Studieprogram: MASV-ITØK Integrert masterprogram i informasjonsteknologi og økonomi (sivilingeniør) - Høst 2021




Namn på grad

Master i informasjonsteknologi og økonomi (sivilingeniør)

Integrert masterprogram

Omfang og studiepoeng

300 studiepoeng

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Norsk og engelsk

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Studieprogrammet i informasjonsteknologi og økonomi har som mål å utdanne kandidatar med en breiare utdanningsbakgrunn enn den tradisjonelle økonomen eller ingeniøren, ved å kombinere bedrifts- og samfunnsøkonomifag med fag som programmering, datasikkerheit, algoritmar og data science. Studiet skal formidle forståing for korleis ein kan nyttiggjere seg moglegheiter digitaliseringsprosessane i samfunnet fører med seg.

Utdanningstilbodet ligg i skjæringsflata mellom IKT og økonomi, og vil kople teori, empiri og praktiske ferdigheiter og vil ha stor samfunnsrelevans. Kandidatane vil vere attraktive på arbeidsmarknaden. Dei vil for eksempel kunne handtere digitaliseringsfunksjonar og leie innsamling og analyse av marknadsdata i større bedriftar, men dei vil og kunne vere drivarar for entreprenørskap og innovasjonsprosessar gjennom sin tverrfaglege kompetanse.

I starten av studiet vert det lagt vekt på å gje studentane eit godt grunnlag i basisfag innan informasjonsteknologi, matematikk, statistikk og økonomi. Siste halvdel av studiet er også tverrfagleg og det vert opna for valmoglegheiter som gjev spesialisering mot meir spesifikke problemstillingar innan IKT og økonomi. I siste del av studiet vil fokus vere å utvikle evner til å løyse både økonomiske og tekniske spørsmål på eige hand og i samarbeide med andre.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbytte:

 

Kunnskap 

Kandidaten ...

 

Ferdigheiter 

Kandidaten ...

 

Generell kompetanse

Kandidaten..

Opptakskrav

Generell studiekompetanse samt Matematikk R1 (eller Matematikk S1 og S2) og R2 og Fysikk 1.

Opptakskode: SIVING

Tilrådde forkunnskapar

Gode forkunnskaper i matematikk er ein føremon.

Innføringsemne

Examen philosophicum

Obligatoriske emne

Totalt må graden innehalde minimum 300 studiepoeng. Av disse er 110 studiepoeng obligatoriske emne, 10 studiepoeng er Examen philosophicum, 50 studiepoeng valemne og 30 studiepoeng masteroppgåve.

 

Krav til valemne:

 

Masteroppgåva i studieprogrammet: ITØK391 Masteroppgåve (30 studiepoeng)

 

Obligatoriske emne i graden:

Tilrådde valemne

Liste over spesielt relevante valemne. Denne lista vil endrast etter kvart som nye emne kjem til:

Rekkefølgje for emne i studiet

1.semester

 

2.semester

 

3.semester

 

4.semester

 

5.semester

 

6.semester

 

7.semester

 

8.semester

 

9.semester

 

10.semester

Delstudium i utlandet

Det er lagt til rette for at studentane kan ta delar av studiet ved lærestader i utlandet. Dette må gjerast i samråd med programkoordinator, programansvarleg og emneansvarlege.

Arbeids- og undervisningsformer

Det vert brukt arbeids- og undervisningsformer som legg til rette for studentaktivitet, til dømes problembasert læring og oppgåver som studentane må løyse saman med ein eller fleire medstudentar. Undervisninga omfattar og førelesingar og seminarundervisning i mindre grupper - kombinert med tilbakemelding frå undervisar og/eller medstudentar på skriftlege og munnlege arbeid undervegs i studiet.

I studiet inngår også praksis- og utplasseringsemne, der studentane skal bidra og løyse reelle arbeidsoppgåver i bedriftene dei er hos.

Masteroppgåva er et vitskapleg arbeid, som vert gjennomført med fagleg rettleiing.

Vurderingsformer

Emna som inngår i studieløpet, nyttar hovudsakleg følgjande vurderingsformer: skriftleg skoleeksamen, mappevurdering, munnleg prosjektpresentasjon og semesteroppgåve.

Karakterskala

Emna som inngår i det tilrådde studieløpet vert i hovudsak karaktersett med bokstavkarakterar (A-F), men nokre få emne kan bli karaktersett med bestått/ikkje bestått.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål vert skrive ut etter at graden er fullført.

Grunnlag for vidare studium

Masterstudiet gir grunnlag for opptak til forskarutdanninga (ph.d.-grad). Ein må normalt vere tilsett i ei stilling som stipendiat for å få opptak.

Relevans for arbeidsliv

Studiet gir spesialistkompetanse i IKT og økonomi, men førebur også kandidatane for seinare leiarfunksjonar gjennom sin tverrfaglege innretning.

Behovet for kunnskap om emne som kunstig intelligens og grunnleggande programmering kombinert med solid økonomisk kompetanse er stort. Kandidatane vil vere i stand til å nytte kunnskapen og analysere problemstillingar på nye område innan dei fleste næringar, samt i forvaltning og forskning.

Evaluering

Programmet vert kontinuerlig evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for økonomi har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

E-post: mailto:itok@uib.noitok@uib.no

Telefon: 55 58 92 26