer og arbeidet vil foregå i grupper på nettet. Refleksjon knytt til dialogen mellom teoribasert og praksisbasert kunnskap blir aktivt stimulert, og studentane får redskaper til å analysere og vurdere ulike pedagogiske opplegg og arbeidsformer. Skriving er den primære arbeidsformen i studiet. Ekstern praksis inngår ikkje i studiet.
Masteroppgåva utgjer 60 studiepoeng og kan vere eit frittståande arbeid eller inngå som ein avgrensa men sjølvstendig del av eit pågåande forskingsprosjekt. Oppgåva skal presenterast i form av ein monografi eller vitskapleg artikkel. I oppgåva skal du dokumentere forståing av sentrale forskingsprinsipp og vise evne til systematisk og kritisk analyse av problemstillingar og datatilfang.
Masterprogrammet i pedagogikk ser slik ut:
1. semester:
Pedagogisk filosofi (15 studiepoeng)
2. semester:
Forskingsmetode og vitskapsteori (15 studiepoeng)
3. semester:
Kunnskap og kunnskapsprosessar (15 studiepoeng)
4. semester:
Valfri fordjuping (15 studiepoeng)
5. - 8. semester:
Masteroppgåve (60 studiepoeng)
Studiet gir ein brei pedagogisk kompetanse i spørsmål som angår læring, kunnskap og kommunikasjon. Studiet kvalifiserer til opptak i forskarutdanning og ei rekkje tradisjonelle og nye yrke der lærings- og utviklingsoppgåver står sentralt, f.eks. innan opplæringsinstitusjonar, rådgiving, personalbehandling, organisasjonsutvikling, kulturformidling og helsefremjande arbeid. Mastergraden kvalifiserer til leiarstillingar i utdanningsinstitusjonar, bedrifter og organisasjonar der læring og formidling inngår i verksemda.
studierettleiar@psyfa.uib.no / 55 58 27 10