Studieprogram: ÅRSV-INFO Årsstudium i informasjonsvitenskap - Vår 2021




Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Informasjonsvitskap er studiet av informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) i forhold til individ, grupper, organisasjonar og samfunn. Gjennom studiet i informasjonsvitskap utviklar du evner til samarbeid og kritisk tenking, og kreativitet er noko som er sentralt i arbeidet med å lage dei beste løysningane for brukarane. Du lærer korleis behandling av kunnskap, informasjon og data kan bli, bør bli og faktisk blir støtta av informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT). IKT kan for eksempel vere informasjonssystem, program, databasar, datamaskinar, datanettverk og internett. Desse kunnskapane vert nytta til aktiv problemløysing og produktutvikling.

Eit årsstudium gir ikkje noko form for vitnemål/gradsbevis, men ei karakterutskrift over avlagde eksamenar.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Rekkefølgje for emne i studiet

Årsstudium med spesialiseringsemne

For deg som har studert før

1. semester

2. semester

 

Årsstudium med innføringsemne og ex.phil

Anbefales studenter uten tidligere studieerfaring

1. semester

2. semester

Delstudium i utlandet

Årsstudium åpner ikke for muligheter til å ta deler av studiet i utlandet.

Relevans for arbeidsliv

Årsstudiet gir ei grunnleggjande innføring i fagets kjerneområde som er informasjonssystem, datahandtering og programutvikling. Fullført årsstudium kan byggjast ut og inngå i ein bachelorgrad i informasjonsvitskap, som igjen gir grunnlag for å søkje opptak til masterstudiet i informasjonsvitskap. Årsstudiet kan også vere eit supplement til andre studium.

Årsstudiet i informasjonsvitskap gir grunnlag for opptak til PPU ved UiB.

Mål og innhald

Informasjonsvitskap er studiet av informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) i forhold til individ, grupper, organisasjonar og samfunn. Faget fokuserer på forholdet mellom teknologien og menneske som skaper og brukar kunnskapen og informasjonen. Informasjonsvitskap studerer dermed korleis handsaming av kunnskap, informasjon og data kan bli, bør bli og faktisk blir støtta av IKT, der IKT kan vere informasjonssystem, program, databasar, datamaskiner, datanettverk eller Internettet. Sentrale oppgåver i informasjonsvitskap er å utvikle teoriar, modellar, metodar, teknikkar og verktøy.

Eit årsstudium gir ikkje noka form for vitnemål/gradsbevis, men ei karakterutskrift over avlagde eksamenar.

Krav til forkunnskapar

Det vert ikkje stilt formelle krav til forkunnskapar utover generell studiekompetanse.

Talet på studieplassar ved programmet er avgrensa. Opptak følgjer vanlege reglar, jf. Samordna opptak.

Oppbygging av studiet

Eit årsstudium i informasjonsvitskap består av 60 studiepoeng. Studiet har oppstart kvart haustsemester og går over to semester. I haustsemesteret er det to variantar, ein for studentar som har examen philosophicum, og ein for dei som ikkje har det, mens vårsemesteret er felles for begge variantane.

ALTERNATIV 1:

1.semester:

- EXPHIL

- INFO100

- INFO122

2. semester

-INFO111

-INFO102

-INFO132

ALTERNATIV 2:

1.semester:

-INFO121

-INFO161

2. semester

-INFO111

-INFO102

-INFO132

sjå studentportal.uib.no/studietilbod/sv for meir informasjon om dei ulike emna.

Yrkesvegar

Årsstudiet gir ei grunnleggjande innføring i fagets kjerneområde som er systemutvikling, datahandtering og programutvikling. Fullført årsstudium kan byggjast ut og inngå i ein bachelorgrad i informasjonsvitskap, som igjen gir grunnlag for å søkje opptak til masterstudiet i informasjonsvitskap. Årsstudiet kan også vere eit supplement til andre studium.