Årsstudiet i administrasjon og organisasjonsvitskap er eit eittårig studium som omfattar 60 studiepoeng fordelt på to semester.
Administrasjon og organisasjonsvitskap er eit spesialisert statsvitskapleg fag. Det er eit samanliknande studie av politikk, forvaltning og organisasjon. Fokus vert retta særleg på utforminga og iverksettinga av offentleg politikk, korleis innhaldet og organiseringa av denne politikken vert til, og kva slags konsekvensar dette har for verdifordelinga i samfunnet. Demokratiteoriar og teoriar om organisasjonar, forvaltning og offentleg politikk utgjer sentrale referanserammer for faget. I forhold til andre samfunnsvitskaplege fag er vi meir opptatt av samfunnet sin politiske organisering og styringsformer. Viktige tema er deira normative grunnlag, korleis dei vert utvikla og endra, og kva slags konsekvensar dette har.
Årsstudiet skal gi grunnleggjande forståing for sentrale tema innanfor statsvitskapen og lede fram til undervisningskompetanse i samfunnsfag i det offentlege skuleverket
Årsstudium med spesialiseringsemne:
1. semester
2. semester
Årsstudium med innføringsemne og Ex.phil (anbefales studenter uten tidligere studieerfaring):
1. semester
2. semester
Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap
Studieveileder@aorg.uib.no / 55 58 21 75/78
Karakterar ved Universitetet i Bergen vert gitt på ein av to måtar; anten
Bokstavkarakterar er det mest utbreidde.
Eit årsstudium kan inngå i ein bachelorgrad som eitt av tre år i denne. Det tilrådde årsstudiet i administrasjon og organisasjonsvitskap kan i sin heilskap inngå som eitt år av spesialiseringa i administrasjon og organisasjonsvitskap innan eit bachelorprogram med spesialisering i administrasjon og organisasjonsvitskap. Det vil vere muligheit til å søkje om intern overgang frå årsstudiet til bachelorprogrammet.
Årsstudiet er ikkje i seg sjølve eit grads- eller vitnemålsgivande studium. Årsstudiet er ei kortare utdanning som kan brukast til å komplettere tidlegare utdanning anten ved å spisse denne eller ved å gi ei større bredde. Årsstudiet er satt saman mellom anna for å gi ytterlegare undervisningskompetanse for tilsetting i skuleverket.
Evaluering av årsstudiet er regulert gjennom generelle kvalitetssikringsrutinar. Emna som inngår i studiet vert evaluert av studentar og faglærarar jamleg.