Dette masterprogrammet fører fram til graden master i informasjonsvitskap. Studiet er toårig (120 studiepoeng).
I informasjonsvitskap gjer ein empiriske studiar av informasjonssystem og aktivitetar knytte til slike, både med kvalitative og kvantitative metodar. Det som likevel kjenneteiknar faget mest, er at vi i vår forsking prøver å utvikle og forbetre informasjonssystema ved å faktisk designe ei forbetring, for eksempel i form av eit dataprogram, ein database, ein nettstad eller liknande.
Mastergradsstudiet i informasjonsvitskap gir deg ei framtidsretta IKT-utdanning på høgt nasjonalt og internasjonalt nivå. Studiet utviklar evna di både til sjølvstendig praktisk IKT-arbeid og til rettleia IKT-forsking. Mastergraden i informasjonsvitskap er dermed eit godt grunnlag både for yrkeslivet og for vidare doktorgradsstudium i informasjonsvitskap.
På masterstudiet i informasjonsvitskap tar du kurs i to semester før du skriv ei sjølvstendig vitskapeleg masteroppgåve i løpet av to semester. Vanlegvis vil alle kursa du tar vere innan informasjonsvitskap. Også desse kursa har obligatoriske øvingar og/eller oppgåver. Det er difor heller ikkje mogleg å ta eksamen i informasjonsvitskap på masternivå som privatist.
Masterstudiet i informasjonsvitskap byggjer vidare på bachelorstudiet. Masterstudiet styrkjer og vidareutviklar studenten sine praktiske og teoretiske kunnskapar, analytiske evner og kritiske kompetanse i forhold til informasjons- og kommunikasjonsteknologiar og deira historiske, aktuelle og moglege føresetnader og funksjonar i høve til individ, grupper, institusjonar, organisasjonar og samfunn. Studiet utviklar evna til sjølvstendig problemløysing og utviklingsarbeid, og kvalifiserer for varierte arbeidsoppgåver innan IKT-området.
Studiet utviklar studenten si skriftlege og munnlege formuleringsevne, og gir trening i vitskapleg arbeid og framstilling gjennom skriving av ei masteroppgåve. Masteroppgåva er eit sjølvstendig forskingsarbeid skrive under rettleiing, og føreset kjennskap til vitskaplege vurderings- og kvalitetskriterium og forskingsetikk. Gjennom arbeidet med masteroppgåva har studenten utvikla og demonstrert evne til å formulera klare problemstillingar, trekkja inn relevant kunnskap og forsking på det aktuelle feltet, samla og systematisera eit større empirisk materiale og å analysera dette materialet i lys av ei sjølvvalt problemstilling. Gjennom grunngjeving av eigne teoretiske og metodiske hovudval, og bruk av teoriar og teoretiske omgrep i analyse av eit konkret empirisk materiale, har studenten dokumentert evne til sjølvstendig arbeid og kritisk refleksjon.
Masterstudiet har vidare utvikla studenten sine evner til raskt å setja seg inn i nye problemstillingar, tileigna seg ny fagkunnskap og å bruka denne kunnskapen i sjølvstendig analyse av yrkesfaglege og samfunnsmessige problemstillingar.
Ein kandidat med fullført program i informasjonsvitskap skal ha følgjande totale læringsutbyte definert i kunnskap, dugleikar og generell kompetanse:
Kunnskap
Kandidaten
Dugleikar
Kandidaten
Generell kompetanse
Kandidaten
Bachelorgrad eller tilsvarande grad med 80-100 studiepoeng spesialisering i informasjonsvitskap.
Bachelorgradar frå UiB som kvalifiserer:
Eksterne bachelorgrader som kvalifiserer:
Andre bachelorgradar kan kvalifisere dersom du har emne som inkluderer følgjande fagområde:
Du må også ha:
På masterstudiet i informasjonsvitenskap tar du kurs i to semestre før du skriver en selvstendig vitenskapelig masteroppgave i løpet av to semestre. Vanligvis vil alle kursene du tar være innen informasjonsvitenskap.
Vurdering/eksamen:
Kursene har obligatoriske øvelser og/eller oppgaver. Det er derfor ikke mulig å ta eksamener i informasjonsvitenskap på masternivå som privatist.
Kursdelen
Mastergraden i informasjonsvitskap består av ein kursdel på 60 studiepoeng, 4 emne à 15 poeng. Det er mogleg etter søknad til instituttet å få ta med inntil 30 studiepoeng frå andre mastergradar, men minst 30 studiepoeng skal alltid være kurs i informasjonsvitskap på 300-nivå. Sjå oversyn over aktuelle valemne for inneverande semester i Emneoversikta for Informasjonsvitskap.
Obligatorisk emne: INFO300: Prosjektarbeid og forskingsdesign for informasjonsvitenskap (15 sp) (Tilrådd semester: 2. / vår)
Oppgåvedelen
Obligatorisk emne: INFO390: Masteroppgåve i informasjonsvitskap (60 sp) (Tilrådd semester: 3. og 4.)
Rettleiingsavtale for master i informasjonsvitskap skal inngåast innan 2. semester.
Valfritt
Utanlandsopphald, 1 semester
Som ferdigutdanna informasjonsvitar arbeider du gjerne som konsulent i IT-bransjen eller med utvikling og drift i IT-avdelingar i private og offentlege verksemder. Arbeidsoppgåvene dine kan t.d. omfatte utvikling og evaluering av nye informasjonssystem, opplæring og brukarstøtte, vedlikehald av eksisterande system, og planlegging og oppfølging av korleis ei verksemd best kan gjere nytte av IKT. Ein del informasjonsvitarar etablerer også eigne verksemder, mens andre arbeider med forsking og undervisning på universitet eller høgskolar. Med rett samansetjing av fagemne blir du kvalifisert til å undervise i skuleverket.
Masterprogrammet i informasjonsvitskap gir deg ei framtidsretta IKT-utdanning på høgt nivå. Studiet utviklar både evna til sjølvstendig praktisk IKT-arbeid og til IKT-forsking under rettleiing. Mastergraden i informasjonsvitskap er dermed eit godt grunnlag for yrkeslivet.
Du søkjer opptak til Det samfunnsvitskaplege fakultet. Søknadsfristen er 1. juni for studiestart i august og 1. november
for studiestart i januar. Viss du har utdanning avlagt utanfor UiB som inngår i det faglege opptaksgrunnlaget for master-programmet, må du søkje om innpassing innan 1. mai/1.
oktober. Det gjeld også utdanning som blir avslutta i
inneverande semester. Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du på studere.uib.no/opptak/master
Mastergradsstudiet i informasjonsvitenskap gir deg en fremtidsrettet IKT-utdanning på høyt nasjonalt og internasjonalt nivå. Studiet utvikler din evne både til selvstendig praktisk IKT-arbeid og til veiledet IKT-forskning. Mastergraden i informasjonsvitenskap er dermed et godt grunnlag både for yrkeslivet og for videre doktorgradsstudier i informasjonsvitenskap.
Vi tar opp nye studenter til mastergraden i informasjonsvitenskap hvert semester, og studiet tar 4 semestre. Du kan bli tatt opp til masterstudiet på grunnlag av bachelorgrad i informasjonsvitenskap eller tilsvarende. I tillegg til den disiplinorienterte bachelorgraden i informasjonsvitenskap finnes det egne varianter av profesjonsstudiet i IKT og av studieretningen for kommunikasjonsteknologi og nye medier som gir deg grunnlag for opptak til masterstudiet.
Masterprogrammet i informasjonsvitskap består av ein kursdel på 60 studiepoeng, 4 emne à 15 studiepoeng. Kursa blir haldne i første og andre semester. Normalt inngår metodekurset INFO300 i kursdelen, og du bør ta INFO300 i andre semester på masterprogrammet.
Mastergraden i informasjonsvitenskap består av en kursdel på 60 studiepoeng. Minst 30 av disse studiepoengene skal være kurs i informasjonsvitenskap på 300-nivå. Normalt inngår INFO300 i disse 30 studiepoengene. Du kan også ta med inntil 30 studiepoeng i informasjonsvitenskap på 200-nivå. Du kan også søke instituttet om å få ta med inntil 30 studiepoeng med emner fra andre mastergrader.I løpet av våren, i ditt andre semester på master må du utarbeide og levere en søknad om masteroppgave i informasjonsvitenskap. Masteroppgaven skal være et selvstendig informasjonsvitenskapelig arbeid som du utfører under veiledning. Du utformer oppgavesøknaden i samarbeid med en mulig veileder, gjerne i forbindelse med INFO300. Masteroppgaven utføres i løpet av ditt tredje og fjerde semester på masterstudiet.I tillegg kan enkelte informasjonsvitenskapelige emner på 200-nivå inngå i en mastergrad.
På masterstudiet i informasjonsvitenskap tar du kurs i to semestre før du skriver en selvstendig vitenskapelig masteroppgave i løpet av to semestre. Vanligvis vil alle kursene du tar være innen informasjonsvitenskap.
Vurdering/eksamen:
Kursene har obligatoriske øvelser og/eller oppgaver. Det er derfor ikke mulig å ta eksamener i informasjonsvitenskap på masternivå som privatist.
Som ferdigutdanna informasjonsvitar arbeider du gjerne som konsulent i IT-bransjen eller med utvikling og drift i IT-avdelingar i private og offentlege verksemder. Arbeidsoppgåvene dine er f.eks. utvikling og evaluering av nye informasjonssystem, opplæring og brukarstøtte, vedlikehald av eksisterande system, samt planlegging og oppfølging av korleis ei verksemd best kan utnytte IKT. Ein del informasjonsvitarar etablerer også eigne verksemder, mens andre arbeider med forsking og undervisning i universitets- og høgskolesektoren.
Haust og vår
E-post: post@infomedia.uib.no Tlf.: 55 58 91 00