Studieprogram: MAPS-PSYK Masterprogram i psykologi - Vår 2021




Omfang og studiepoeng

Masterprogrammet i psykologi er eit 2-årig studieprogram (120 studiepoeng).

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Undervisninga er i hovudsak på norsk, men enkelte forelesninger og rettleiing kan vere på engelsk. Anbefalt litteratur er i hovudsak på engelsk.

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Studieprogrammet byggjer på bachelorgrad i psykologi og gir deg ekspertkunnskap og relevant dugleik i fagfeltet psykologi, og ei vald spesialisering innan «sosial- og kognitiv psykologi» eller «åtferd- og nevrovitskap». Som kandidat på programmet sett du deg inn i aktuelle faglege perspektiv og utfordringar i psykologisk forsking, går grundigare inn i vitskapsteori og forskingsmetode, og har fordjupingsemne om moderne forsking som er relevant for kvar av dei to studieretningane. På det siste året av studiet skriv du ei masteroppgåve innan si retning som utgjer eit sjølvstendig bidrag til forskingslitteraturen.

Studieretning sosial og kognitiv psykologi:

Studieretninga gjer deg ei grundig kompetanse innan dei prosesser og mekanismar som formar åtferda til enkeltindivid og i grupper. Du får ekspertkunnskap om menneskeleg oppleving og  tankeprosessar, samhandling og interaksjon, påverknad frå grupper og kultur. Du får innsikt i korleis slik kunnskap kan nyttast til å handsame sentrale utfordringar i dagens samfunn. Nokre av dei tema som dekkast er mangfald i samfunn og arbeidsliv, integrering og konflikt, tryggleik, risikovurderingar, HMS og beredskap i arbeid og fritid, feilhandlingar og pålitelegheit, turismeopplevingar, klima og berekraft, medvitne og umedvitne prosessar, og korleis språk og kultur påverkar kognisjon. Du vil ta aktivt del i eit eller fleire forskingsmiljø gjennom heile programmet, og det vert lagt opp til masteroppgåve med egen datainnsamling. Det er mogleg med utveksling i tredje semester. Studiet gjer deg i stand til å forstå sosiale og kognitive fenomen, mekanismar og prosessar å kritisk vurdere og bidra til forsking, og å anvende kunnskap frå forsking i ulike samfunnsområder.

Studieretning åtferd og nevrovitskap:

Studieretninga handlar om samanhengen mellom hjerne, åtferd og kognisjon. Fordjupingsemna gjev eit innblikk i teorigrunnlaget for grunnleggjande forsking på menneskehjernen, i tillegg til forsking knytt til psykiatriske, nevrologiske og andre kliniske tilstandar. Laboratorieøvingar og praktiske demonstrasjonar gir kompetanse i forskingsmetodar i nevrovitskap, inkludert nevroradiologi. Nokre av dei tema som dekkast, er nevrobiologiske og teoretiske tilnærmingar til emosjonar, kognisjon og psykopatologi, forskingsmetodar og etiske spørsmål innan psykofysiologi og nevrovitskap for forsking med menneskjer og dyr. Studiet gjer deg i stand til å analysere åtferd og kognitive og emosjonelle prosesser ut frå nevrovitskapens synspunkt, forstå og nytte forskingsmetodar innan kognitiv nevrovitskap, og det å kritisk vurdere forsking.

Studieretning arbeids- og organisasjonspsykologi (siste opptak 2020):

Studiet har som mål å gje deg forskingsbasert kunnskap om korleis ein kan forstå og utvikle enkeltmenneske, grupper og organisasjonar i ein arbeidsmessig samanheng. Det vil bli særskilt fokusert på rolla som endringsagent, og på kartleggings- og intervensjonsmetodar for leiar-, gruppe- og organisasjonsutvikling.

Læringsutbyte

Kunnskap:

Kandidaten skal ved fullført grad:

Dugleik:

Kandidaten skal ved fullført grad kunne:

Generell kompetanse:

Kandidaten skal ved fullført grad kunne:

Opptakskrav

Opptak til masterprogrammet i psykologi krevjar ein fullført bachelorgrad:

For studieretninga «åtferd og nevrovitskap» gjeld i tillegg følgande krav til opptak:

Bachelorgrader frå UiB som kvalifiserer:

Eksterne bachelorgrader som kvalifiserer:

Språkkrava i både norsk og engelsk for dette studieprogrammet dekker du med generell studiekompetanse, anten på grunnlag av norsk vidaregåande skule eller på annan måte.Minstekrav til norsk for søkarar som har heile eller delar av sitt opptaksgrunnlag frå eit land utanfor Norden: Master i psykologi er eit norskspråkleg masterprogram med følgjande norskkrav.

Omfang masteroppgåva

Studentar på studieretninga åtferd- og nevrovitskap vil skrive ei masteroppgåve på 60 sp, medan studentar på studieretninga sosial og kognitiv psykologi vil kunne velje mellom å skrive ei 60 sp eller 30 sp masteroppgåve i psykologi. Dersom ein vel 30 sp masteroppgåve, må ein i tillegg fullføre 30 sp valgemne, til dømes via utveksling.

Rekkefølgje for emne i studiet

Første semester undervisast det i MAPSYK301 og dei første fordjupingsemna for vald studieretning (MAPSYK303, eller MAPSYK319B)

Andre semester undervisast det i dei neste fordjupingsemna for vald studieretting (MAPSYK304 eller MAPSYK319A) og MAPSYK302.

Tredje og fjerde semester arbeidast det med masteroppgåve (MAPSYK330 eller MAPSYK360). På tredje semester er det utveksling for kandidatar på studierettinga «sosial- og kognitiv psykologi» som vel å skrive 30 sp. masteroppgåve.

Første år:

1. semester (haust):

2. semester (vår):

Andre år: Dei som går på studieretninga sosial- og kognitiv psykologi kan velje mellom å skrive 30 og 60 poengs masteroppgåve.

3. semester (haust)

4. semester (vår)

Krav til progresjon i studiet

Emna MAPSYK301 og MAPSYK302 må være greidde før ein kan gå vidare på arbeidet med

masteroppgåva.

Begge fellesemna og dei spesifikke emna for kvar studieretning er obligatoriske for å oppnå grad.

Delstudium i utlandet

Ein kandidat som vel 30 sp. mastergradsoppgåve kan gjennomføre inntil 30 sp.

studiespesialisering i utlandet.

Undervisningsmetodar

Undervisningsforma for einskildemna som inngår i kursdelen, er omtalt i emneskildringa. Det er

mellom anna forelesingar, seminar, gruppearbeid, case-arbeid, diskusjon av forskingslitteratur,

skriftleg og munnleg presentasjon, prosjektarbeid, bedriftsbesøk og samarbeid med næringsliv, og

offentlige og private institusjonar.a.

Vurderingsformer

Vurderingsforma for einskildemna som inngår i masterprogrammet, er nærare omtalt i

emneskildringane. Det vert nytta ulike vurderingsformer som skuleeksamen og heimeeksamen.

Karakterskala

Karakterskalaen for einskildemna som inngår i masterprogrammet, er omtalt i emneskildringa. Masteroppgåva vert sensurert med karakterskalaen A-F.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål blir skrive ut etter at graden er fullført.

Grunnlag for vidare studium

Med avlagt mastergradseksamen er du kvalifisert for opptak til PhD-studiet (doktorgrad).

Evaluering

Masterprogrammet vert kontinuerleg evaluert i tråd med retningslinjene for kvalitetssikring ved UiB. Evalueringa for einskildemna som inngår i masterprogrammet, er omtalt i emneskildringa.

Programansvarleg

Institutt for samfunnspsykologi

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast på:

 https://www.uib.no/psyfa/43960/informasjonssenteret-ved-det-psykologiske-fakultet

https://www.uib.no/psyfa/43960/informasjonssenteret-ved-det-psykologiske-fakultetInformasjonssenteret til Det psykologiske fakultet
Telefon: 55 58 27 10

Læremiddelomtale

Litteraturliste finn du på våre nettsider.

 

Lista vil vere klar innan 01.06/01.12 for det komande året.