Studieprogram: MATF-FARM Integrert masterprogram i farmasi - Høst 2021
Namn på grad
Master i farmasi
Undervisningsspråk
Norsk og engelsk
Studiestart - semester
Haust
Mål og innhald
Profesjonsstudiet i farmasi kvalifiserer for autorisasjon som provisorfarmasøyt. Gjennom studiet tileignar studentane seg ein brei og spesialisert legemiddelfagleg kompetanse. Studiet skal sikre samfunnet kandidatar som har de kunnskapar, haldningar og ferdigheter som trengs for å forsvarlig utøva farmasiyrket.
Farmasistudiet gir studentane ein brei fagleg basis innan kjemiske og biologiske fag, samt spesialisering innan farmasøytiske fag, som farmakognosi, farmakologi, galenisk farmasi, klinisk farmasi, samfunnsfarmasi, legemiddelkjemi og rettleia praksis i apotek.
Masteroppgåva siste året er ei fordjuping og spesialisering innan farmasi, og studentane kan i stor grad sjølv velje fagområde for oppgåva.
Læringsutbyte
Etter gjennomført studium har studenten nedenstående kunnskapar, ferdigheiter og generelle kompetanse:
Kunnskapar
Kandidaten
- Har avansert kunnskap om legemiddel og bruken av dei, farmakokinetikk og farmakodynamikk, deriblant preparatval, dosering, viktige biverknadar, interaksjonar og terapistyring ved dei vanlegaste sjukdomane samt klinisk farmasi og andre farmasøytiske tenester.
- Har inngåande kunnskap om biokjemiske og fysiologiske verknadsmekanismar
- Har avansert kunnskap om utvikling og produksjon av legemiddel, deriblant isolering, syntese og analyse av verkestoff, formulering, framstilling og kvalitetskontroll, oppbevaring og distribusjon av legemiddel og kvalitetssikring av alle ledd i prosessen.
- Har kunnskap om veterinære legemiddel og bruken av dei deira bruk og påverknaden på dyrehelse og mattryggleik.
- Har kunnskap om bruk av relevant medisinsk utstyr, ernæring og kosttilskot.
- Har kunnskap om helsevesenet, samspelet mellom helsevesenet og samfunnet, teknologiske løysingar og arbeidsprosessar som inkluderer samarbeid og tverrprofesjonell samhandling og korleis språk og kultur påverkar dette.
- Har kunnskap om kvalitative og kvantitative forskingsmetodar og kliniske utprøvingar og inngåande kunnskap om sentrale, forskingsetiske regelverk og prinsipp.
Ferdigheiter
Kandidaten
- Kan sjølvstendig isolere, syntetisere og analysere kjemiske stoff, framstille legemiddel og utføre kvalitetskontroll av desse.
- Kan på ein sjølvstendig måte ta hand om farmasøytiske yrkesfunksjonar i apotek og i andre delar av helsetenesta og innan farmasøytisk industri
- Kan utføre yrkesfunksjonen sin i samsvar med lovar, forskrifter og yrkesetiske retningslinjer.
- Kan samarbeide med anna helsepersonell om optimal legemiddelbehandling til den enkelte pasient og kan bruke klinisk kommunikasjonskunnskap på tvers av verksemd og nivå.
- Kan gjere greie for legemiddelmarknaden sin spesielle karakteristikk og drøfte legemiddelbruk i eit nasjonalt og internasjonalt perspektiv.
- Kan bruke sentrale matematiske, statistiske og epidemiologiske metodar til å undersøke praktiske og teoretiske, farmasifaglege problemstillingar.
- Kan gjennomføre eit sjølvstendig, avgrensa forskingsprosjekt under rettleiing og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer.
Generell kompetanse
Kandidaten
- Har digital kompetanse og kan tileigne seg og bruke ny kunnskap og vurdere faglitteratur og legemiddelinformasjon kritisk.
- Kan formidle forskingsbasert kunnskap og diskutere profesjonelle og vitskapelege problemstillingar med helsepersonell og fagpersonar frå tilgrensande fagfelt i tillegg til legemiddelbrukarar.
- Har kunnskap om leiing og ulike farmasøytiske leiarroller deriblant rettleiing og kommunikasjon.
- Har innsikt i og forståing for korleis legemiddelovervaking, kvalitetssystem og kvalitets- og betringssarbeid bidrar til trygg legemiddelbruk og auka pasienttryggleik.
- Har innsikt i og kan identifisere, reflektere over og handtera etiske problemstillingar i farmasøytisk yrkesutøving og forsking, og viser respekt for brukarar av farmasøytiske tenester og gir rettleiing som tar vare på brukaren sin integritet og brukaren sine rettigheiter.
- Kjenner til nytenking og innovasjonsprosessar og kan bidra i tenesteinnovasjon, entreprenørskap og systematiske og kvalitetsforbetrande arbeidsprosessar innan fagfeltet.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse og MEROD: Matematikk R1 (eller S1 og S2) og Fysikk 1og Kjemi 1 og 2.
Tilrådde forkunnskapar
Gode kunnskapar i norsk munnleg og skriftleg er naudsynt for å kunne gjennomføre delar av farmasistudiet.
Innføringsemne
Ex.Phil, 10 studiepoeng
Obligatoriske emne
Alle emna spesifisert i graden (285 studiepoeng) er obligatoriske, og må gjennomførast i fastsatt rekkjefølge
Spesialisering
15 studiepoeng på 5. studieåret er studiespesialiserande emne som studenten vel i tilknyting til masteroppgåva
Rekkefølgje for emne i studiet
Emna må gjennomførast i fastsatt rekkjefølge
Delstudium i utlandet
Det er moglegheiter for å dra på utveksling på farmasistudiet, både gjennom avtaler på studieprogrammet og gjennom sentrale avtaler ved UiB. Ta kontakt med studierettleiar for å høre meir om kva ordningar som finst. Les meir om utveksling her:
http://www.uib.no/mofa/64280/delstudier-i-utlandetInformasjon om utveksling
Arbeids- og undervisningsformer
Studiet nyttar ein rekke undervisningsmetodar:
- Forelesninger
- TeamBased Learning
- Undervisning med pasient
- Rollespill
- Gruppearbeid
- Ekskursjoner
- Praksis i apotek
- Seminar
- Kollokvier
- Innleveringsoppgaver
- Kasusrapporter
- Laboratoriekurs
- Laboratoriejournaler
- Spørretime
- TVEPS: Tverrprofesjonell samarbeidslæring
Undervisningsmetodar
Undervisning står skildra under kvart enkelt emne.
Vurderingsformer
For å sikre at studentane har nødvendige kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse gjennomførast det ulike vurderingsformar gjennom hele studieløpet:- Innleveringsoppgaver
- Mappeinnlevering
- Skriftleg skuleeksamen
- Laboratoriejournaler
- Midtsemesterevaluering/underveistest
- Gruppeoppgaver
- OSKE (Objektiv, strukturert, klinisk eksamen)
- Muntlig eksamen
- Quiz
- Digital skuleeksamen
- Digital heimeeksamen
Karakterskala
Emna som inngår i det tilrådde studieløpet vert karaktersett med bokstavkarakterar (A-F) eller bestått/ikkje bestått.
Vitnemål og vitnemålstillegg
Vitnemål blir skrive ut etter at graden er fullført.
Grunnlag for vidare studium
Studentar skal etter fullført mastergard i farmasi kunne søke seg vidare til doktorgradsstudie.
Relevans for arbeidsliv
Profesjonsstudiet i farmasi gir grunnlag for autorisasjon som provisorfarmasøyt. Som provisorfarmasøyt vil du få ekspedisjonsrett for legemiddel på resept. I tillegg til å arbeide i apotek kan farmasøytar arbeide i sjukehus, i heimesjukepleie og sjukeheimar, i legemiddelindustri, innanfor vidaregåande og høgare utdanning, for myndigheiter og private firma (for eksempel i oppdrettsnæringa).
Yrkesrolla omfattar rådgjeving, undervisning, forsking og leiing av apotek og anna legemiddelrelatert verksemd, samt oppgåver som legemiddeløkonomiske utgreiingar, tilverking av legemiddel til den enkelte pasienten og vurdering av korleis ulike legemiddel kan brukast saman.
Evaluering
Skriftleg vurdering
Skikkavurdering og autorisasjon
Som utdanningsinstitusjon skal vi vurdere om du er skikka til å utøve yrket som helse- eller sosialpersonell. Vurderinga omfattar både faglege, pedagogiske og personlege føresetnader, og vil gå føre seg under heile utdanninga - jf. Forskrift om skikkethetsvurdering i høyere utdanning
Når du er ferdig med studiet, blir du autorisert som provisorfarmasøyt. Helsedirektoratet (Hdir) har meir informasjon om autorisasjonsordninga.
Programansvarleg
Programutval for farmasi har ansvar for faglig innhald, oppbygging av studie og for kvaliteten på studieprogrammet.
Administrativt ansvarleg
Senter for farmasi.
Kontaktinformasjon
Ta gjerne kontakt med studieseksjonen på Det medisinske fakultet, dersom du har spørsmål:
info.med@uib.no
Mål og innhald
Farmasistudiet gir deg ein brei fagleg basis med undervisning både på Det matematisk-naturvitskaplege fakultet og Det medisinsk-odontologiske fakultet.
For å bli legemiddelekspert treng du også meir spesialiserte emne som farmakognosi, farmakologi, galenisk farmasi, samfunnsfarmasi, legemiddelkjemi og hospitering i apotek.
Masteroppgåva siste året skal være en fordjuping og spesialisering innan farmasi. Du kan velje oppgåve innan tradisjonelle studieretningar, eller meir utradisjonelle, som legemiddeløkonomi, akvatisk farmasi og global farmasi.
Krav til forkunnskapar
Generell studiekompetanse/realkompetanse og matematikk R1 (eller S1 + S2) og Fysikk 1 og Kjemi 1+2.
Tilrådde forkunnskaper
Gode kunnskapar i norsk munnleg og skriftleg er ein føresetnad for å gjennomføra delar av studiet.
Undervisning
Undervisning står skildra under kvart enkelt emne.
Oppbygging av studiet
Farmasistudiet er hovudsakeleg bygd opp med tre emne i kvart semester. Enkelte emne vil du ta saman med medisinstudentar eller med studentar innan matematisk- naturvitskaplege fag, mens andre emne vil berre bli gitt til farmasistudentar. I dei fleste emna vil farmasistudentane ha si eiga gruppe. Mange av emna som inngår i farmasistudiet har praktiske øvingar. Du vil vere mykje på kjemilaboratoria, og du vil også ha laboratorieøvingar i biokjemi og i til dømes galenisk farmasi. I tillegg vil du ha til saman eit halvt års praksis på ein farmasøytisk arbeidsstad.
Gjennom farmasiutdanninga vil du få ein brei fagleg basis der du vil lære fag som kjemi, cellebiologi, fysiologi, anatomi og mikrobiologi. For å bli ein legemiddelekspert treng du også meir spesialiserte emne som farmakognosi, farmakologi og galenisk farmasi. Farmakognosi er læra om naturlegemiddel. I farmakologien lærer du om korleis legemiddel verker inn på kroppen. Emnet galenisk farmasi omhandlar teknologien bak den fysiske utforminga av legemiddelet: korleis ein lagar tablettar, injeksjonsvæsker og andre legemiddelformer.
I den siste delen av studiet vil du kunne velje ei fordjuping og spesialisering som fører fram til mastergrad. Det er mange spennande fagområde å velje mellom. Du kan velje tradisjonelle studieretningar innan farmasi som legemiddelkjemi, farmasøytisk biokjemi, farmakologi, samfunnsfarmasi og klinisk farmasi. Det er også mulig å velje områder som legemiddeløkonomi, akvatisk farmasi og global farmasi.
Profesjonsstudiet i farmasi kan sjå slik ut:
1. semester HAUST
-Ex. phil MOSEM
-Matematikk
-Samfunnsfarmasi I
2. semester
-Kjemi og energi
-Organisk kjemi
-Organisk syntese og analyse
3. semester
-Legemiddelkjemi
-Kjemisk termodynamikk
-Molekylær cellebiologi
4. semester
-Biokjemi
-Analytisk kjemi
-Farmakognosi
5. semester
-Farmasøytisk mikrobiologi
-Fysiologi og anatomi
-Farmakologi I
6. semester
-Galenisk farmasi
-Farmakologi II
7. semester
-Farmakologi III
-Samfunnsfarmasi II
-Rettleia praksis
8. semester
-Rettleia praksis
-Studierettningsfag
-Studierettningsfag
9. semester
-Studieretningsfag
-Masteroppgåve
10. semester
-Masteroppgåve
Vurdering / Eksamensformer
Obligatorisk undervisning og informasjon om evalueringsformer står skildra under kvart enkelt emne.
Yrkesvegar
Farmasi er læra om legemiddel og Profesjonsstudiet i farmasi gir grunnlag for autorisasjon som provisorfarmasøyt med ekspedisjonsrett for legemiddel og gifter på resept.
Farmasi er eit vidt fagområde som omfattar kjemiske, biologiske og spesialiserte farmasøytiske fag som samfunnsfarmasi og farmasøytisk teknologi. Yrkesrolla til dei fl este farmasøytar er knytt til utvikling, produksjon, kontroll og sal av legemiddel og omfattar forskning, rådgiving, undervisning og leiing av verksemder innan legemiddelområdet. Farmasøyten vil i framtida spele ei stadig viktigare rolle i det kliniske teamet rundt pasienten.
Delstudium i utlandet
Undervisinga i galenisk farmasi er lagt til University of East Anglia i 7. semester for alle studentar på profesjonsstudiet i farmasi. Avtalen med University of East Anglia gjeld til og med kull09, det er enno ikkje avklart for studentane som byrjar hausten 2010; kull10.
Oppstart
Haust
Programansvarleg
Senter for farmasi
Administrativt ansvarleg
Det medisinske fakultet
Meir informasjon
Ønskjer du å vita meir, sjå www.uib.no/farmasi/ eller ta kontakt med studierettleiar.
E-post: studieveileder.farmasi@uib.no
Telefon: 55 58 54 49