Studieprogram: PROF-SØK Profesjonsstudium i samfunnsøkonomi - Vår 2021




Namn på grad

Profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi fører fram til graden master i samfunnsøkonomi.

Omfang og studiepoeng

Integrert masterprogram med eit omfang på 300 studiepoeng, normert til 5 år.

Undervisningsspråk

Norsk

Studiestart - semester

Haust

 

Mål og innhald

Studiet gir ei grundig fagleg fordjuping i samfunnsøkonomi. Det gir ei solid teoretisk forankring og gjennom oppgåveløysing, aktiv deltaking i undervisninga og skriftlege arbeid, vert analytiske og metodiske evner, samt fagleg sjølvstende styrka. Studiet gir inngåande kunnskap om empiriske metodar og analyse med fokus på moderne forskingsdesign og behandling av komplekse økonomiske data på mikro- og makronivå.

Profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi gjev ei sterkare spesialisering i økonomiske fag med meir vekt på metode (matematikk og statistikk) enn det alternative bachelor- og masterprogrammet i samfunnsøkonomi. I profesjonsstudiet følgjer ein eit tilrettelagt studieprogram med felles innførings- og spesialiseringsemne. Dei obligatoriske emna sørgjer for grunnopplæringa i mikroøkonomi, makroøkonomi og metode (matematikk, statistikk og økonometri).

Læringsutbyte

Ein kandidat med fullført program skal ha følgjande totale læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten

Ferdigheiter

Kandidaten

Generell kompetanse

Kandidaten

Opptakskrav

Generell studiekompetanse og R1/(S1+S2).

Tilrådde forkunnskapar

Vi tilrår at du har matematikkbakgrunn tilsvarande 2MX/2MY.

Innføringsemne

Profesjonsstudiet startar i haustsemesteret med ex.phil., innføring i samfunnsøkonomi (ECON100) og grunnkurs i matematikk (MAT101).

Rekkefølgje for emne i studiet

Instituttet anbefaler følgjande rekkefølgje for emne i studiet:

 

Totalt må graden innehalde minimum 140 studiepoeng med emne på masternivå (300-nivå emne). Av desse er 40 studiepoeng obligatoriske emne, 70 studiepoeng er valemne på masternivå og 30 studiepoeng masteroppgåva.

 

For ein oversikt over emne som blir tilbydd ved Institutt for økonomi sjå emneoversikta her: http://www.uib.no/econ/emner

Delstudium i utlandet

Det finst i dag mange alternativ for studentar som ønskjer å ta delar av utdanninga si i eit anna land. Universitetet i Bergen har samarbeidsavtaler med universitet, institusjonar og organisasjonar i mange land og regionar. I samfunnsøkonomi har studentane tilbod om utanlandsopphald som ein integrert del av profesjonsstudiet.

 

Studentar ved profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi vert råda til å ta utvekslinga i 4. eller 8. semester.

Undervisningsmetodar

Undervisninga vil normalt bestå av førelesingar og seminarundervisning i mindre grupper i kombinasjon med tilbakemelding på skriftlege arbeider undervegs i studiet.

 

Studentar på profesjonsstudiet har obligatorisk oppmøte på seminar i ECON100, ECON110, ECON130, ECON210 og ECON230. Dei må også få godkjend to obligatoriske oppgåver for å kunne gå opp til eksamen i desse emna.

Vurderingsformer

Emna som inngår i det anbefalte studieløpet nyttar i all hovudsak avsluttande, skriftleg skuleeksamen. Fleire av valemna på masternivå nyttar heimeeksamen eller mappevurdering som vurderingsform.

Karakterskala

Emna som inngår i det anbefalte studieløpet vert karaktersett med bokstavkarakterar (A-F).

 

Relevans for arbeidsliv

Ei utdanning i samfunnsøkonomi gir god utteljing på arbeidsmarknaden. Samfunnsøkonomar arbeider ofte med analyse- og utgreiingsoppgåver. Nokon arbeider med forsking og undervisning, eller dei vert journalistar, valutahandlarar eller deltek i formueforvaltning i finansinstitusjonar. Utdanninga gir eit godt grunnlag for å gå inn i leiande stillingar i næringslivet eller i offentleg forvaltning. Vidare har samfunnsøkonomar óg vist seg å vere attraktive i jobbar innan internasjonale organisasjonar - det vere seg utviklingshjelp eller i utanrikstenesta. Innan privat næringsliv arbeider samfunnsøkonomar i bankar og andre finansinstitusjonar, i dei største industriverksemdene, oljeselskapa og i konsulentfirma. I staten er det særleg mange samfunnsøkonomar i departementa (der dei ofte arbeider i nær kontakt med den politiske leiinga), i Noregs Bank, Statistisk sentralbyrå og ved universitet og høgskular.

Evaluering

Alle studieprogram og emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Programansvarleg

E-post: post@econ.uib.no

 

Administrativt ansvarleg

Institutt for økonomi

E-post: post@econ.uib.no

Telefon: 55 58 92 00

Mål og innhald

Samfunnsøkonomi dreiar seg om korleis me brukar ressursane våre - anten det gjeld naturressursar, arbeidskraft eller produksjonsutstyr. Me undersøkjer korleis økonomien eigentlig fungerer, både vår heimlege blandingsøkonomi, dei økonomiske tilhøva i andre land, og verdsøkonomien. Me analyserer også utsiktene for å kunna auka verdiskapinga og fordela resultatet på ein meir rettferdig måte.

Samfunnsøkonomien tek opp problemstillingar som strekkjer seg frå samanhengen mellom arbeidsløyse og inflasjon til spørsmålet om kva som er rett billettpris på bussen. Dette er vanskelege og til dels uoversiktlege problemstillingar som ikkje alltid har klare svar. I faget arbeider me med metodar som er eigna til å analysera slike problemstillingar og løysa dei så langt det lèt seg gjera. Gjennom studiet i samfunnsøkonomi lærer du om slike metodar. Du lærer å strukturera problemstillingar for å finna ut kva som er viktig og kva som ikkje er det. Derfor er samfunnsøkonomar ettertrakta arbeidskraft til mange ulike stillingar - i privat næringsliv, offentleg verksemd og internasjonale organisasjonar.

STUDIEKRAV

Ekstrakrav for emna ECON 100, 110, 130, 210 og 230:

Obligatoriske seminar (5 av 7).

To obligatoriske oppgåver som må vere bestått for at studenten skal kunne gå opp til eksamen.

Krav til forkunnskapar

For å kunna søkja opptak til profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi, må du ha allmenn studiekompetanse. Undervisningen bygger på 2MX.

Tilrådde forkunnskaper

Vi tilrår at du har matematikkbakgrunn tilsvarande 2MX/2MY.

Innføringsemne

Profesjonsstudiet startar i haustsemesteret med ex. phil., innføring i samfunnsøkonomi (ECON100) og grunnkurs i matematikk (MAT101). Om våren held du fram med innføringsemne i mikroøkonomi og makroøkonomi, og seinare byggjer du på med spesialiseringsemne i økonomi og statistikk.

Fageining og spesialisering

Profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi er eit integrert masterprogram. Eit integrert masterprogram gir direkte opptak til eit femårig studium (300 studiepoeng). Fullført program fører fram til mastergrad. Profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi gjer ei sterkare spesialisering i økonomiske fag med meir vekt på metode (matematikk og statistikk) enn det alternative bachelor- og masterprogrammet i samfunnsøkonomi. I profesjonsstudiet følgjer du eit tilrettelagt studieprogram med felles innførings- og spesialiseringsemne.

Dei obligatoriske emna sørgjer for at alle får den naudsynte grunnopplæringa i mikroøkonomi, makroøkonomi og metode (matematikk, statistikk og økonometri).

Krav om rekkefølgje - emne

I det andre og tredje semesteret tek du dei obligatoriske emna ECON 110, ECON 130, ECON 141, ECON 210, ECON 230 og ECON 240.

Det fjerde semesteret har du tre valfrie emne.

I det femte semesteret har du utvikla nok kompetanse slik at du tek to emne på masternivå, ECON 310 og ECON 340 i tillegg til eit valfritt emne.

Eit sentralt element i spesialiseringa i faget er planlegging og gjennomføring av ei bacheloroppgåve, ECON 290. Denne skriv du i sjette semester. Du vel sjølv tema for oppgåva, og du vil få rettleiing undervegs i arbeidet. For å ta ECON 290 er det krav om først å ha avlagt alle dei obligatoriske emna som går i andre og tredje semester. I dette semesteret skal du òg ta to valfrie emne.

I det fjerde, femte og sjette semesteret har du til saman 60 studiepoeng med valfrie fag. 30 av desse må vera ECON-emne. Her kan du for tida velja mellom mange ulike tema (nokre av emna går uregelmessig):

" ECON 115 - Utviklingsøkonomi

" ECON 160 - Bedriftsstrategi og konkurransepolitikk

" ECON 162 - Organisasjons- og ledelsesøkonomi

" ECON 218 - Næringsstruktur og internasjonal handel

" ECON 220 - Velferdsstatens økonomi

" ECON 225 - Politisk økonomi

" ECON 231 - Internasjonal makroøkonomi

" ECON 261 - Investering og finansieringsteori

Dei 30 siste av dei valfrie studiepoenga kan veljast frå andre fag. Du vel emnekombinasjonar blant dei tilboda som til einkvar tid vert gitt, og/eller som er godkjende som likeverdige. Du kan til dømes ta inn språkemne, naturvitskaplege emne, studium frå utanlandske universitet, eller andre fag ved SV-fakultetet. Du kan også ta inn inntil eitt års utdanning frå tidlegare studium, så lenge det ikkje overlappar med emna i studieplanen din.

I sjuande semester i det 4. studieåret tek du tre valfrie ECON-emne på 300-nivå.

Det åttande semesteret består av ECON 330 og ECON 341 i tillegg til eit valfritt ECON-emne på 300-nivå.

Totalt skal du ha minimum 80 studiepoeng med emne på 300-nivå i tillegg til masteroppgåva ECON 390.

Når det kjem til dei fire valfrie emna på 300-nivå kan du for tida velje mellom mange ulike tema (nokre av emna går uregelmessig):

" ECON 315 Utviklingsøkonomi II

" ECON 316 Environmental and resource economics

" ECON 321 Helseøkonomi

" ECON 326 Forsikringsøkonomi

" ECON 327 Spillteori

" ECON 331 Valutakursteori

" ECON 341 Økonometri II

" ECON 360 Strategisk bedriftsadferd og markedsmakt

" ECON 361 Investering og finansiering II

" ECON 365 Konkurransepolitikk

Det femte og siste året skriv du masteroppgåva som er eit sjølvstendig vitskapeleg arbeid med rettleiing. Masteroppgåva vert avslutta med ein munnleg eksamen.

Yrkesvegar

Ei utdanning i samfunnsøkonomi gir god utteljing på arbeidsmarknaden. Samfunnsøkonomar arbeider ofte med analyse- og utgreiingsoppgåver. Andre arbeider med forsking og undervisning, eller dei vert journalistar, valutahandlarar eller deltek i formueforvaltning i finansinstitusjonar. Mange går etter kvart inn i leiande stillingar ? i næringslivet eller i offentleg forvaltning. Ein del arbeider utenlands, særleg i internasjonale organisasjonar, i utviklingshjelp og i utanrikstenesta.

Innan privat næringsliv arbeider mange i bankar og andre finansinstitusjonar, i dei største industriverksemdene, oljeselskapa og i konsulentfirma. I staten er det særleg mange samfunnsøkonomar i departementa (der dei ofte arbeider i nær kontakt med den politiske leiinga), i Noregs Bank, Statistisk sentralbyrå og ved universitet og høgskular.

Oppstart

Haust

Fristen for å søkja er 15. april.

Du søkjer gjennom Samordna Opptak (SO). Søknadsskjema og annan informasjon finn du i nettversjon: http://www.samordnaopptak.no/

Programansvarleg

E-post: post@econ.uib.no

Administrativt ansvarleg

E-post: post@econ.uib.no

Telefon: 55 58 92 00