Studieprogram: MASV-DEMOK Erfaringsbasert master i demokratibygging - Høst 2021




Omfang og studiepoeng

Masterprogrammet i demokratibygging har eit omfang på 90 studiepoeng.

Fulltid/deltid

Studiet er organisert som eit halvtidsstudium over tre år. Graden består av fire emnar på 15 studiepoeng kvar, og eit sjølvstendig arbeid på 30 studiepoeng. Kursemna kan tas i den rekkja studenten ynskjer, men det vert anbefalt å ta metodeemnet til slutt. Studentane kan også ta emna i det tempo som passer studenten best. Studenten bind seg ikkje til gradsopplegget før studenten starter på oppgåveemnet. Studentar kan med andre ord ta kurstilbodet utan å binde seg til gradsopplegget.

Undervisninga på emna er lagt til helgesamlingar i semesteret. På denne måten gjer man det lettare å kombinera studiet med fulltidsarbeid. Kvart av kursemna har tre helgesamlingar.

Kursa vert lagt opp på ein slik måte at undervisinga kan gjerast på engelsk.

Undervisningsspråk

På noen av kursene er all kurslitteratur på engelsk, og kursene er lagt opp slik at de kan holdes på engelsk dersom kursene har engelskspråklige kursdeltakere. Normalt gode engelskkunnskaper forutsettes. Undervisningsspråket er imidlertid normalt norsk.

 

Studiestart - semester

Høst og vår

Mål og innhald

Målsetjinga for studiet er å auke kompetansen om demokratiseringsprosessar hjå ulike aktørar innan området demokratibistand. Studieprogrammet gjer dette gjennom å fokusera på både teoretiske og meir praktisk retta studiar.

Gjennom kursa i val- og rettsobservasjon, korrupsjonsgransking, demokratiassistanse og samfunnstryggleik og kamp mot terror får studentane ein djupare kunnskap om ulike aspekt knytt til demokratibygging og samfunnstryggleik. Dei lærer også å bruka denne kunnskapen til å analysera og problematisera demokratiprosesser i ulike deler av verda ved å bruka ei blanding av kvalitative og kvantitative metodar.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskap

Kandidaten

 

Ferdigheter

Kandidaten

 

Generell kompetanse

Kandidaten

Opptakskrav

Det vert stilt følgjande krav til opptak til ein erfaringsbasert mastergrad:

I tillegg er to års relevant yrkespraksis eit krav. Relevant yrkespraksis er definert ut i frå kva som kan tenkjast å være relevant bakgrunnskunnskap for personell på oppdrag for å assistera demokratiseringsprosessar. Kvar søkjar vert vurdert individuelt.

Man vil ikke bli tatt opp på selve masterprogrammet før man søker om opptak på kurset SAMPOL650 Masteroppgave. Man kan søke når man har tatt fire av kursene vi tilbyr, hvorav feltmetodikk er obligatorisk. Vi anbefaler sterkt en gjennomsnittskarakter på minimum C fra de andre tre kursene. Deretter vil man motta et brev om at man er tatt opp på gradsstudiet. En veileder på oppgaven vil så bli oppnevnt.

Info om søknad og opptak: http://www.uib.no/utdanning/evu

Obligatoriske emne

SAMPOL607 Feltmetodikk: Politisk kartlegging i felt

Rekkefølgje for emne i studiet

Delstudium i utlandet

Nei

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesningar og seminar, i tillegg til deltaking i rollespill på enkelte kurs.

Undervisningsmetodar

Førelesningar og seminar, i tillegg til deltaking i rollespill på enkelte kurs.

Vurderingsformer

Heimeeksamen, masteroppgåve.

Karakterskala

Bokstavkarakterar A-F.

På SAMPOL607 vert bestått / ikkje bestått nytta.

Grunnlag for vidare studium

Dokumentasjon av metodisk kompetanse ut over den ein får gjennom SAMPOL607 trengs før ein kan søkje om opptak til organisert forskarutdanning, ph.d.-utdanninga.

 

Relevans for arbeidsliv

Master i demokratibygging gir eit kunnskapsfundament som kvalifiserer for mange ulike jobbar, i offentleg så vel som i privat sektor, i inn- og utland. Mange kandidatar arbeider i offentlege verksemder som departement og direktorat. Mastergraden er særleg eigna dei som arbeider med spørsmål knytt til demokrati og menneskerettar i brei forstand.

 

Evaluering

Bachelorprogrammet vert kontinuerleg evaluert i tråd med retningslinene for sikring av kvalitet. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no.

Programansvarleg

Institutt for sammenliknende politikk

v/ Terje Knutsen

terje.knutsen@isp.uib.no

 

Administrativt ansvarleg

Institutt for samanliknande politikk