Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) er eit yrkesretta, praksisbasert studium. Studiet er for søkjarar som har utdanning frå universitet og/eller høgskule, og som vil utdanne seg til å bli lærar. I studiet inngår pedagogikk, fagdidaktikk i matematikk og naturfag og praksis. Studentane er til vanleg i praksis både i ungdomsskulen og den vidaregåande skulen.
PPU skal utdanne lærarar som kan leggje til rette for, planleggje, gjennomføre og vurdere undervisning og læringsfremjande aktivitetar med utgangspunkt i forskings- og erfaringsbasert kunnskap. Eit anna viktig mål er at studentane får eit fundament for si faglege og profesjonelle utvikling, basert på teoretisk og metodisk innsikt så vel som evne til kritisk refleksjon kring fag, undervisning og læring. Studiet skal vidare kvalifisere studentane til å utvikle skulen som institusjon for læring og danning i eit demokratisk og fleirkulturelt samfunn.
Praksisopplæringa er læringsarena, forskingsområde og utprøvingsfelt for både pedagogikk og fagdidaktikk i matematikk og naturfag, og må sjåast som ein integrert del av studiet. Eit viktig mål er å aktivere studentane si teoretiske innsikt i praksis, samt å forstå erfaringar frå praksis i lys av teori.
Pedagogikk
Pedagogikk er vitskapen om læring, undervisning og oppseding. Når pedagogikk inngår som eit profesjonsfag i
lærarutdanninga er ein blant anna opptatt av:
¿ korleis lærarar kan leggje til rette for utvikling, læring, motivasjon og meistring hjå individ og grupper av elevar.
¿ korleis ulike syn på læring, undervisning og oppseding er påverka av filosofiske og utdanningsteoretiske retningar.
¿ korleis lærarar forstår og utøver sitt mandat og etiske ansvar ovanfor elevar, kollegaer, foreldre, skule og samfunn.
¿ korleis lærarar utviklar ein profesjonsidentitet både individuelt og som gruppe.
¿ korleis prosessar på system, gruppe og individnivå påverkar og vidareutviklar skulen som institusjon for læring og
danning.
Matematikk og naturfagsdidaktikk
Matematikk- og naturfagsdidaktikk omfattar særleg utvikling, prøving og revisjon av undervisningsløp som kan støtte ønska
faglege læringsprosessar. Meir konkret omfattar matematikk- og naturfagsdidaktikk:
¿ analyse av aktivitetar og tenkjemåtar i faga
¿ utvikling av lokale teoriar, for eksempel problemløysing og metodar for verifikasjon.
¿ utforsking av metodar som kan nyttast til formidling av ulikt fagleg stoff.
¿ kritisk vurdering av utvalt fagleg stoff i relasjon til undervisninga sitt overordna mål.
¿ forsking på føresetnader for læring og på undervisnings- og læreprosessar.
¿ utvikling og evaluering av konkrete undervisingsløp, ulike typar undervisingsløp og læreplanar.
¿ utvikling av metodar for planlegging, gjennomføring, observasjon og analyse av undervisingsleksjonar.
¿ kunnskap og forståing for historia til matematikk- og naturfagdidaktikken.
Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar:
Kandidaten ...
Ferdigheiter:
Kandidaten:
Kandidaten:
For opptak krev ein følgjande:
For opptak til PPU deltid gjeld språkkrav i norsk i samsvar med § 2-2 i forskrift om opptak til høgre utdanning av 6. januar 2017.
* Fagleg relevant fordjuping i to fag med minimum 60 studiepoeng i kvart fag. For naturfag krev ein 90 studiepoeng. Studenten kan mangle inntil 45 studiepoeng i dei to faga til saman ved opptak, men kan ikkje mangle meir enn 30 studiepoeng i eitt av faga. Dei manglande studiepoenga kan takast parallelt med deltidsstudiet. Dei manglande studiepoenga må være på plass før studenten startar på 4. semester.
** Karaktersnitt for det som utgjer opptaksgrunnlag i kvart fag må vere C eller betre. Tilstrekkelig karaktersnitt må seinast vere oppnådd før ein startar på 4. semester.
1 år: PPUDEL101 og PPUDEL102 (til saman 30 stp.)
2 år: PPUDEL103 og PPUDEL104 (til saman 30 stp.)
Studiet går over fire påfølgande semester, med opptak for nye studentar kvar haust. Det vil vere 10 dagars praksis i fyrste og fjerde semester, og 20 dagar i andre og tredje semester.
For heile studiet:
PPUDEL101 (1 .sem)
PPUDEL102 (2. sem)
PPUDEL103 (3. sem)
PPUDEL104 (4. sem)
På generell basis blir undervisninga organisert som ei blanding av tre samlingar per semester og elles interaktiv nettundervisning. I tillegg har studenten 60 dagar praksis.
Meir spesifikke undervisningsformer for enkeltemne som inngår i PPU deltid, er omtalt i emnebeskrivingane.
Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål:
Tlf 55 58 27 10