Studiet er toårig (120 studiepoeng).
Haust og vår
Masterprogrammet i sosiologi gjer ei brei orientering om arbeidsfelt, teoriar og metodiske tilnærmingsmåtar i faget. Masterprogrammet kombinerer generell teori- og metodekunnskap med individuell fordjuping.
Masterprogrammet svarer til i alt 120 studiepoeng der kursdelen utgjer 5 emne à 10 studiepoeng. Følgjande emne er obligatoriske:
I undervisning og forsking ved instituttet har dimensjonane kjønn, makt og ulikskap stått sentralt. I tillegg vert det arbeida mykje med institusjonell endring, globalisering, livsløp og modernisering. Dei følgjande problemområda er dei mest sentrale i den faglege aktiviteten ved instituttet:
Ein kandidat med fullført program har følgjande totale læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Kandidaten
Ferdigheiter
Kandidaten
Generell kompetanse
Kandidaten
Bachelorgrad eller tilsvarande grad med 80-90 studiepoeng spesialisering i sosiologi, inkludert minimum 10 studiepoeng i samfunnsvitskapeleg metode.
Bachelorgradar frå UiB som kvalifiserer:
Eksterne bachelorgrader i sosiologi som kvalifiserer:
Andre bachelorgradar kan kvalifisere dersom du har 80-90 studiepoeng i sosiologi, inkludert minimum 10 studiepoeng i samfunnsvitskapleg metode.
Du må også ha:
Masterstudiet tilsvarer i alt 120 studiepoeng. Studiet består av en kursdel og en oppgavedel. Studentene skal ta seks kursemner, fem obligatoriske emner og ett valgemne. Hvert av emnene er på 10 studiepoeng. Arbeidet med masteroppgaven er normert til 60 studiepoeng.
Oppgaven bygger på et selvstendig forskningsprosjekt som munner ut i en avhandling. Det er ønskelig at studentene velger et prosjekttema som faller innenfor instituttets egen fagprofil. Arbeidet med valgemnene skal spore studentene til valg av tema, bygge opp under utarbeidelsen av en prosjektbeskrivelse og på ulike måter bidra til studentenes arbeid med masteroppgaven.
Du kan reise på utveksling som en del av mastergraden din i sosiologi. Det finst fleire alternativ for deg som ønskjer å ta delar av utdanninga di i eit anna land. Instituttet har fleire samarbeidsavtaler i mange land og regionar. Blant moglegheitene er studiar i Norden og Europa gjennom Nordplus og Erasmus+ ordningane, eller du kan reise til eit anna kontinent gjennom ei av UiBs mange bilaterale avtalar.
Det vert anbefalt at utanlandsstudiet leggjas til 2. semester. Studentar på utveksling må ta emne i sosiologi til erstatning for dei obligatoriske emna i graden. Vi hjelper deg med å finne utdanningstilbod frå våre samarbeidspartnarar som passar til dine faglege interesser og er mogleg å gjennomføre på masternivå. Sjå
Emna som inngår i det anbefalte studielaupet bruker stort sett ulike kombinasjonar av dei følgjande eksamensformene: heimeeksamen, skriftleg eksamen, og munnleg eksamen.
Karakterar ved Universitetet i Bergen vert gitt på ein av to måtar; anten
1) Som 'Bestått' eller 'Ikkje bestått', eller
2) Som ein bokstav, etter skalaen A, B, C, D, E, F.
Bokstavkarakterar er det vanlegaste.
Masterprogram i sosiologi gjev fagleg, analytisk og metodisk kompetanse for ulike typar jobbar i offentleg så vel som privat sektor. Fleirtalet av kandidatane arbeider i offentlege verksemder som universiteter, høgskular, kommune- og fylkeskommune, direktorat og departement. Ein god del får jobb i private verksemder og organisasjonar som konsulentverksemd og frivillige organisasjonar.
Sosiologane er kvalifiserte til mange ulike arbeidsfunksjonar, mellom anna planlegging og iverksetjing av prosjektarbeid, forskings-, utgreiings- og dokumentasjonsverksemd, rådgjeving, informasjonsarbeid, administrasjon og organisasjonsutvikling. Med rett samansetjing av fagemne og eitt år påbygging med ppu (praktisk-pedagogisk utdanning) får studenten tittelen lektor og kvalifiserer til å undervise i skuleverket.
For meir informasjon, sjå her:
Sosiologisk institutt
E-post: studierettleiar@sos.uib.no Tlf.: 55 58 90 10
Du søkjer opptak til Det samfunnsvitskaplege fakultet. Søknadsfristen er 1. juni for studiestart i august og 1. november for studiestart i januar. Viss du har utdanning avlagt utanfor UiB som inngår i det faglege opptaksgrunnlaget for masterprogrammet, må du søkje
om innpassing innan 1. mai/ 1. oktober. Det gjeld også utdanning som blir avslutta i inneverande semester. Meir informasjon om opptak og søknadsprosedyrar finn du på studere.uib.no/opptak/master
Bachelor-/cand.mag.-grad med godkjent spesialisering/fordjuping (80-90 studiepoeng/1 1/2 års studium) i sosiologi.
Ved instituttet bruker ein eit breitt spekter av forskingsmetodar. I løpet av masterprogrammet skal du tileigne deg forståing, kunnskapar og dugleik i empirisk sosiologi ved bruk av statistiske analyseteknikkar og ulike kvalitative tilnærmingar. Du får rettleiing i utforming av prosjektskissa og i arbeidet med sjølve masteroppgåva.
Du kan få rettleiing både individuelt og i grupper.
Masteroppgåva utgjer 60 studiepoeng. I tillegg kjem SOS340 Prosjektutvikling (10 sp) med oppstart i 1. semester og ferdigstilling seinast i 2. semester.Oppgåva byggjer på eit sjølvstendig forskingsprosjekt som munnar ut i ei avhandling. Det er ønskjeleg at du vel eit prosjekttema som fell innanfor instituttet sin fagprofil. Arbeidet med valemnet skal spore deg til val av tema,
byggje opp under utarbeidinga av ei prosjektskisse og på ulike måtar medverke til arbeidet med masteroppgåva.
Masterstudiet tilsvarer i alt 120 studiepoeng. Studiet består av en kursdel og en oppgavedel. Studentene skal ta seks kursemner, fem obligatoriske emner og ett valgemne. Hvert av emnene er på 10 studiepoeng. Arbeidet med masteroppgaven er normert til 60 studiepoeng.
Oppgaven bygger på et selvstendig forskningsprosjekt som munner ut i en avhandling. Det er ønskelig at studentene velger et prosjekttema som faller innenfor instituttets egen fagprofil. Arbeidet med valgemnene skal spore studentene til valg av tema, bygge opp under utarbeidelsen av en prosjektbeskrivelse og på ulike måter bidra til studentenes arbeid med masteroppgaven.
Gjennomføringa av masterprogrammet gir praktisk analytisk kompetanse som kvalifiserer til mange typar yrkesroller (forsking, utgreiing, administrative oppgåver i offentleg og privat sektor, informasjonsarbeid, undervisning m.m.)
Haust og vår
E-post: post@sos.uib.no Tlf.: 55 58 91 50/55 58 91 51